TO PINNAR TIL FJØRAO!!
 
 
 
 

FJØRA HK

 
     
  0

Marit Norheim

 
  0

Renate Vatlestad

 
  1

Veronika Røysum

 
  3

  Siv Metethe Hov

 
  0

Hilde Instefjord

 
  1

Hilde Johnsen

 
  1

Hilde K. Vadheim

 
  2

Hege Sæthre

 
  3

Anja Thune

 
  0

Camilla Feigum

 
  0

Siv Jeanette Lerum

 
  4

Lise Lotte Tvedt

 
  0

May Tove Lyngset

 
  1

Signe Marit Hansen

 
 

 

 
 

KAMPFAKTA

 
 
   

Syril - Fjøra 14-16 (7-7)

   

Domar: Torstein Egil Kvam,
 IL Jotun

   

Tilskodarar: 400 stk

   
 

 

   

Fjøra HK viste stor innstats og mordal då dei vann kveldens lokalderby mot Syril med knapp margin. Fjøra HK vann til slutt 16-14 etter ein solid sluttspurt framføre ein aldeles smekkfull idrettshall. Dermed fekk jentene ein optimal start på årets serie.

Tekst: Tom Wolff Navarsete | Alle foto: Jørn Njøs

Trur da var mange so var nervøse i dag. Syrildamene samla seg til frukost av Siv Jane Tufte der det gjekk mest i heimelaga sølta, eiggarøra og Prince av sterkaste sort. Ikkje ein heit normal sikringskost til frukost, so ting tyda på at her var da mange som grugledde seg til kampen.
 
Og det var ikkje so mykje betre stelt i Fjøraleiren heller. Etter rapportane so var ein av Fjøraspelarane tre gangar å toaletten den siste timen før kampen for å letta på trykket. Dette har me frå bombesikre kjelder, nemleg ein dovakt på saften, som helst vil vera anonym. Og kvissleis dovakt vil vel ikkje vera det :):). Berre på Harrods i London er da er statussymbol å vera dovakt. Minst at da i 1999 kosta 1 pund for å innta hoppstillingen over porselenet, men so var no det porselenet fint og dao. Vel verdt peingadn.
 
Før kampen var det formell opning av Leikanger idrettshall ved leiar i Syril, Dag Hauge og nestleiar i handballkretsen Oddny Sønnesyn. Deretter stod flott presentajon av begge lag før Torstein Egil Kvam bles i luren sin nokre få minutt forsinka.

Om det var nervøst før kampstart så var det også utruleg nervøst frå begge lag i starten av kampen. Det ikkje nokon som ville ha ballen, og når dei først fekk den, so gjorde dei sitt beste for å bli kvitt den igjen. Dermed vart det utruleg lite mål i starten og stillinga var faktisk 2-2 etter eit kvarters spel. Fyrste offisielle målscorar i "Saften" vart Kari-Anne Hamre (framfor ei svært nervøs mor) etter omlag 5 minuttar. Den kom på eit sneddent underarmsskot som sneik innimødlo leri på Fjørakeeper Marit Norheim.
 
Faktisk gikk da 12 minuttar før Fjøra fekk hol på byllen, og æra av å scora det fyrste offisielle målet i FKH-soga vart Signe Marit Hansen. Da vart mykje bomskyting i byrjingi og i tillegg stod keeper Pia Hickman som ei gudinne. Men keeperen til Fjøra, Marit Norheim, var ikkje noke dårlegare, tvert imot, ho var hakket betre. Fjøra vann jo kampen, dermed var ho best. Og ho var heilt klart dagens fjør. Berre eit ord kan beskriva Fru Henk Griff sin innsats i dag, weltklasse.
 
Innimellom alle dei brente sjansane, flotte scoringar, enorme keeperprestasjonar fekk me også sjå tidenes tramp. Den stod Inger Ness for då ho prøvde å score på ein flygar. Men midt inne i målgården stod ho med begge beina godt planta i bakken før ho kasta ballen i mål. Då hadde Tosstein berre ein ting å gjera, nemleg å annullera.
 
Ettekvart byrja angrepsspelet å sitta bedre hjå begge lag, slik at det stod 7-7 ved pause. Etter at Syril gjekk opp til 2-0 ,var det ingen av lagi som leia med meir enn me eitt mål. Jabnare er da umogleg å få da.
 
Fjøra kom best i gang etter pause, og leia etter 10 minuttar 11-9. Då bestemte kampleiaren seg for å javne det heile ut, og ga Fjøra 4 utvisningar på rapperten. Nokre var greie, men iallefall 1 var høgst diskutabel. Kanskje vurdira brillekjøp til neste kamp, Kvam. I ein 10 minuttars periode var nesten Fjøra konstant 1 mindre, og då går det som det oftast går, Syril scora, Fjøra ikkje. Og vips så hadde heimelaget snudd kampen til 13-11 i eigen favør med omlag 10 minuttar att å spele.
 
Då bestemte Norheim seg for å stenge Fjøraburet. Jentene utpå bestemte seg for at denna kampen skulle dei jaggu vinna. Siste 10 minuttane spelte dei Syril rett og slett tvert av parketten, og cruisa inn til ein høgst fotjent 16-14 siger. Mange av scoringane var av det flotte slaget og. Spesielt 14- 15 scoringa til Hege Sæthre, ein scruar frå vingen på innsida av målvakta, var lekker. Var reine Aleksandr Kharsakevitch-klasse over den.
 
Dermed ebba kampen ut med 16-14 framføre eit entusiastisk heimepublikum, i eit antall av godt 400 hundre. Nesten lika mykje so dei offisielle tilskuartala til Sogndal. Blant dei 400 var da minst 30 stk i frå Fjøra og, so prøvde so godt dei kunne å heia på jentuttedn. Men det var ikkje fritt føre me drukna litt i heiaropa frå Syriltilhengarane.
 
Var ei utruleg flott oppleving å vera tilstades på Saften i ettermiddag. Mykje folk og god stemning i ein feiandes flott hall. Einaste som ikkje kunne fått med seg at da kom til å koma masse folk, var loddseljarane. Dei gjekk tomme for loddar midt på tribuna, då hadde dei over halve igjen. Berre å takka Syril for eit feiande flott arrangement.
 
Alltid godt å koma i gang med sesongen, og seriestartar har ein tendens til å innehalde mykje nervøst spel. So også no.
Fjøra starta dårleg, men spelte seg sakte men sikkert inn i kampen. Men det er mykje å gå på, spesielt offensivt. Det vart for mykje unødige balltap, og litt for mykje bomskyting. Og fleire enn 1 av 4 straffar må setjast i buret. Men Fjøra vann, og det er da viktigaste. Alltid godt å starta med 2 pinnar. Og me gler oss allereie til neste kamp, inne på Tangen. Gudfadervårihimmedl, da kjemme til å bli moro. 
 
Dagens domar Torstein Kvam kom greitt nok i frå det, men i ein periode i 2. omgang hadde han gul farge på fløyta si. Alt gjekk i mot oss, men på ein dag som denne får me vera i da tilgjevande hjørna :).
 
Laget vart frå framifrå vis leia på sidelinja av Hilde Ellingsen Nilsen og Malene Kvigne Bøe då trenarane var opptekne i baddnadåp og med tegneseriefotball (Mænnju).



Bilete frå kampen