|
|
|
Det er berre å beklaga at
live-overføringa ikkje gjekk etter planen i går, men tekniske
problem er det lite å gjera med når ein er på direkten. Eg har fått
i gang det gamle treskeverket av ein laptop, noko som gjer at eg har
skrive inn hendingane i ettertid, for me heldt kontakten i heile 2.
omgang sjølv om me ikkje greidde å legge det ut på nett. Skreiv det
ned på pair. Vel, kampen enda 0-0 og det var vel ingen av laga nøgde
med slik tabellsituasjonen for laga er. Kampen var jamnspelt i
samtlege 90 minuttar, det var mange duellar og resultatet viser eit
rettvist bilde av kampen. Me kjem til å legge ut eit referat i løpet
av dagen, samt bilete frå kampen. Nok ein gong - be ber om orsaking
for at livesendinga ikkje fungerte i går. |
|
90 |
|
Slutt. |
|
90 |
|
Tobbe er kongen i luftrommet på den
corneren og stangar unna. Får frispark i situasjonen også. |
|
90 |
|
ÅFK tek over og ballen hamnar hjå
Christian Stedje som utfordrar Kvalvik. Kvalvik er med og taklar til
corner. |
|
90 |
|
Frisparket til ÅFK vert slege inn i
boksen til Fjøra, men Fjøra klarerer og går i angrep. |
|
90 |
 |
Terje Thorsnes, Fjøra |
|
90 |
|
ÅFK avklarar corneren og kontrar og
Thorsnes lyt laga frispark. |
|
90 |
|
Innkast Fjøra høgt oppe på ÅFK sin
banehalvdel. Det endar med ein stuss og Fjøracorner. |
|
90 |
|
Fardal tek med seg Thorsnes som ikkje
treff med innlegget sitt. Bak mål. |
|
90 |
|
Stor Fjørasjanse til å avgjere kampen.
Eit langt framspel av Solberg vart stussa vidare inn i boksen til
ÅFK. Der stod Øyrehagen som hoppar for tidleg opp når han skal heada
i mål. Ballen ramlar ned og ÅFK keeperen får fakka ballen. For ein
debut du kunne fått der Sebastian. |
|
90 |
|
Hunemo klarerer innkastet og Øyrehagen
har starta på løp. Pasninga mot han er litt for lang og upresis. ÅFK
tek over. |
|
90 |
|
Nytt ÅFK-angrep som endar med innkast
til ÅFK på høgde med Fjøra sin 16-meter. |
|
89 |
|
Innlegg ved Abbas som Fjøraforsvaret
ryddar unna. |
|
89 |
|
Kvifor skal ting vera så utruleg
spennande :-). |
|
88 |
|
ÅFK har etablert eit lite press, men
skapar lite. |
|
87 |
|
Skot ved Abbas, men langt utanfor. |
|
87 |
|
Christian Stedje på farten, men vart
takla av Kvalvik. Innkast på midten. |
|
86 |
|
Skot ved Thorsnes frå 40 meter. Prøvde
seg med ein frekkis då ÅFK-keeperen stod litt langt ute. Ufarleg
dog. |
|
85 |
 |
Byte Fjøra: Jon Eirik Myhre ut, Terje
Thorsnes inn. |
|
85 |
 |
Byte ÅFK: Aleksander Linkvist ut,
Johann Traustasson inn. |
|
84 |
|
Fjøra er litt pressa, men står godt opp
i duellspelet. |
|
83 |
|
Fjøra avklarar corneren, men ÅFK sler
inn att på nytt mot Hunderi som spring inn på fremste. Han set
hovudet til, men ballen går utanfor. God rytme i angrepet, men
Hunderi skulle truffe godt om han skulle ha scora på det legget. |
|
83 |
|
ÅFK og Strypet avklarar corneren, går
rett i angrep og vinn corner. |
|
82 |
|
Stor Fjørasjanse. Andreas Fardal fekk
sjansen og fyrte av eit kjempeskot retning heilt nede ved
stolperota. Men den polske keeperen er med og sler ballen til corner
med ei god redning. |
|
81 |
|
Innlegg ÅFK som Fjøraforsvaret avklarar. |
|
81 |
|
Fjøra med eit forsøk, men igjen
upresist. |
|
80 |
|
Innlegg ÅFK på fremste stolpe som
Strypet møter. Avslutninga langt utanfor. |
|
80 |
|
Fjøra snytt for soleklart innkast. |
|
79 |
|
Andreas Fardal skal ha frispark på
midten, men får fordel. Greier ikkje å skapa noko. ÅFK får innkast.
