DAMEDN ER I GANG 
 
 
Damedn er i gang. Den første historiske hanballtreninga i klubben si soge vart sjølvsagt følgt av Tom Wolff Navarsete, som ein gong prøvde seg sjølv på handballbana. Men det vart mykje dubbelstuss og froskeskot midt oppe på veggen… For øvrig gav han seg etter å ha fått seg eit underarmsskot frå tremenningen Bengt Bergheim, kadung i kåddadn, med påfølgjande stabilt sideleie i 60 smertefulle minuttar.
 
Publisert: 25. august 2009 | Tekst: Tom Wolff Navarsete | Foto: Endre Romøren, Sogn Avis

Første trening for handballjentene vart gjennomført måndagskvelden klokka 20:00 inne i Idrettshallen. Oppmøtet var godt, om lag 15 frutimmar hadde funne vegen, i tillegg til ei som var der for å sjå på. Det må ha vore eit godt nivå for etter at underteikna hadde vore inne på Fjesbokji hennar seinare på kvelden, kan eg med hondi på hjarta seie at ho vert med ho og. So dao trur eg at me seie at treninga talde 16 stykk damer.

På eit informasjonsmøte i forrige veke møtte det om lag 25 stykk som kunne tenkja seg å vera med, så det ser godt forspent ut på spelarsida, og det er jo kjempekjekt med god oppslutnad når det først vert lagt ned tid og krefter i eit slikt opplegg. Dette er det all grunn til å vera nøgde med.

Måndagstreninga vart leia av Rita Orrestad som i år vil fungere som ein av to trenarar for laget. Den andre trenarhalvdelen, Laila Aardal, var oppteken med jobb. Det skal bli spennande å sjå denne trenarduoen på benken i kampsituasjon. Viss ikkje underteikna hugsar heilt feil attende i dei hine hårde dagar, så var Rita Orrestad kjent som ein skikkeleg hissigpropp pao bana der det av og til kom det ut eit og anna utagerande adjektiv. Ho har i allefall meir enn ei traudt kort på samvitet, og det kan bli ein attraksjon å følgja frå benken utover i sesongen.

Men det er likevel ute på bana det skal gjerast og damedn kjem til å trena to gonger i veka, mandagar og onsdagar. Ei av spelarane sa at desse treningane garantert ikkje ville bli lukka for motstandarar, presse og eventuelle talentspeidarar. Den einaste gongen det kan vera aktuelt må vera før kampane mot Systrond idrottslag, som alt no er utpeika som erkerival og det laget dei har mest lyst til å slå. Det er med andre ord duka for skikkeleg lokalderby.

Me kan og nemna at jentene hadde invistert i nye flotte marineblå ballar, og det var nesten so eg vart reint missunneleg. Moglegeins eg kjem til å fremja ei styresak i fotballklubben om det også der bør gå til innkjøp av blå fotballar. Like fint som det er genialt kjem sikkert kommentaren til Einar Kvam å vere om den saken. Etter mitt syn er gule fotballar ut, det er blått som er inn.

Handballjentene kjem til å spela i raude drakter, raud shorts og kvite sokkar med raud kant (detaljane er viktige å få med seg). Litt ulikt klesdrakta til gutta-boys, men det ekkje so nøye. Det viktigaste er at draktene er meget fine.

Me kjem til å koma attende med fleire reportasjar om handballaget utover og spesielt når sesongen startar. Me skal også presentera spelarane med bilde og anna informasjon.

Det vart teke bilde frå den første organiserte treninga og me kjem attende med ein bildereportasje når me får dei oversendt. Alt stoff om handballaget vert etterkvart samla i hovudmenypunktet Fjøra Handballklubb til venstre.