TAP FOR HANDBALLJENTENE
 
 
 
 

FJØRA HK

 
     
  0

Rita Orrestad

 
  4

Linda Brusegard

 
  0

Hilde Vadheim

 
  5

Oda Moe

 
  0

Anita Foss

 
  2

Hilde Nilsen

 
  4

Siv Merete Hov

 
  1

Hilde Johnsen

 
  0

Signe Marit Hansen

 
  3

Siv Jeanette Lerum

 
  3

Hege Sætre

 
  0

Camilla Feigum

 
  4

Anja Thune

 
 

 

 
 

KAMPFAKTA

 
 
   

Fjøra - Bjørn 26-33

   

Domar: Kjell Ove Forthun og Torstein Egil Kvam, IL Jotun

   

Tilskodarar: Ukjent

   
 

 

   

Det vart tap for hanballjentene mot Bjørn i den siste kampen i den ordinære 4. divisjonen. Dermed er Fjøra handball sine jenter klar for 5. divisjon. Opplegget er ikkje slik som me skisserte det tidlegare, men no håpar me at det er rett.

Tekst: Tom Wolff Navarsete | Foto: Øystein Veum

Frå Fjøra sin avdeling er det klart at Fjøra, Vik og Syril rykkjer ned i 5. divisjon, medan det frå avdeling 2 er klart at Gloppen II og Florø kjem til å rykkja ned. I tillegg vert det enten Stryn eller Eid som vert siste lag frå avdeling 2 som kjem til å delta i 5. divisjon. Per i dag er det Stryn som ligg på den utsette 4. plassen, men dei kan passere Eid dersom dei sler Gloppen II, samstundes som Eid taper mot serieleiar Dale. Stryn leiar med 1 mål i innbyrdes kampar, så her kan Stryn og Eid skifte plass på tabellen.

Alle kampar er ikkje ferdigspelte enno, men det er klart at Fjøra tek med seg 7 poeng inn i 5 divisjon. Syril og Vik har ein innbyrdes kamp igjen og begge står no med 4 poeng som dei før denne kampen tek med seg inn i kvallikspelet. Det betyr at enten så tek Vik eller Syril med seg 6 poeng, alternativt 5 poeng dersom kampen endar uavgjort, inn i 5. divisjon. Frå avdeling 2 kjem Gloppen II sannsynlegvis inn med 0 poeng, Florø kjem med 6 poeng, og det siste laget kjem svært truleg inn med 6-8 poeng. Oppsummert vert det slik:

Eid eller Stryn - maks 8 poeng
Fjøra - 7 poeng
Florø - 6 poeng
Vik - 4 poeng evt 5 eller 6 poeng
Syril - 4 poeng evt 5 eller 6 poeng
Gloppen II - 0 evt 2 poeng

Vegen vidare vert slik:

Laga vil så spele dobbel serie mot laga som kjem frå den andre avdelinga. Det vert med andre ord 6 kampar på alle lag som skal setjast opp i tidsrommet 1. februar til 28. mars. Det betyr at Fjøra ikkje møter Syril eller Vik, men spelar dobbel serie mot Florø, Gloppen II og Stryn / Eid. Så til slutt: Vinnar av 4. divisjon rykker opp i 3. divisjon Tapar av 4 divisjon rykker ned i 5. divisjon, og vinnar av 5. divisjon rykker opp i 4. divisjon. Er du med? Det er ikkje einkelt, sa kjerringa, ho steikte frosk med vaffeljarn.

Tabell 4. divisjon avdeling 2  |  Tabell 4. divisjon avdeling 3

Som kjent, Fjøra måtte vinne med fleire enn 5 mål, og utgangspunktet var nokonlunde likt som for herrelaget til Norge i EM. Me såg alle korleis det gjekk med herrane, og det er med tungt hjarte ein må seie at det ikkje gjekk stort betre for jentene. Det vart til slutt eit fortent 7-målstap, 26 - 33. Dermed glapp sjansen om kvallikspel til 3. divisjon. No skal ein vera såpass ærleg at det hadde ikkje Fjørajentene makta, men det hadde likevel vore fint om dei kunne kvalifisert seg. Men det er liten tvil om at det sportsleg passar betre for Fjøra å spele i 5. divisjon. I stadenfor å møta lag der det med stor sannsynlegheit hadde vorte (store) tap så er det mykje meir motiverande og utviklande for jentene å spele mot lag der ein har sjanse på 3 poeng i alle kampar.

Så kort over til kampen mot Bjørn.

Fjøra var bra med dei første 20 minuttane av kampen, men deretter ramla laget litt i saman. Laget synte ein del positivt framover på bana, medan det var langt meir rufsete i forsvar. Laget var ikkje til å kjenna att forsvarsmessig frå den gode Vik-kampen. Dei siste 40 minutta rull, for ikkje å seie spratt, måla inn bak Rita Orrestad i Fjøraburet. Stort meir er det ikkje å fortelja om kampen.

Jau litt er det. Det var mykje folk i hallen som såg denne kampen og det tykkjer me alle er utruleg kjekt og det løftar jentene opp og skapar ekstra stemning og ramme rundt kampane. Fortsetta med det.