FJØRA - SOGNDAL, EIN RAKKARØKKARE I EMNING?
 
 
I morgon er det klart for handballjentene sin første heimekamp og det er etter det me kjenner til eit historisk sus over kampen. Aldri før (trur me då) har to damelag frå Sogndal kommene møttest til kamp før. Det ligg ann til ein rakkarøkkare av eit lokaloppgjer. Det er David mot …eh, eg meiner Brynhild mot Gudrun, eller Fjøra mot Sogndal om ein vil.
 
Publisert: 3. november 2009 | Tekst: Tom Wolff Navarsete | Foto: Tom Wolff Navarsete

Då eg var på trening i går, so var da faktisk ikkje sjølve kampen dei tenkte mest på, men alt det rundt som måtte fungera og ordnast. Men eg er viss på at når kampen startar so er jentene 110% fokusert på det som skal skje på bana. Berre dei ikkje vert overfokusert.

Sogndal skal vera eit betre lag enn Fjøra. Dei trenar meir, har spelt lenger i lag, og målet for i år er å rykkja direkte opp. Men so var det dette med teori og praksis då. Det minner meg om ein sann historie frå ganske mange år attende. Eleven som gjekk elektrolinja (svakstraum) på yrkesskulen røyste seg opp for å forlata klasserommet midt i timen der læraren spurte kva han skulle. ”Ut for å leiggja kabel”, svara eleven. ”Det går ikkje”, svara læraren. ”Me har teoritime no”. Ganske god den der.

Presumtivt betre lag taper heile tiden dei. Og det kan og fort skje i måro. Men då må Fjørajentene vera betre enn Sogndal på tæl, vilje og innsats. Og det er ingen umoglegheit. Dei veit at kampen blir tøff, meget tøff, og då er det berre å setja skapet på plass med ein gang. Noko underteikna ikkje har opplevd enno når det gjeld jenter og plassering av skap i hus og heim. Det vert som regel ikkje rett etter første forsøk. I staden er det ofte underteikna som bestemt vert sett på plass når ein kjem med konstruktive forslag til plassering. Den tenkjer eg sat godt i sikringsboksen.

Fjøra må spela knallhardt i forsvar, vera tolmodige i angrep, unngå unødvendige utvisningar, og halda konsentrasjonen i samfulle 60 effektive speleminuttar. Det er utfordringen til Fjøra i måro samt å setta skåpet på plass :-).

Og klarar dei det, so er poeng og siger i denne kampen ingen umoglegheit. Som alle kampar startar denne og på 0-0, og slepper ein ikkje inn mål, ja då vert det poeng. Sogndal har kanskje eit psykologisk overtak i og med at dei slo Fjøra 30-12 i ein treningskamp to veker før sesongen starta. Men det var då, dette er no.

Og me trur Sogndal kan vera litt nervøse. Det er fyrste heimekampen til Fjørene. Og uansett idrett, so er alltid første heimekampen til eit lag alltid jevn. "Ver klar over det", som Johan Kaggestad ville ha sagt det. Me håpar og trur at jentene kan spela jevnt med favorittane i måro, og trui på ein pinne eller to blant jentene er og i høgste grad levande.

Laget i måro er som følgjer: Hilde Nes, Marit Norheim, Linda Brusegard, Hege Sæthre, Hilde Instefjord, Mona Øvereng, Camilla Feigum, Rita Orrestad, Lise Lotte Tvedt, Siv Jeanette Lerum, Anja Thune, Anita Foss, Siv Merete Hov og Linda Moen.

Ikkje det at underteikna er noken lokal-historikar (men det er ikkje langt unna), men eg trur at dette må vera første lokaloppgjeret i handball innafor kommunegrensene.

Og når eg sist sjekka Facebook-gruppa for kampen, var det over 100 som hadde sagt at dei skulle på denne historiske kampen. Og då har eg ikkje teke med alt av foreldre, ungar, besteforeldre og ikkje facebook-brukarar som skal sjå dette dramaet. Dies ist über alle Erwartungen hinaus.

So då er det berre å møta tidleg opp, for plassen i Idrettshallen er som me veit minimalistisk kritisk.

Kampen startar kl 19:45 domarlokal tid.

Veirur derur, eller veirur særur!!