Syril - Fjøra HK    14-16  (7-7)

Leikanger idrettshall, sundag 4. oktober 2009 kl 15:00
1. serierunde

Online:
 
 

     

  Hendingar

    Kjempestart på sesongen for Fjøra HK. Dette var eit nervedrama på linje med Fjøra sin kamp i går. Laga følgte kvarandre som skuggar i store delar av kampen, før Syrul drog litt i frå etter omlag 50 spelte minuttar. Men Fjørajentene viste stor moral, nekta å gi opp og snudde kampen i sin favør. Ein betre start enn dette kunne ikkje jentene ha drøymt om. I tillegg må det ha vore aldeles knall å spela for så mykje publikum. Eit publikum som løfta både heime- og bortelaget sine spelarar og laga dermed ei skikkeleg ramme rundt kampen. Dette var søndagsunderhaldning av godt merkje. Me er lova referat i løpet av kvelden. Me takkar dei som var med på denne resultatservicen.
60   Kampen er slutt og Fjøra vann til slutt 14-16.
59   Like før slutt er stoda 14-15 til Fjøra. Fjøra har snudd denne rakkarøkkaren av ein kamp.
54   Syril har festa eit lite grep no og ledar 13-11. Det vert meldt om ei fæla heimadømming :-).
39   Stillinga er 9-9. Som de ser av stillinga er det fortsatt jamnt. Det er nesten heilt umogleg å høyra kva som vert sagt pga av lydnivået i hallen.
30   Andre omgang er i gang.
    Kampen har vore heilt jamn. 3-400 tilskodarar i hallen som lagar kjempestemning.
30   Det er pause på Leikanger og stillinga er 7-7.
15   Wolff kjem attende når det er pause.
14   Det er spelt 14-15 minuttar og stillinga er 2-2. Det er eit einormt trøkk i hallen, noko eg kunne høyra då Fjøra utlikna til 2-2 medan me var på telefon.
1   Kampen er i gang.
    Me kjem ikkje til å følgja kampen minutt for minutt, men Wolffen kjem inn etter eit kvarters tid og opplyser om stoda då.
    Det føregår litt formelle ting i Leikanger idrettshall akkurat no, slik at kampstart er litt utsett.
  Dagens domar er Torstein Egil Kvam, IL Jotun.
    Mykje folk i hallen alt, nesten fullt, kan Tom Wolff Navarsete fortelje.
    Me skal prøva oss med ei litt resultatservice frå denne historiske første handballkampen i Fjøra sin historie. Me får sjå kor mykje det vert ut av det. Dvs. om me legg ut alle målscorarane, eller om me legg ut resultatet i ny og ne. Kampstart kl 15:00.
     

Sida vert automatisk oppdatert per 60. sekund.

Hit Counter