Som dei fleste har fått med seg så kjem Fjøra FK til å arrangere
Kjempenes Liga 3. og 4. februar. Som kjent vart det ikkje noko ut av
turneringa på dei opprinnelege datoane i noveber i fjor, grunna
overbelastning i den grøne overledninga i sikringsskåpet inne i
Sognahallen.
|
Publisert:
5. januar 2012 |
Tekst: Jan Fuglesteg | Foto:
Ian Birdstep |
Dette er no historie og
me ser med glede framover mot starten av februar og ei fin-fin
oppleving inne i Sognahallen. Me tenkte me skulle gi lesarane litt
vette info.
Me nyttar det same gruppe- og kampoppsettet som vart laga til i
november. Etter det me kjenner til så har alle laga som meldte seg
på turneringa i november signalisert at dei også stiller til dyst no
i februar. Men her kan endringar kome slik det studom gjer inn mot
turneringsstart.
Så me har difor opna opp for påmelding i både dame- og herreklassen der det
fortsatt er rom for 4 nye lag i kvar klasse dersom det er interesse for det.
For at det skal skje er det nokre forutsetningar som må på plass:
- Det må melda seg på 4 nye lag for at me skal opprette ei ny
gruppe. Alle nye lag går då inn i den nye gruppa.
- Føresetnaden for dette er at det samstudes ikkje er opprinnelege
lag som trekkjer seg frå turneringa.
- Skulle det siste skje vil lag som melder seg på kunne gå inn som
erstatning for eventuelle lag som trekkjer seg i den aktuelle
gruppa.
Påmelding gjer du på nettsida for
Kjempenes Liga.
|