For nesten 3 veker sidan gjekk den årvisse
Fjørafesten av stabelen ved Quality Hotel Sogndal.
|
Publisert:
14. desember 2011 |
Tekst: Jan Fuglesteg | Foto:
Bjørn Egil Moldestad |
Sjølv om det vart
nedrykk denne sesongen så var stemninga toppers. Tradisjonen tru
vart det delt ut ei rekkje utmerkingar. Men først etter at festlyden
hadde innteke god mat og drikke.
Me skal først og fremst
konsentrere oss om å fortelje kven som fekk prisar og utmerkingar
for sin innsats i 2011.
Først fram på podiet var Per
Barsnes, Vidar Vadseth og Kåre Selseng som fekk blomar for sin
innsats i klubben. Per for sin innsats som nestleiar og oppmann, og
Vidar og Kåre for sitt styrearbeid dei siste åra. Alle tre har
signalisert at dei gir seg i styret, men Per fortset som oppmann i
2012.
Fjøra er den klubben med flest domarar i Sogn. Heil
tre domarar i Asbjørn Kjetil Grinde Håre, Tor Henning Mardal og
Yngve Haakonsen. Yngve Håkonsen hadde med ei påskjøning frå SFFK. At
ein så liten klubb som Fjøra har så mange domarar er me særs nøgde
med, spesielt når ein tenkjer på at det er ein viss domarmangel i
fylket.
Så var det klart for å gi ein oppmerksomheit til dei
som har runda eit rundt tal obligatoriske kampar for Fjøra. Desse
var:
Roger Hjellhaug - 50 kampar Leif Kvamme Lysne - 50
kampar Jens-Ivar Nilsen - 100 kampar
Arild Underdal stoppa
på 199 kampar etter denne sesongen og han lyt nok ta ein sesong til
om han skal koma inn i den eksklusive 200-kamparseliten.
Elles fekk handballjentene 20 stk handballar sponsa av TV2.
Årets supporter gjekk til Per Kristian Ødegaard. Han har vore tilstades
på dei aller fleste Fjørakampar denne sesongen, borte som heime. Ola
Egge Ødegaard tok på vegne av far sin i mot ei flask kunjakk og
frikort til Fjøra sine heimekampar for sesongen 2012. Me håpar at
det vert nytta flittig i 2012.
Per Barsnes måtte opp på nytt
då han fekk ei flaske kunjakk for sin meget solide og nøyaktige jobb
over lang tid i klubben. Me tør påstå at det er langt mellom slike
oppmann i dette landet. Perfeksjonist til 1000. Også Terje Kvåle
fekk edle dråpar for sin lange og tru teneste i klubben. Aldri eit
nei der i gården. Vel fortent kara!
Som kjent sluttar begge
trenarane etter denne sesongen og dei fekk stående applaus frå
festlyden. Dei fekk blomar og ei lita ekstra påskjøning. Begge heldt
kvar sin tale. Me takkar for den solide innsatsen til både Bjørn og
Jan Rune.
Årets toppscorar vart Kenneth Nondal som til slutt
enda på 17 obligatoriske mål. Han putta 15 i serien og 2 i cupen.
For denne prestasjonen fekk han ein vase samt ein sigar av beste
cubansk handtverk.
Kveldens siste pris, og sportsleg sett
den gjevaste, var årets spelar. Ikkje uventa var det Leif Kvamme
Lysne som til ståande applaus mottok statuetten for årets spelar i
2011. Juryen hadde følgjande grunngjeving:
Årets spelar har i
år helde eit stabilt høgt nivå gjennom heile sesongen både på kamp
og trening. Vedkommande kan utanfor bana ofte virke litt uengasjert
og vel avslappa, men i kamp er han alltid 100% skjerpa, og leverer
alltid varene. Potensialet har det aldri vore tvil om. Dette i saman
med enorm vilje og satsing har gjort at han har hatt ei bratt
utvikling i sine år i Fjøra. Til tross for sin unge alder, har
vedkommande vist prestasjonar av ypperste klasse og fleire gonger
stått fram som laget’s klare einar. I tillegg til å vera ein
kjempekar, og godt likt av alle, har hans målretta satsing vist at
det og går an å lukkast i ein klubb som Fjøra. Det einaste som
kanskje kan stoppa han i å nå heilt til topps er hans store
lidenskap for ”Burger”. At hans målbevsiste satsing og gode
prestasjonar no har ført til at han fått seg tippeligakontrakt er
noko alle i Fjøra er stolte. Lukke til vidare."
Heile seansen
vart på framifrå vis leia av dei to konfraniserane Tor Henning
Mardal og Tom Wolff Navarsete. Det var vitsing og moro imellom dei
ulike påskjøningane og folk kosa seg dugeleg.
Ei lita
julenøtt må me også ta med: Det var 50 deltakarar på årsfesten, men
bestilt 51 juletalerknar. Kven fekk den siste trur de? Ikkje den
einklaste dette.
Etter dette kosa folk seg utover kvelden og
gjorde sitt til at markeringa av sesongen som vanleg vart ei flott
oppleving.
Me tek med nokre bilete frå årsfesten.











|