TO TAP FOR HANDBALLJENTENE
 
 
Laurdag i helga som var tok Fjøra sine handballjenter turen til Nordfjordeid for dubbelkamp. Mogleg at den lange reisa sat i hender og føter, for Fjørajentene kom ikkje skikkeleg i gang i den første kampen. Laget heva seg i den andre sjølv om det også her vart tap.
 
Publisert: 9. november 2010 | Tekst: Jan Fuglesteg | Foto: Stig Høynes, www.haugenfotball.no

  
Første kampen enda med tap 27-16 etter at vertane leia 12-6 ved pause. I den andre kampen var Fjørajentene langt meir med og sluttresultatet vart 23-18. Ved pause stod det 11-9.

Me har fått følgjande kommentar frå hanballjentene:

Første kampen gjekk nokon lunde i forsvar, mendan angrepspelet var litt tamt. Altfor lite fart og bevegelse spesielt i angrep. Hadde i tillegg ein del stangskot, så hadde ikkje heilt tur...

Andre kampen var me mykje meir med. Spelte ganske jamt fram til slutten av kampen. Dei var nok eit bedre samansett lag, men me hadde til tider eit flott spel. Stolt av at me klarde å heva oss til andre kampen;) Ikkje minst hadde me humøret, så det blei lagt merke til.

Me teke dei på heimabana!!!!!!

 

Stig Høynes var tilstade i Eid Idrettshus og han tok massevis av flotte bilder frå begge kampane. Bileta finn du på www.haugenfotball.no. Kampfakta frå kampane finn du same stad.