NYE FJES I HANDBALLTROPPEN
 
 
Første seriekamp for Fjøra sine handballjenter er terminsett til komande onsdag 27. oktober og motstandar er heime mot Årdalstangen. Jentene har trena bra no i haust og det er komne til nokre nye spelarar.
 
Publisert: 24. oktober 2010 | Tekst: Jan Fuglesteg | Foto: Torbjørn Ylvisåker

  
Me har ikkje mykje informasjon om dei nye jentene, men me har bilde av dei. Dei nye spelarane er lagt til i spelaroversikten og når me får tilbake skjema med meir informasjon så vil me legge det ut på spelarpresentasjonane.

Statistikken for kvar spelar førre sesong er no oppdatert og for dei som ynskjer å sjekke den ut må gå på kvar einskild spelar.

Som sagt, første seriekamp vert komande onsdag. Terminliste for Fjøra sitt handball-lag finn de her.

Bilde nye spelarar
Ingrid Faaberg   Johanne Holen
     
Marte Kjernsholen   Junie Lindblom
     
Eli Mai Nesse   Heidi Sunde
     
Terese Togstad Tveit