| |
Hausten er på oss som influensaviruset. Fotballsesongen er på hell,
epleslangsesongen pågår for fullt, medan handballsesongen står for døra.
Fjørajentene går på ein ny sesong i 4. divisjon. Fjora.no sin utsende
har vore innomhus og lodda stemninga.
|
Publisert:
14. september 2010 |
Tekst: Jan Fuglesteg | Foto:
Tom Wolff Navarsete |
Då er treningane for den kvinnelege delen av Fjøra starta for
fullt. Og der det er damer er det også mannabein :-). Difor hadde
gentleman Tom Wolff Navarsete teke turen oppom Idrettshallen for å
bistå med sin botnlause kunnskap om skritt og dobbeltstuss.
Etter mykje fram og tilbake så greidde me i fjora.no og få tak på
reglementet om opprykk og nedrykk. Så i vår meldte me at Fjøra sine
handballjenter vart degraderte. Trudde me. No viser det seg at dette
reglementet er like uforutsette som vitsane til Torbjørn Ylvisåker
:-). Faktorar som at førstelag som ikkje kunne spela i same
divisjonen som sitt andrelag, lag som trekte seg, andrelag som rykte
opp, førstelag som rykte ned. Da heile koka ihvertfall inn (eller
redusere som det heiter på kokkespråket) til at Fjøra vart verande i
4. divisjon. Det er nokre endringar i årets stall, ehh, eg
meiner årets tropp. Er det nokon der ute som har fundert på kvifor
ein brukar ordet stall når det gjeld handball eller fotball? Ein
stall inneheld jo normalt hestar og å benytte det til å omtale eit
damelag i handball vert jo aldeles feil. Så me held oss til tropp,
trur eg. Stammen frå førre sesong er intakt. Me skal komma tilbake
med ein større reportasje når det dreg seg mot seriestart, kva dei
trur om sesongen osb. Rita Orrestad fortset som trenar, og kanskje
vil me sjå ho på bana også utover sesongen. Treninga i går var det
Linda Brusegard som leia med hard hand. I og med at Fjøra i
år held seg i 4. divisjon so blir det ein litt annan logistikk enn
ifjor. Av lokale lag er det berre Årdalstangen igjen. Det betyr
fleire reiser rundtom i fylket vårt. Men handballkretsen er faktisk
litt konstruktive. Når ein fyrst spelar borte, spelar ein to kampar
på same dag. Det vert lagt opp til ein skikkeleg handballhappening
når ein fyrst skal arrangera noke med mange kampar mellom laga om
det no er i Dale, Sogndal, Årdal eller på
Eid. Det betyr mykje folk og
stor stemning. Eit flott tiltak tykkjer me. Det er seks lag i
avdelinga til Fjøra og dei resterande 5 laga er ÅTIL, Eid, Stryn,
Dale og Førde. Fjøra skulle eigentleg ha spelt sin første
seriekamp 2. oktober, men har valgt å utsette kampen. Så det inneber
at første seriekamp for Fjørajentene vert 27. oktober då dei er
vertar for ÅTIL. Kampstart kl 20:00. Etter treninga i går å
døme så verkar Fjørene klar for sesong - den vanskelege andre
sesongen, som det heiter.
Bilete frå treninga




|
|