SIGER OG TAP
 
 
 
 

FJØRA HK

 
     
  0

Marit Norheim

 
  1 Hege Sæthre  
  2 Camilla Feigum  
  3

Hilde Johnsen

 
  2 Anja Thune  
  5 Hilde Nilsen  
  0 Stine Navarsete  
  0

Linda Moen

 
  5 Siv Merethe Hov  
  8 Siv Jeanette Lerum  
  0 Signe Marit Hansen  
  0 Rita Orrestad  
  0 Marianne Yttri  
  0 May Tove Lyngset  
 

 

 
 

KAMPFAKTA

 
 
   

Fjøra - FSK 26-24

   

Domar: Forthun og Midthun

    

Tilskodarar: Mange

   
 

 

   

Det var lagt opp til ei skikkeleg handballhelg i Leikanger si nye storstove, ”Saften”, på sundag. Men festen vart noko redusert då eitt av laga ikkje møtte. For Fjøra sin del så vart det resultatmessig ein god sundag.

Tekst: Tom Wolff Navarsete | Foto: Jørn Njøs

Eigentleg skulle jentutten spelt to kampar ute i "Saften" i helga. Men på laurdagskvelden so ringte Gloppen og sa at dei ikkje kunne stille lag. Svært useriøst, mildt sagt. Uansett so fekk då Fjøra 2 gratis poeng, men det er no alltid kjekkare å spele kamp. Seigt også for arrangørklubben Syril som dermed kaste boss på heile opplegget i og med at det vart to færre kampar for folk å sjå. Men uansett so var det godt med folk ute på Leikanger denne sundagen. Og det er alltid kjekt å sjå.

Før kampen mot Florø hadde dei alt spelt ein kamp denne dagen. Florø  vann 20 -19 over Syril. Kunne denne kampen sitja så mykje i føtene til bydamene at Fjøra fekk ein lett match? Det var i alle fall uråd å sjå dei første 45 minuttane.

Fjøra ville so gjerne hevne det forsmedelige 29-11 nederlaget frå nokre veker tilbake, men låg heile tida ein 2-3 mål bak nesten heile kampen. Dei drog på seg jevnt med utvisningar, medan FSK fekk berre ein. Nesten so ein skulle tru at domarane Forthun og Midthun hadde blå(kk)fløyter. Det kladda i angrep og det kladda i forsvar. Og keeper Marit Norheim hadde slett ikkje dagen i fyrste omgang, men spelte seg stort opp då det gjaldt som mest. Hadde det ikkje vore for at Siv Jeanette Lerum hadde ein av sine betre dagar på handballbana, so trur eg at Fjøra hadde lege bak med meir enn 11- 14 til pause.

I pausen bestemte Fjøra seg for å springe meir i 2. omgang, men Fjøra låg stadig desse forbanna 2-3 mål bak FSK utover i omgangen. Men sakte med sikkert skifta kampen karakter. Florø fekk eit par skadar, forsvaret til Fjøra sat betre og sist men ikkje minst, skota byrja endeleg å gå i mål. I tillegg til Norheim som spelte seg stort opp. Dermed snudde Fjøra kampen siste kvarteret og hadde eigentleg bra kontroll på slutten. Sjølv om dei klarte å gjere det spanande for dei med dårleg Fjøra-hjarte på tribuna. Istadenfor å spela sikkert, so blei da litt for mykje oppjaga på slutten, Fjøraspelarane prøvde på litt umoglege ting, og Florø fekk ein del sjansar som dei ikkje skulle ha hatt. Men so lenge Fjøra drog inn sigeren 26-24 so bryr me oss særs lite om det.

Me tek avslutningsvis med at Fjøra tapte siste kampen mot Eid knepent. Sifrane vart 36-18 til heimelaget Eid.