TAP MOT STORESØSTER
 
 
 
 

FJØRA HK

 
     
  0 Johanne Holen  
  0 Heidi Sunde  
  2

Anja Thune

 
  1 Kjersti Røysum  
  1 Siv Merete Hov  
  0 Anita Foss  
  1 Hilde Vadheim  
  2

 Linda Moen

 
  0 Silde Marit Hansen  
  6 Siv Jeanette Lerum  
  0 Kjersti Røneid  
  0 Maria Kalstad  
  0 Malene Bøe  
  0 Marte Kjernsholen  
 

 

 
 

KAMPFAKTA

 
 
   

Sogndal - Fjøra  34-13

   

Domar: Asbjørn Kjetil Grinde Håre, Fjøra FK

   

Tilskodarar: Nokre

   
 

 

   

På tysdagskvelden spelte Fjøra sine handballjenter sin første og einaste treningskamp før seriespelet brakar laus om 3 veker. Og motstandaren var formidabel nok, nabo og 3. divisjonslaget Sogndal. Me kan vel ikkje kalla det David mot Goliat, heller, men me dristar oss likevel til å nytta uttrykket.

Publisert: 6. oktober 2010 | Tekst: Tom Wolff Navarsete | Foto: Hilde Nes



Ein ting er sikkert, at skal ein fyrst øva seg so er da lika greit å øva mot nokon som presumtivt skal vera bedre enn deg. Og det var Sogndal denne kvelden. Det skal dei og vera, dei trenar dobbelt so mykje, har fleire strengar å spela på, i tillegg er dei ein divisjon høgare i systemet (som me fortsatt slit litt med å finna ut av :-).

Kampen enda tilslutt 34-13 til Sogndal, etter at det stod 20-7 på tavla til pause. Men det var mange positive teikn å spora for Fjørajentene. Forsvarsspelet sit mykje betre no enn på same tid i fjor. Over halvparten av måla til Sogndal kom på rush, i etablert fekk Sogndal faktisk ikkje til so mykje. Jentene jobba steinhardt, men fekk diverre ikkje betalt so godt for jobbinga. Det må eit ineffektivt angrepsspel ta ein STOR del av skulda for.

Det vart for mykje rushmål imot, spesielt i første omgang. Då gjorde Vårin Ness og Trude Navarsete nesten som dei ville der ute. Fjøra stressa spesielt mykje i spelet sitt i 1. omgang, der dei skaut for lite på klare sjansar, samstundes som dei kasta vekk ballen gang på gang. Det er ikkje lurt i handball og mot gode motstandarar, slik som Sogndal, så vert ein straffa. Hardt straffa.

I handball så kan det tidvis vera ein fordel å stressa ned litt, bruka tida til å prøva å bygge opp angrepa litt og avslutta når dei gode sjansane byr seg. Det er ikkje så lett i kampens hete å halda hovudet kaldt, men dette kjem nok etterkvart og utover i sesongen, det er eg rimleg sikker på.

Men positive teikn var og heilt klart å spora tysdagskvelden. Det er eit høgare tempo i spelet til Fjørajentene i år, og dei har utvikla seg sidan i fjor – dei har rett og slett eit høgare register å spela på enn i fjor. I tillegg er jentene mykje tøffare i duellspelet, noko som kan tilskrivast nivået på treningane. Dei har konstant 20 stk på trening. Det er berre å sjå på herrene for å registrera at det har effekt. Dei har og lege rundt 20 stk på trening i heile haust.

Og så må ein nevna at mange faste spelarar ikkje var med i på tysdag grunna skadar og jobb. So her vert da verkeleg noke å sjå fram til i laupet av sesongen. Fjørajentene kjem til å bita godt i frå seg i år, ver du sikker.

Det var vanskeleg å kåra dagens fjør i denne kampen, men utpå var Siv Jeanette Lerum den berande spelaren med 6 mål, samt mange positive involveringar. Ellers ser det ut som at Marit Norheim er vorte erstatta på beste måte. Johanne Holen, som er ny keeper i år, gjorde ein god kamp mot Sogndal. I tillegg var det ein del andre nye spelarar. Heidi Sunde, Marte Kjernsholen, Kjersti Røysum og Kjersti Røneid viste alle at dei blir gode tilvekstar i troppen.
 
Dagens domar, "Bønne", viste ikkje ut noken i ein lettdømt kamp. Han hadde ein god tone både utpå bana og spesielt mot benkane. Berre smil å spora på begge lag. Flott ramme var det og på kampen, ein del tilskuarar som det var.