LET'S GET READY TO RUMBLE
 
 
Desse orda har Michael Buffer gjort berømte dei siste 20 åra, han har faktisk teke patent på denne setninga. Og la oss no håpa at handballjentene våre er ready to rumble :-), ja rett og slett viser patent spel når dei på søndag møter Syril i seriepremieren. Det er på mange måtar handballens 'old firm' når desse møter kvarandre i den nye storstova på Leikanger. Me har ein fyldig prematch klar ved inngangen til helga.
 
Publisert: 2. oktober 2009 | Tekst: Tom Wolff Navarsete / Birdstep | Foto: Torbjørn Ylvisåker

Me har vore i kontakt med Syril, og dei stiller fylgjande kvinnskap til søndagens kamp:

Pia Hickman, May Sissel Ølnes, Siv Jane Tufte, Elin Christensen, Anne Brennset Gjerland, Inger Ness, Eva Nesse, Evelyn Saltnes Slinde, Runa Aaland Eggum, Marit Verlo, Kari-Anne Hamre, Sølviann Menes, Johanne Broch Hauge og Linda Kannelønning.

Det er verdt å merka seg er at dei mangla ein av støttespelarane sine, Ingvill Njøs, som på treningen onsdag var så uheldig å rive av seg achillesen (been there, done that). Vart operert torsdag, og med det går nok denne sesongen flyten. Me i Fjøra ønskjer ho god betring, og at ho snarast er tilbake på parketten.

Syril har i år 24 spelarar i stallen, og stiller med eit delvis nytt lag, eit litt yngre lag enn tidlegare. Dei har mista 6 spelarar, deriblant 4 til Fjøra, i tillegg har to spelarar lagt klisterboksen sin på hylla. Men tilgangen er upåklageleg, 7 nye er klar. Dei gler seg til serieåpningi, nye hall må vita, og dei håpar på ein jamn og spanande kamp. Det trur me det blir og. Serieopningar er alltid spesielle då det alltid er litt usikkerheit i forhold til korleis oppkøyringa har vore og korleis nivå ein har inne i forhold til motstandarane. På Syril si heimeside kan du lesa meir om kampen der det mellom anna er lagt ut presentasjonar av Syrils handballjenter. Det er verdt ein tur innom.

Spesielt blir det uansett for Syril, for på søndag er det opning av klubbens nye storstove, nemleg "Saften". Ein av spelarane på Syril meina at kampen på søndag er noko av det største som har skjedd bygdi i seinare tid (første heimekamp og første handballkamp for Fjøra). Ho om da, men me syns i alle fall det er utruleg kjekt å få vera fyrste motstandar i nye hallen. Me har sjølv vore å sett på den, og den er berre utruleg flott. Og so mykje folk det er plass til der, bør bli stuvande fullt på søndag. Syril vann berre to kampar i fjor, men dei satsar nok på fleire i år. Noke av forklaringa kan nok vera at dei "alltid" har spelt på bortebane, og har trena både i Balestrand, Sogndal og hatt treningar "ute på kunstgras". Det er nesten som ein får assosiasjonar til gamle (asfalt)handballbana bak gymnaset i Sogndal. Mimre, mimre.

Etter x antall treningar og 1 treningskamp er jentene no endeleg klar for seriestart. I løpet av treningane har laget begynt å setja seg og det er meldt om stor innsats og guts på treningane. Rett nok er jentene frå Systrond tøffe, men ikkje så tøffe som i Fjøra. På Fjøratreningane er det innsats og guts på nivå med det Noomi Rapace viser på kinolerretet i desse dagar. Det lovar godt og jentene er skjønt enige om at siger mot Syril er eit must :-). Det er alltid godt å starta sesongen med ein siger, da kan me gutadn skriva under på i alle fall. Der i gården er det faktisk godt berre me kan få ein siger :):).

Fjøra stiller fylgjande lag i helgi: Marit Norheim, Hilde Nes, Camilla Feigum, Hilde Instefjord, Hilde K. Vadheim, Veronika Røysum, Siv Merete Hov, Anja Thune, Signe Marit Hansen, Lise Lotte Tvedt, Hilde Johnsen, May Tove Lyngset, Siv Jeanette Tennefoss Lerum, Hege Sæthre. Einaste skada spelar er Vivian Hilleren, som har knekt fingeren. Me tek høgde for her at ikkje noken blir sjuke eller skada i laupet av helgi, men skulle det skje, so har me meir enn gode nok erstattarar.

Einaste aberet er at me i fyrste seriekampen ikkje har trenarane på plass. Laila Aardal er oppteken med barnedåp, mens Rita Orrestad er med husbonden på ein ubetydeleg kamp i Manchester. Eit tips til deg, Rita: Ein prioriterer aldri United, ever!!! Laget vil dermed bli leia frå sidelina av Hilde Ellingsen.

Me skal i løpet av helga, og forhåpenlegvis før kampstart på sundag få presentert jentene på Fjøra HK. Bilda er komne i hus og me har stort sett fått informasjon om stort sett alle jentene.

Så då er det berre å ta turen ut på Leikanger kl 15:00 på søndag. Ver ute i god tid, det kan bli mykje folk, sannsynlegvis smikkfullt. Me i Fjøra-familien har i hvert fall teinkt å moblisera, og møter opp i hopetall. Deriblant Tor Henning Mardal. Han har nytta heile veka for å prøva å skaffa seg eit posthåddn (posthorn), alternativt althåddn (skakje skua bøffedln på håddni), for å laga litt stemning i hallen på gamle heimtrakter. Utan hell. Slike håddn er ikkje å oppdriva i heile fylket. Han fekk tilslaget på ein lur frå ein bonde i frå Klakegg, men takka høfleg nei grunna at han ikkje har takgrind på bilen. Difor har han hamna ned på 17. mai-fløyter (slike som krøllar seg ut når ein bles i dei), og kjøpte likegodt ein økonomipakning (utvalde fargar) med 4 fløyter til 29,90 på Nille. Når eg tenkjer meg om så liknar faktisk fløytene litt på ein nille (eller pisselur) når den vert blesen ut, for å bruka eit lite ordspel :-). Nei, ditta vert moro lell, og me gler oss som ungar til, ehh 17. mai. Og kven kveit, kanskje vert det hornmusikk og greier, det hadde no vore ei lita trøyst for Mardalen.

Og har du ikkje tid til å ta turen ut fjorden, so kjem fjora.no til å gi resultatservice frå kampen frå kl 15:00. Uansett blir da feit reportasje og mykje bilder av kampen i etterkant.

Me minner samstudes om at radiovert Kent Fimreite i Hallo Sogn kjem til å følgja den lokale handballen i Sogn denne sesongen. I den forbindelse vil Fimreite ha si første handballsending dagen før dagen, i morgon laurdag 3. oktober, kl 18:00. Der vil det bli intervju med spelarar, trenarar og andre gjester. Berre for å nemna noko av det han har på plakaten.