UNGKAR OG SPELEMANNSLAGET, ELLER?
 
 
Kva vil du bruka grasrotandelen din til då, Anders? - Spelemannslaget. Ungkar og spelemannslaget. Du har sikkert sett reklamen på TV2. Slettest ikkje noko dårleg val av Anders det der. Men me veit om eit betre eit. Fjøra FK. Meir grasrot enn Fjøra finn ein ikkje.
 
Publisert: 23. mars 2009 | Tekst: Jan Fuglesteg | Foto: Rebusgåte som me har mekka sjæl

Frå og med 1. mars 2009 tredde ei ny ordning initiert av Norsk Tipping i kraft, nemleg Grasrotandelen. Den går ut på at kvar spelar som nyttar spelekort hjå NT kan bestemme kven han eller ho ynskjer å gi 5% av speleinnsatsen sin til. Døme: Dersom Birdstep klinkar til med ein høvding på eit singelspel med Fjøra, og han har registrert Fjøra som mottakar for sin Grasrotandel så mottek Fjøra 50 kroner. No har ikkje Birdstep visstnok lov til å spela på eigne kampar, men prinsippet er det same. Dette gjeld alle NT sine spel, unnateke Flax og Extra.

Korleis gjer du det?
Gå til ein kommisjonær og sei at du ynskjer å gi din grasrotandel til Fjøra FK så skal kommisjonæren greie å finne ut av det. Vil du vera på den sikre sida så kan du jo notere ned organisasjonsnummeret til Fjøra på ein lapp og stolt lese opp for kommisjonæren. Fjøra sitt organisasjonsnummer er 971 363 398.

Vanskeleg? Nehh! Kva med rebusen då? Den er hun sutle meg ikkje enkel å løysa.