FJØRA HANDBALLKLUBB
 

Siger og tap
[Publisert: 11. mars 2010]

Det var lagt opp til ei skikkeleg handballhelg i Leikanger si nye storstove, ”Saften”, på sundag. Men festen vart noko redusert då eitt av laga ikkje møtte. For Fjøra sin del så vart det resultatmessig ein god sundag.


Les meir

Storsiger mot "jølajentene"
[Publisert: 18. februar 2010]

Det vart ein flott kamp i Idrettshallen i Sogndal onsdagskvelden. Fjørajentene ga gass, la flatt og etter 2 x 30 minuttar effektiv handball hadde dei raude scora dubbelt så mange som dei blå frå Gløppen. Dei blå scora 15, kor mange scora Fjørajentene?

Les meir

Komande kampar for...
[Publisert: 06. februar 2010]

Etter litt fram og tilbake fann me i fjora.no korleis seriesystemet for handballjentene hang saman. For å seie det folkeleg, den algoritmen som beskriv seriesystemet er ikkje oppfunnen endå. Dette kan Fjøra sin algoritmeguru, Jan Rune Årøy, stadfesta.

Les meir
Tap for handballjentene
[Publisert: 29. januar 2010]

Det vart tap for hanballjentene mot Bjørn i den siste kampen i den ordinære 4. divisjonen. No ventar eit slags mellomspel der lag frå avdeling 2 og 3 der det skal bestemmast kven som får fortsatt får spele i 4. divisjon og kven som lyt ta turen ned i 5. divisjon.

Les meir
Ikkje siste kamp for sesong...
[Publisert: 26. januar 2010]

I morgon kveld er det duka for det som kan bli handballjentene sin siste kamp for sesongen. Då er nemleg Fjøra vertar for Bjørn og ramma for kampen er klar. Med 6 målssiger passerer Fjøra den gamle hanballstorheiten frå Luster.

Les meir
Kvallik i det fjerne?
[Publisert: 21. januar 2010]

Fjørajentene tok turen ut til Blixhalli i Vik for å kjempa om nye poeng. Etter den mindre vellukka kampen mot ÅTIL måndagskvelden, så røyste jentene seg og vann bortekampen mot Vik i går kveld. Og no ser dei moglegheiten til kvallikspel. 

Les meir
Fakertn spredla, kem slo ao...
[Publisert: 19. januar 2010]

Kampane til håndballjentene kjem like tett som vindråsene ute på Fimreite, og i jaftes var det kamp mot topplaget ÅTIL. Det gjekk åt skogen for å nytta eit kjent uttrykk. ÅTIL-jentene viste langt betre vilje og spel og vann til slutt komfortabelt i Idrettshallen i Sogndal. 

Les meir
Rysare i nesten 3 aktar
[Publisert: 15. januar 2010]

Akkurat som venta, lokaloppgjeret mellom Fjøra og Syril vart jamnt og tett. Særs jamt vil me påstå. Fjørajentene hadde føringa store delar av kampen, men systrondsjentene kom øye på slutten og avslutninga på kampen var på nivå med ein god gamaldags rysar-detekttime med Helmer og Sigurdsson, eventuelt Derreck. 

Les meir

Stortap i lokalderby
[Publisert: 30. november 2009]

Handballjentene var i sving på parketten inne i Idrettshallen på langopetorsdagskvelden. Fjøra var godt med ei god stund og hadde kontakt med seriefavorittane, men mot slutten var det upna landskap og kvittrøyene vann tilslutt komfortabelt.

Les meir

Handballjentene sigra mot Vik
[Publisert: 30. november 2009]

To kjappe kampar for Fjørajentene med kamp torsdag og i går. I motsetnad til torsdagens bortekamp mot Bjørn der det vart eit fortent, så viste jentene heilt andre takter mot Vik.

Les meir

Tap mot "binnene"
[Publisert: 30. november 2009]

Fjøra sitt handballag har spelt to kampar denne veka og på torsdag tok dei turen inn til Gopn for å møta Bjørn - eller Binnene som me kanskje kan kalla dei. Når me snakkar om damehandball og Bjørn så er det noko som kling godt i fylket.

Les meir

Tap og siger for Fjøra HK
[Publisert: 30. november 2009]

Handballjentene har hatt travle dagar i det siste og har spelt to kampar. Det enda med eit tap og ein siger mot høvesvis Bjørn og Vik.

