VAD GUD, DET ER DEJLIGT AT ÅPNE MED EIN SIGER
 
 
 
 

FJØRA HK

 
     
  0 Johanne Holen  
  10 Siv Jeanette Lerum  
  1

Hilde Vadheim

 
  0 Malene Kvigne Bøe  
  4 Marte Kjernsholen  
  0 Linda Madocs Moen  
  5 Anja Thune  
  1 Camilla Feigum  
  1 Hege Sæthre  
  0 Anita Foss  
  2 Rita Orrestad  
  4 Hilde Ellingsen Nilsen  
  1 Siv Merete Hov  
 

 

 
 

KAMPFAKTA

 
 
   

Fjøra - ÅTIL  29-26

   

Domar: Ukjent

   

Tilskodarar: Ein del

   
 

 

   

Fjøra hadde serieopning i gårkveld mot naboen Årdalstangen. Og la da vera sagt med ein gang, ditta hadde Fjøra kontroll på i 45 min. Etter 15 min i fyrste omgang stod det 5-5. Då drog Fjørene sakte men sikkert ifrå og leia med 4 mål til pause. Denne leiinga heldt seg i heile andre omgang, slik at Fjøra til slutt kontrollerte inn 29-26.

Publisert: 28. oktober 2010 | Tekst: Tom Wolff Navarsete | Foto: Arkiv


Fjørene står i år fram som eit heilt anna lag. Det viser seg att i prestasjonane at laget har fått trena jamnt det siste året. Det er trøkk på treningane, dei er kjappare, sterkare i forsvarspelet, og mykje meir kreative i angrep.  Og so er det ein godt samansveisa gjeng med humøret på topp. Det viste dei i fram i går. Tenning til tusen var det før kamp. Slikt lika me. Og eg sikker på at hadde Fjørajentene møtt Tangen på same tida ifjor so hadde dei tapt med fleire mål. Konklusjonen er rett og slett at Fjøra har vorte eit betre lag. I går var det ikkje tvil om kvar sigeren skulle enda. Det skal bli moro å fylgja laget i fortsettelsen.

 

Etter ein nervøs opning med mykje balltap og dårleg skyting, so tilreiv Fjøra seg ein overtak utover i omgangen og køyrte etterkvart over motstandarane siste kvarteret. Forsvaret var lika tett so eg pleie å vera i nåsi når eg er forkjøla, angrepsspelet sat som den berømte hundadriten i kram snø, og bakerst sto Leikangers svar på Berlinmuren før 9. november 1989, Johanne ’die Mauer’ Holen. Ergo 4 måls leiing til pause, og eg høyrte på tribunane at mange meinte at dette var den beste omgangen Fjørene hadde spela, ever. Ein kan ikkje vera meir enig i da.

 

Andre omgang begynte famlande frå begge lag. Nesten 6 minuttar gjekk det før Tangen scora det fyrste målet i omgangen. Etter dette opna slusene seg på begge sider. Hawaii-handball på sitt beste. Men Fjøra alltid 3-4 mål framføre ”anodekol-jentene”. Omgangen var prega av flott angrepsspel, litt slappare forsvarspel enn i fyrste og litt for mange utvisningar. Men eigentleg var Fjøra aldri trua, derfor crusie-kontroll tendensane mot slutten av kampen.

 

Best på Fjøra i går var Siv Jeanette Lerum som stod for 10 scoringar. Og ikkje spelte ho i samfulle 60 minuttar heller. Me kan vel seie at fru Lerum hadde ein av sine bedre dagar på parketteon. Bakerst stod Johanne Holen og tok det meste. Difor trur me ikkje Marit Norheim vil bli so sårt sakna, direkte god var Holen i gårkveld. Men dette var ein lagsiger, alle fekk spele mykje og alle bidrog. Det som i første rekkje framhever årets Fjøralag er jevnheiten. So beware motstandarlag, Fjøra er på bittet :). Alle som driv og har drive lagidrett veit kor viktig det er å starte sesongen med siger. Det gir inspirasjon og sjølvkjendsle til å prestere endå betre neste kamp.

 

På parketten gjekk det flott i går, men litt problem arrangemantmessig må ein alltid rekna med i starten av sesongen. I går var ingen unntak. Jentene hadde rekvirert 3 domarar, men det held lenge med 2. Men kaka tok likevel Maria Kalstad som hadde ansvaret for loddasalet. Mange kjøpte lodd, men kor vart det av trekningi? He-he. Når det gjeld organisering so må nemnte Kalstad få ris, men når det gjeld økonomisk sans, so er vel ikkje karakteren A+ dekkande ein gang.