| |
 |
|
|
FJØRA HK |
|
|
|
|
|
|
|
0 |
Marit Norheim |
|
|
|
0 |
Hilde Nes |
|
|
|
1 |
Signe Marit Hansen |
|
|
|
0 |
Camilla Feigum |
|
|
|
0 |
Linda Brusegard |
|
|
|
0 |
Hilde Instefjord |
|
|
|
0 |
Hilde Vadheim |
|
|
|
2 |
Veronika Røysum |
|
|
|
1 |
Anja Thune |
|
|
|
4 |
Lise Lotte Tveit |
|
|
|
1 |
Hilde Nilsen |
|
|
|
0 |
Stine Navarsete |
|
|
|
4 |
Rita Orrestad |
|
|
|
2 |
Siv Merete Hov |
|
| |
|
|
| |
KAMPFAKTA |
|
| |
|
|
|
|
SIL - Fjøra 31-15 |
|
|
|
|
Domar:
Torstein Egil Kvam,
IL Jotun |
|
|
|
|
Tilskodarar:
Ukjent |
|
|
|
|
|
|
 |
|
| |
|
Handballjentene var i
sving på parketten inne i Idrettshallen på langopetorsdagskvelden. Fjøra var
godt med ei god stund og hadde kontakt med seriefavorittane, men mot slutten var
det upna landskap og kvittrøyene vann tilslutt komfortabelt.
|
Tekst: Tom
Wolff Navarsete | Foto: Arkiv |
Fjøra
HK heldt godt følgje mot storfavoritten Sogndal i denne kampen, sjølv om
det altså vart stortap. Jentene kledd i raudt (raudnissejentene), var på
veg opp i ryggen på kvitnissejentene etter ein god start på andre
omgang. Men utover kampen ebba kreftene litt ut, og det vart tilslutt
eit 31-15 tap.
Kampen starta ikkje so bra for Fjørajentene. Dei kom bakpå med 5 mål med
ein gang og det gjekk faktisk 11 minutt før sekreteriatet kunne notera
ned den første scoringa deira. Men resten av omgangen spelte dei jamnt
med Sogndal sine beste og spesielt var keeper Marit Norheim høgt og lågt
i denne omgangen, og hadde minst 10 kvalifiserte redningar. Fjøra var
faktisk litt uheldige som ikkje var nærare enn 14 - 7 til pause. Minst 5
avslutningar (viss eg talte rett, og det gjer eg alltid!!!) gjekk i
treverket.
Fjøra fekk ein flott start på andre omgangen. Dei tok tak og tok innpå
til 15 – 10 og jentene hadde jamvel ein stor sjanse til ytterlegare å
redusere til 15-11. Istaden så rusha Sogndal og sette inn 16 -10. Etter
dette gjekk diverre Sogndal sakte men sikkert frå, anført av toppscorar
Hopstock Torgersen som sette inn 8 mål.
I denne kampen fekk Fjøra aldri tak på venstrevingen til Sogndal, som
var kampens store spelar. Slutten av kampen vart prega av at Sogndal var
betre trena enn Fjøra, og at dei har trent meir på angrepsspel.
Pasningane og rørslene sat som fersk hundadrit i kram snø og då er det
som kjent ikkje lett å få tak på det. Dermed vart Fjørene springande
meir og meir imellom, og det måtte gå som det gjekk.
Og når ein først vert springande imødlo, eller etter som eigentleg er
rett terminologi, so vert det ofte til at ein dreg på seg ofsleg med
minuttar i ”fryseboksen”. Akkurat det visste Sogndalsjentene å utnytte.
Men ein ting kan dei aldri ta frå Fjørajentene, og det er humøret. Der
er dei best!!!!!. Flott å sjå og flott å ta med seg vidare inn i dei
neste kampane. Ingen var ingen sure miner (berre føter fulle i
2-hydroxypropansyre) sjølv om dei tapte stort. For jentene er det gleden
og det å ha det moro saman med handballen som er det viktige.
Kampen vart leia av Torstein Egil Kvam som var i knallgodt humør han
også. Spøkte å lo med alle spelarane, til og med publikum. Slik skal det
vera.
|