| |
Overgangsvindauga
stengjer i kveld (31. august) kl 23:59 og då er det ikkje høve for
spelarar å melda overgang til nye klubbar før sesongen er over. Fjøra
har vore aktive på overgangsmarkedet den siste tida og me brukar gjerne
nokre minuttar på å presentere dei nye spelarane.
|
Publisert:
31. august 2010 |
Tekst: Jan Fuglesteg | Foto:
Øystein Veum |
Som meldt tidlegare på fjora.no signerte vossingen Ola Egge Ødegård
for Fjøra. Fire andre spelarar har no gjort det same.
Dei som
følgjer Fjøra tett og leste lagoppstillinga til Fjøra mot Årdal har
alt funne ut at Jørn Kvalvik, Magnus Hunemo og Sebastian Øyrehagen
fekk sine debutar i den kampen. I tillegg er overgangspapira for
sogndølen Kenneth Nondal i orden og han er speleklar for Fjøra frå
og med i morgon 1. september.
Som dei fleste fjora.no-lesarar
kjenner til, i evangeliet etter Markus kapittel 10, vers 31 heiter
det: "... de siste skal bli de første".
Me startar difor med siste nysignering først.
Kenneth
Nondal kjem over til Fjøra frå Sogndal II og har vore ein av den
faste stammen i laget i fleire år. Kenneth er fødd i 1991 og er ein
typisk kantspelar som er like god med begge bein. Det betyr at han
er anvendeleg og kan nyttast på begge kantane. Han har god teknikk,
godt tempo / driv og gode avsluttareigenskapar. Me er ikkje i tvil
om at Kenneth kjem til å bli eit flott aktivum i klubben.

Sebastian Øyrehagen er også sogndøl og kjem over frå Sogndal II.
Til liks med Kenneth er Sebastian kantspelar og fødd i same år. Kan
også spele spiss. Han har mykje dei same eigenskapane som Kenneth.
Var på prøvespel i wlisiske Bangor City tidlegare i sommar. Fekk sin
debut mot Årdal og var nære ved å sikra sigeren like før slutt.

Jørn Kvalvik er ein stille og roleg kar på 20 år som kjem frå 3.
divisjonsklubben Askøy FK nord for Bergen. Han starta utdanning i
Sogndal no i haust. På
Askøy si nettside kan de lesa følgjande om Kvalvik: " Jørn
har de siste to sesongene spilt seg til fast plass på Askøy FKs
A-lag, og ble etter 2009-sesongen kåret til "Årets mest
fremgangsrike spiller". Jørn er en treningsvillig spiller med gode
holdninger, så vi vet at Fjøra kommer til å få en solid
forsvarsspiller." Denne karateristikken kan klubben skriva
under på. Fekk sin debut frå start mot Årdal då Ivar Løvik måtte
kaste inn handduken grunna sjukdom og løyste oppgåva på framifrå
vis, då han tok heilt luven av ÅFKs gode kantseplar Christian
Stedje.
Magnus Hunemo kjem frå topplaget Hasle/Løren i
Osloavdlingas 3. divisjon. Han er 24 år gamal og tidlegare spelt for
Skeid og Kjelsås. Stor, sterk og meget godt trena spelar som spelar
spiss. God med mann i rygg og til å halda på ballen. God i lufta og
stor kroppsbeherskelse sidan han har drive mange år med fjellsport.
Flott og seriøs type og det er liten tvil om at med Magnus sin
inntreden i klubben så har Fjøra fått ein ekstra dimensjon. Fekk sin
debut frå start mot ÅFK og leverte varene. Vert viktig for Fjøra i
avslutninga av sesongen.
Det er viktig for Fjøra med lokal
forankring og me tykkjer alltid det er stas at unge sogndøler
ynskjer å spela for klubben. Det er dermed ikkje sagt at klubben
ikkje ynskjer spelarar frå andre klubbar. Tvert imot. Fjøra er heile
tida open for å knytta til seg spelarar som kan koma inn og heva
laget og det er klubben sikre på at dei har gjort med signeringane
til Ola, Jørn og Magnus. Alle er seriøse og flotte typar sopm har
sklidd godt inn i miljøet.
Me ynskjer alle hjartleg velkomne
i klubben! Samtidig ynskjer me å takka alle klubbane for å vera
positive og løysingsorienterte i desse overgangssakene. |
|