Les meir

Flott ramme, men stortap...
[Publisert: 5. november 2009]

Fjørajentene spelte sin tredje seriekamp for sesongen og det enda med eit forventa tap mot storfavorittane til å vinna heila sulamitten. Sjølv om Sogndal vann kampen heilt fortent, så vart dette ei svært flott oppleving for dei mange som tok turen opp i Idrettshallen.

Les meir

Fjøra - Sogndal, ein rakka...
[Publisert: 3. november 2009]

I morgon er det klart for handballjentene sin første heimekamp og det er etter det me kjenner til eit historisk sus over kampen. Aldri før (trur me då) har to damelag frå Sogndal kommene møttest til kamp før. Det ligg ann til ein rakkarøkkare av eit lokaloppgjer. Det er David mot …eh, eg meiner Brynhild mot Gudrun, eller Fjøra mot Sogndal om ein vil.

Les meir

Fjørajentene rauk mot slutten
[Publisert: 18. oktober 2009]

Tom Wolff Navarsete er attende frå Cuba, tilsynelatande like heil som då han reiste. Han oppsummerer kampen på følgjande måte: Denne kampen kan delast opp i tre bolkar. Først jamnt, så hadde Fjøra brukbar kontroll, men avslutninga var alldeles katastrofe. Fjøra tapte 24-28 for ÅTIL-jentene.

Les meir

Ny kamp for handballjentene søndag
[Publisert: 16. oktober 2009]

Dao er da klart for prematch, kamp numero to for handballdamene som skal til Årdal med godt håp om ta med seg to pooeng heimatte øve fjorden. Me har fått tilsendt noki betraktingar om kampen.

Les meir

To pinnar til Fjørao!!
[Publisert: 4. oktober 2009]

Fjøra HK viste stor innstats og mordal då dei vann kveldens lokalderby mot Syril med knapp margin. Fjøra HK vann til slutt 16-14 etter ein solid sluttspurt framføre ein aldeles smekkfull idrettshall. Dermed fekk jentene ein optimal start på årets serie.

Les meir

Resultatservice: Syril - Fjøra HK
[Publisert: 4. oktober 2009]

Me kjem til å prøva oss med ei form for resultaservice frå Fjøra sin første handballkamp. Vår mann i "Saften" vert Tom Wolff Navarsete. Kampstart kl 15:00.

Les meir

Let's get ready to rumble
[Publisert: 2. oktober 2009]

Desse orda har Michael Buffer gjort berømte dei siste 20 åra, han har faktisk teke patent på denne setninga. Og la oss no håpa at handballjentene våre er ready to rumble :-), ja rett og slett viser patent spel når dei på søndag møter Syril i seriepremieren. Det er på mange måtar handballens 'old firm' når desse møter kvarandre i den nye storstova på Leikanger.

Les meir

Første treningskamp for handballjentene
[Publisert: 11. september 2009]

I går kveld spelte det nyoppstarta handballaget til Fjøra årets første treningskamp. Det var mot Sogndal sitt handballag og kampen viste at jentene har ein del å jobba med fram mot seriestart. Men det var også ein del positivt å sjå noko som lovar godt framover. Det er potensiale i dette laget.

Les meir

Bilde frå første handballtrening
[Publisert: 25. august 2009]

Øystein Veum har sendt fjora.no eit knippe bilde frå den første treninga til Fjøra handballklubb. Men me trur det er Tom Wolff Navarsete som har teke dei. Desse bilda deler me med våre lesarar. Bilde seier meir enn 1000 ord sjølv om det er litt ymse kvalitet på bilda.

Les meir

Foto: Endre Romøren, Sogn Avis

Damedn er i gang
[Publisert: 25. august 2009]

Damedn er i gang. Den første historiske hanballtreninga i klubben si soge vart sjølvsagt følgt av Tom Wolff Navarsete, som ein gong prøvde seg sjølv på handballbana. Men det vart mykje dubbelstuss og froskeskot midt oppe på veggen…

Les meir
Holen Installasjon AS
 

Nordbohus

 

Fredheim Maskin & Betong

 

Sogndal Lær- & Skotøyforretning

 

Sparebanken Sogn og fjordane

 

Sogne-Prent AS

 

Brødrene Sætre Byggefirma

 

Byggsenteret Audun Hundere

 

Intersport Sogndal

 

Meny

 

Andersen & Hofsludsengen Bygg A/S

 
 

 


Pryd og Brukskunst
 

 

 
ThuNor