HANDBALLJENTENE SIGRA MOT VIK
 
 
 
 

FJØRA HK

 
     
  0

Marit Norheim

 
  3

Hilde Johnsen

 
  4

Anja Thune

 
  8

Lise Lotte Tvedt

 
  0

May Tove Lyngset

 
  0

Signe Marit Hansen

 
  0

Hilde K. Vadheim

 
  3

Siv Merete Hov

 
  1

Linda Moen

 
  5

Linda Brusegard

 
  0

Hege Sæthre

 
  0

Anja Irene Hilleren

 
  0

Stine Navarsete

 
  0

Camilla Feigum

 
 

 

 
 

KAMPFAKTA

 
 
   

Fjøra - Vik 24-23

   

Domar: Hugo Arvid H. Hellesen, Florø SK og Torstein Egil Kvam,
 IL Jotun

   

Tilskodarar: Ukjent

   
 

 

   

To kjappe kampar for Fjørajentene med kamp torsdag og i går. I motsetnad til torsdagens bortekamp mot Bjørn der det vart eit fortent, så viste jentene heilt andre takter mot Vik.

Tekst: Tom Wolff Navarsete | Foto: Arkiv

Innsatsen i kampen mot Vik var av ein heit anna kaliber enn mot Bjørn. Me kan vel seie at det meir var raufis mot Bjørn medan det i kampen mot Vik var snakk om dum-dum kule.

Fjørajentene sette standarden og tempoet frå start og gjekk tidleg opp i ei 3-4 målsleiing som stort sett heldt seg gjennom heile kampen. Det butta litt imot på slutten av kampen, men jentene drog det heile i land med knappast mogleg margin. Kampen enda til slutt med 24 -23.

Fjøra hadde full kontroll i 55 minuttar, men mot slutten pådrog jentene seg ein del utvisningar, noko som gjorde at Vik kom innatt i kampen. Mot slutten vart det unødvendig spennande, men heldigvis heldt det heilt inn. Dette som følgje av godt keeperspel av Marit Norheim og besluttsamt spel i forsvar.

Dermed kunne jentene innkassere sine første poeng sidan serieopninga mot Syril. Da er berre å gratulera.