|
Morgondagens kamp mot Bjørn vert ikkje siste kampen for
handballjentene likevel.
Me har fått tilsendt ein avklarande epost frå Norges Håndballforbund
Region Vest. Og me legg oss flatare enn ein overkøyrd lomhund på
Sognefjellsvegen i turistsesongen med ein gong, for me har ikkje
hatt snøring på kva slags opplegg som skjer vidare for 4. divisjon,
avdeling 3.
|
Publisert:
26. januar 2010 |
Tekst: Jan Fuglesteg | Foto:
Torbjørn Ylvisåker |
Me har fått
følgjande uttømande informasjon frå NHF Region Vest:
" 31. januar spelast dei siste terminfesta kampane i
kvinner 4. divisjon avd 2 og 3. Etter dette vil dei 3
nederste laga på tabellen rykke ned i 5. divisjon, medan dei
3 beste laga i avdelingane vert slått saman til èi avdeling
i 4. divisjon. Kvart lag vil ta med seg poenga mot dei laga
dei allereie har spelt mot.
Døme:
Dersom Fjøra, Syril og Vik rykker ned i 5. divisjon
vil Fjøra ta med seg poenga mot Syril og Vik inn i
denne avdelinga, og omvendt.
Laga vil så spele dobbel serie mot laga som kjem frå den
andre avdelinga. Det vert med andre ord 6 kampar på alle lag
som skal setjast opp i tidsrommet 1. februar til 28. mars.
Så til slutt:
Vinnar av 4. divisjon rykker opp i 3. divisjon. Tapar av
4 divisjon rykker ned i 5. divisjon, og vinnar av 5.
divisjon rykker opp i 4. divisjon. "
Med andre ord, me var heilt på jordet og det inneber jo
at Fjøra har mange flotte kampopplevingar framføre seg
utover våren om det no skulle bli 5. eller 4. divisjon. Så
over til korleis Fjøra skal kunna greie å stå i 4. divisjon.
Der gjeld det me tidlegare posta.
Stoda framfor kampen i morgon er at begge laga har spelt 9 kampar. Bjørn
har 9 poeng, medan Fjøra står bokført med 7. Det betyr at Fjøra må vinna
i morgon om dei skal ha sjanse på å gå forbi Bjørn på tabellen.
For dei som
er usikre på korleis ein bestem rekkefølgja ved poenglikheit på tabellen
viser me til
§ 19-1.6.3
i Norges Håndballforbund sitt regelverk:
1. Poeng i innbyrdes kamper.
2. Målforskjell (differansen mellom scorede og innslupne mål) i
innbyrdes kamper.
3. Flest scorede mål i innbyrdes kamper.
4. Målforskjell i samtlige kamper.
5. Flest scorede mål i samtlige kamper.
Bjørn vann 20-15 over Fjøra før jul og dette inneber at Fjøra må slå
Bjørn med 5 mål i morgon for at dei skal koma ajour i høve til punkt 1.
Trur me stoppar der og konstaterer at Fjøra må vinne med 6 mål eller
meir. Det kan bli reine Kafka-prosessen å få det til. Me lyt seie at det
er lettare å forhalda seg til tabellsystemet i fotball.
Tabellstoda
4.
divisjon Kvinner avd. 03.
Me har ikkje
fått vita om kven som vert med i morgonkveld, men reknar med at jentene
stiller med sitt beste tilgjengelege mannskap, ehh lag.
Me oppfordrar flest mogleg til å ta turen opp i Idrettshallen i morgon.
Avkast skjer kl 19:45. Gjer du det støttar du laget og du får også eit
flott kampprogram som jentene har laga. Domarar i morgondagens oppgjer
er ingen ringare enn Torstein Egil Kvam og Kjell Ove Forthun. Ein skulle
ut i frå etternamnet på sistnemnde tru at han kom i frå Luster, men til
liks med Torstein, så dømer Kjell Ove for IL Jotun.
Gler du deg so gale til i morgon at du knaft kan vente? Kva med å korta
ned ventetida til morgondagens kamp med å sjå kveldens EM-drama mellom
Norge og Danmark? Det bør gi inspirasjon både for spelarane og publikum.
Me vil koma attende med eit referat frå kampen i morgon. Kanskje nokre
bilde også.
|