Me er komen godt ut i
januar og med det så er oppkøyringa mot ein ny spennande sesong godt i
gang.
Me kjem med nokre oppdateringar.
|
Publisert:
24. januar 2012 |
Tekst: Jan Fuglesteg | Foto:
Arkiv |
Fjorårstrenarane Jan Rune
Årøy og Bjørn Skjeldestad har levert stafettpinnen vidare til Kjell
Ertesvåg og Vidmar Hjellhaug som er komne godt i gong med
treningane.
Det er mange spelarar på trening om dagen og det er me sjølvsagt
nøgde med. Ingenting er betre enn det. Fjøra kjem etter planen til å
trena felles tre gonger i veka samt ei økt alternativt. Dette gjeld
dei vekene det ikkje er kamp. Dette må
til for å få eit godt treningsgrunnlag for å kunne møte sesongen på
ein god måte.
Den generelle stoda i troppen er at dei aller fleste vert med vidare
frå i fjor. Unntaka er Jens-Ivar Nilsen som har gitt beskjed om at
han ikkje vert med vidare. Det same gjeld Kim Andre Navarsete som
har vore skada sidan i fjor sommar. Også Johan Vorgaard og Mangnus
Hunemo kjem truleg ikkje til å vere med for fullt denne sesongen.
Elles har me den gleda å melda at Daniel Fylling og Ole Marius Solberg
no er skadefrie og satsar for fullt vidare. Dette gjeld også Jørn
Skeldestad som var mykje plaga av skadar førre sesong. Av nye
spelarar tek me med at Ørjan Hjellhaug har signert for Fjøra og vil
dermed spele i same klubb som broder Roger og fader Vidmar. Ørjan er
ein meget spennande offensiv spelar som me håpar skal slå ut i full
blom i Fjøra. Me ynskjer han hjartleg velkomen i klubben. I tillegg
vert det jobba med nye signeringar, men dette og ein total oversikt
over troppen får me koma attende til etterkvart. Men det er det ingen tvil om at Fjøra vil ha ein
tropp som kjem til å bita godt frå seg denne sesongen.
Fjøra har planlagt følgjande treningskampar fram mot seriestart, og
det startar alt med to kampar komande helg.
Laurdag 28.01, Sogndal II (Sognahallen, kl 13:00)
Sundag 29.01, Florø SK (Sognahallen, kl 12:00)
Torsdag 02.02, Årdal FK (Jotun kunstgras)
Onsdag 08.02, Vik IL (Vik kunstgras)
Laurdag 18.02, Saga FK (Sognahallen)
Laurdag 03.03, Tornado MFK (Sognahallen)
Fredag 09.03, Lærdal IL (Lærdal kunstgras, kl 18:00)
Fredag 16.03, Kaupanger IL (Kaupanger kunstgras) Laurdag
24.03, Askøy FK (Sognahallen) Fredag 30.03, Vik IL (Vik
kunstgras) Laurdag 31.03, Bergen (motstandar ukjent) Sundag
01.04, Bergen (motstandar ukjent) Måndag
16.04, Sogndal II (Sognahallen / Kaupanger kunstgras)
Det er godt å vera i gang att.
|