| |
 |
|
|
FJØRA HK |
|
|
|
|
|
|
|
0 |
Marit Norheim |
|
|
|
3 |
Hilde Nilsen |
|
|
|
3 |
Anja Thune |
|
|
|
4 |
Hege Sæthre |
|
|
|
0 |
Linda Brusegard |
|
|
|
0 |
Signe Marit Hansen |
|
|
|
0 |
Anita Foss |
|
|
|
1 |
Linda Moen |
|
|
|
1 |
Hilde Vadheim |
|
|
|
0 |
Hilde Instefjord |
|
|
|
5 |
Siv Merete Hov |
|
|
|
9 |
Hilde Johnsen |
|
|
|
4 |
Siv Jeanette Lerum |
|
| |
|
|
| |
KAMPFAKTA |
|
| |
|
|
|
|
Fjøra - Gloppen II 30-15 |
|
|
|
|
Domar:
Torstein
Egil Kvam, IL Jotun |
|
|
|
|
Tilskodarar:
Mange |
|
|
|
|
|
|
 |
|
| |
|
Det vart ein
flott kamp i Idrettshallen i Sogndal onsdagskvelden. Fjørajentene ga gass, la
flatt og etter 2 x 30 minuttar effektiv handball hadde dei raude scora dubbelt
så mange som dei blå frå Gløppen. Dei blå scora 15, kor mange scora Fjørajentene?
|
Tekst: Tom
Wolff Navarsete | Foto: Hilde Nes |
Har du 30 som
svar utan å bruka kalkis så er det godkjent. For det er nemleg rett
svar.Men før me
kjem attende til kampen mot Gloppen II så skrur me tida attende til
fortida, nærare bestemt måndagskvelden. Då spelte nemleg Fjørajentene
sin første kamp i 5. divisjon, bortekamp mot Florø i Noregs vestlegaste
by. Men det kunne dei like godt ha spart seg. Dei kom heimatt som dei
fleste etter ein tur på Hamar for 30 år sidan - som slakt. Det vart eit
fælt 11-27 tap i kystbyen og det vert rapportert at lite eller ingenting
fungerte for jentene. Såpass lite fungerte at me ikkje har fått lov til
å skriva meir om kampen. Det kravet etterkjem me utan tvil.
Med stortapet mot Florø
som bakteppe var det difor ein
revansjelysten gjeng som i jaftes tok i mot
Gløppen II som dei seier der uppe i nordfylket. Og Fjørajentene sette
skapet tidleg på plass denne onsdagskvelden.
Gløppen fekk æra av
å scora det fyrste målet. Etter dette var det berre eit lag på bana.
Fjøra rasa fort avgarde og fekk ein 7-2 leiing. Deretter vart det ein 10
minuttars periode med mykje tullespel, før Fjøra stakk av mot slutten og
gjekk til pause med 13-7.
Og dette visste me,
at dersom Fjøra heldt tempoet og konsentrasjonen oppe i resten av
kampen, so kom dei til å ha ingen problem med å slå dette laget. Gloppen
kom med eit svært ungt lag, hadde flott innsats, men det var for lite
kraft og oppfinnsomheit i spelet deira. Det hadde derimot Fjøra i
massevis. Når i tillegg forsvaret sat som den berømte Die Mauer
(eventuelt Antifaschistischer
Schutzwall alt etter kva side av
Berlinmuren ein heldt til) før 9. november 1989, so løysna det i angrep
og.
Dermed vart 2.
omgang rein formalitet. Likevel var det mange flotte scoringar,
redningar, pasningar, taklingar å sjå. U name it, we got it. Dermed ebba
kampen ut med 30-15 til Fjøra. Og det skal Gloppen vera mest glad for.
Fjøra slappa av litt mot slutten, alle fekk spele, trur nesten samtlege
scora og. Dette var ein flott gjennomført kamp av Fjøra. Og for fyrste
gang scora dei 30 mål i ein kamp. Hege Sætre fekk æra av å scora dette
historiske målet nokre sekund før slutt på eit finurleg vingskot.
Vanskeleg å dra fram nokre Fjører i denne kampen så me gir
bestemannspremien til heile bøle. I tillegg var det flott stemning på
tribuna. Topp kveld i hallen med andre ord. Torstein Kvam hadde full
kontroll i ein lettdømt kamp, kun 4 spelarar i fryseboksen.
|