|
Etter litt
fram og tilbake fann me i fjora.no korleis seriesystemet for
handballjentene hang saman. For å seie det folkeleg, den algoritmen
som beskriv seriesystemet er ikkje oppfunnen endå. Dette kan Fjøra
sin algoritmeguru, Jan Rune Årøy, stadfesta.
|
Publisert:
6. februar 2010 |
Tekst: Jan Fuglesteg | Foto: Jørn
Njøs |
Fjøra rykka ned i 5. divisjon, men har sjansen til å rykke opp att i
4. divisjon dersom dei vinn 5. divisjon. Motstandarar for Fjøra i 5.
divisjon vert Eid, Gloppen II og og Florø og første kamp vert spelt
laurdag 13. februar. Det skal spelast dobbel serie og me har fått
tak i terminlista for dei gjenståande kampane.
13.02 kl 12:20 Florø - Fjøra
17.02 kl 19:45 Fjøra - Gloppen II
07.03 kl 12:45 Gloppen II - Fjøra
07.03 kl 15:15 Fjøra - Florø
14.03 kl 15:30 Fjøra - Eid
21.03 kl 16:05 Eid - Fjøra
Det som er litt spesielt er at kampane sundag 7. mars vert spelte i
den nye hallen på Leikanger. Då er det duka for ein slags
supersundag der også Syril skal spela kampar i avdelinga.
Når det gjeld antal poeng som laga tek med seg frå sine respektive
4. divisjonsavdelingar så har me funne ut følgjande (med atterhald
om algoritmefeil :-):
Fjøra - 7 poeng
Eid - 6 poeng
Florø - 6 poeng
Vik - 6 poeng
Syril - 4 poeng
Gloppen II - 0 poeng
Me kjem utover våren til å koma med korte referat frå Fjørajentene
sine kampar. Men me oppfordrar publikum i Sogndal (og andre plassar)
om å ta turen for å støtta opp om sine favorittlag.
|