I går kveld
spelte det nyoppstarta handballaget til Fjøra årets første treningskamp.
Det var mot Sogndal sitt handballag og kampen viste at jentene har ein
del å jobba med fram mot seriestart. Men det var også ein del positivt å
sjå noko som lovar godt framover. Det er potensiale i dette laget.
|
Publisert:
11. september 2009 |
Tekst: Tom Wolff Navarsete | Foto:
Tom Wolff Navarsete / Joakim Lærum |
Det skulle bli
spennande å sjå kor me det nyoppstarta handballaget låg om lag 3
veker før seriestart. Det ein skal ha i mente før ein les dette
referatet er at mange av spelarane på Fjøra HK ikkje har spelt
aktivt på mange år og nokon har ikkje spelt handball i det heile.
Laget har berre trena i to veker og alle fekk si tilmålte tid på
bana, uavhengig korleis det låg an på bana resultatmessig. For dei
som måtte lure på det; treningskamp er akkurat det som ligg i ordet,
ei trening for å setje formasjonar, la spelarane få prøva seg, og få
ei gjennomkøyring. Det er berre i fotballnorge ein for ein kvar pris
skal vinne kvar kamp, og ikkje sjå det som ei trening fram mot
seriestart.
Ikkje veit me kva det var, men starten på kampen vart ikkje den
beste for Fjøra HK. Skuldast det at dei måtte spela i ukjente blå
fargar (reservedraktene til herrelaget, som heller ikkje har teke
mange poeng med denne draktfargen :-), at draktene var langarma (har
aldri sett damelag med langarma drakter... hehehe). Men det var
klart at i starten av kampen så sat ikkje formasjonane heilt slik
som dei skulle. Det vart for mykje rush imot, angrepsspelet kladda,
me kom for langt inn i forsvarsmuren til Sogndal, i tillegg til at
Sogndalkeeper Hedda Hough, stod som ei gudinne i mål.
Dette resulterte i at det etter omlag 20 minuttar stod 12 - 1 til
Sogndal. Heilt greitt etter spel og sjansar, viss ein kan skriva da
i eit handballreferat (som er heilt nytt for oss å skriva :-). Men i
dei siste 10 minuttane gjekk da ein liten f… i jentene. Det var som
at dei sa til seg sjølve, me ekje so dårlege so resultatet tilseier,
og så klinka dei til og spelte jamnt med motstandarane resten av
omgangen. Det kan og nemnast at Fjøra HK skifta mykje meir på laget
enn det Sogndal gjorde, noko som heilt klart kan ha noke å seie for
strukturen og dermed resultatet i ein handballkamp (utan at me skal
påberopa oss noko ekspertstatus i så måte).
Resultat til pause var 16- 5 til Sogndal
I 2. omgang starta Fjøra klart best, og 10 minuttar ut i omgangen
var stillinga 17-10 til Sogndal, og underteikna hadde eit fåfengt
håp om at Fjøra skulle snu kampen til siger. Det hadde i så fall
vore ein prestasjon utan sidesykkje. Men diverre heldt det ikkje
inn. Etterkvart so kom det tilsyne at Sogndal har eit heilt anna
treningsgrunnlag enn Fjøra. Jentene var sletne som ein sprengde ver
(hm, jeddna ikkje det beste bildet når me snakkar om ein
handballkamp for jenter :-). I tillegg la dei om til 5-1 i forsvar,
og då fekk jentene våre store problem. Fjøra kom for langt inn mot
forsvaret deira, og ballen vart snappa gong på gong. Trur minst 6-7
av dei siste 13 måla var rushangep rett i goalen. Og framfor alt, so
pådrog me oss alt for mange utvisningar imot av ein dommar so stilte
i blått, noko som to gonger gjorde at Fjørajentene kasta feil.
Trudde i 2009 at ein domar kunne ta på seg ein vest i gult eller
raudt, men det viste seg å vera særs vanskeleg. Me landa faktisk på
månen i 1969, og domar i ein anna farge enn eit av laga, skulle vel
ikkje vera det vansklegaste å få til. Tvert imot.
Dermed vart sluttresultatet 30-12 til Sogndal. Fjøra sin toppscorar
i kampen vart Veronica Røysum med 5 mål.
Tap til tross, jentene hang ikkje med hovudet av den grunn. Me vart
gledeleg overraska over kor godt humøret var til tross for tapet.
Dette blir særs vktig å ta med seg vidare i sesongen. Dette var
berre ein kamp, ei trening, og eg er viss på at når serien startar
vil jentene vera kapable til å kjempa om poeng i samtlege kampar.
Nei, ditta blir moro.
Tilstades i hallen var om lag 100 engasjerte åskodarar, i tillegg
til ein hund i band utanfor. Flott å sjå at handballinteressa i
Sogndal er stor.
Me gler oss til å følgja jentene vidare og kan nemna at serien
startar sundag 4. oktober med ein rakkarøkkare av ein kamp mot
erkerival Syril. Kampen går kl 15:00 i Syril idrettshall. Der kjem
me til å vera og det bør du og.
Bilete frå kampen








|