Fordelestolkninga kan vel diskuterast. |
|
79 |
|
Langt oppspel ÅFK som Hjellhaug
klarerer. ÅFK fangar opp og prøver på nytt, denne gongen over
kortlina. Utspel FFK. |
|
78 |
 |
Byte Fjøra: Kai-Henry Haugen ut,
Sebastian Øyrehagen inn. |
|
78 |
 |
Byte ÅFK: Jonas Hestetun ut, Ole Gunnar
Hunderi inn. |
|
77 |
|
No er det Fjøra som prøver seg utan å
lukkast. |
|
77 |
|
ÅFK prøver seg, men det vert for tamt
for årdølene også. |
|
76 |
|
Heilt jamnt, men fortsatt med nerve. |
|
75 |
|
Ole Marius Solberg avklarar corneren
til ÅFK. |
|
75 |
|
Innlegg ved Christian Stedje, via
Kvalvik og til corner. Også Kvalvik har levert varene og sleppt
Stedje svært lite til. Rett og slett solid back-spel. |
|
75 |
|
Hunemo har hatt ein god debut og jobba
hardt i denne kampen. Er sliten. |
|
74 |
|
Fjøra kombinerte bra, men innlegget til
Haugen kom for nært keeper. |
|
73 |
|
Det skjer ikkje allverda, men innsatsen
er god hjå begge laga. Litt avventande og det er ingen av laga som
torer heilt å sleppe seg opp. Prioiterer det trygge. |
|
72 |
|
Innlegg ved Ødegård som søkte ned mot
dødlina til ÅFK. ÅFK avklarar, men Myhre fanga opp utan at det vart
noko ut av det. |
|
71 |
|
ÅFK legg inn, men Tobbe / Hjellhaug
avklarar. |
|
70 |
|
Innlegg i angrep og dei kom til innlegg
som ÅFK nikkar ut att. |
|
70 |
|
Innlegg ÅFK etter det innkastet, men
ballen går etterkvart rett i klypene på Lysne. |
|
69 |
|
Corneren slegen langt bak i feltet, men
ÅFK fangar opp på motsett. Flugheim pressar og taklar til innkast. |
|
69 |
|
ÅFK går i angrep og vinn corner. |
|
68 |
|
Frispark til Fjøra på midten som vert
slege inn i boksen til ÅFK. Endar med utspel frå ÅFK-keeperen. |
|
67 |
 |
Byte Fjøra: Arild Underdal ut, Terje
Flugheim inn. |
|
66 |
|
Fjøra og Jon Eirik Myhre kom på ein
overgang, spelte til Hunemo i god posisjon. Han kunne ha skote om
han hadde gått til andre sida. Då hadde han truleg kunne scora. Stor
sjanse. |
|
65 |
|
ÅFK og Christian Stedje prøvde seg med
eit innlegg men det heile endar med utspel frå Leif Lysne i
Fjøramålet. |
|
64 |
|
Magnus Hunemo vender seg fri og får
lagt inn. ÅFK avklarar. |
|
63 |
 |
Byte ÅFK: Ole Einar Rebni ut, Abbas
Abdul Wahabu inn. |
|
62 |
|
ÅFK i angrep som endar med innlegg som
Tobbe avklarar. Tobbe har vore drivande god i midtforsvaret til
Fjøra sålangt, bortsett frå den eine glippen i 1. omgang. |
|
62 |
|
Det er litt tøffare i duellspelet no,
men det meste føregår på midten. |
|
61 |
|
Fjøra går rett i angrep ved Torbjørn
Ylvisåker som fører opp i flott driv. ÅFK reddar opp. |
|
61 |
|
Innelegg ved Preben Strypet utanfor
boksen til Fjøra, men legget går rett i klypene på Leif Lysne. |
|
60 |
|
Fjøra i angrep, prøver seg med ei
langpasning som vert for upresis. |
|
59 |
|
Innkastet vart det ingen ting ut av for
Fjøra sin del. |
|
58 |
|
Ingenting ut av det frisparket
ekspedert av Haugen. ÅFK klarer det til innkast. |
|
57 |
|
Innkast Fjøra på høgde med ÅFK sin
16-meter som endar med eit frispark i god innlegsposisjon heit nede
ved dødlina til ÅFK. |
|
56 |
|
Tversoverpasning av Fjøra, men ÅFK
utnyttar ikkje det og Fjøra går i angrep som renn ut i sanden. |
|
55 |
|
Ole Einar Rebni misser i ÅFK-forsvaret
og Hunemo tek over. Underdal får etterkvart ballen frå Hunemo og var
like ved å sette den i mål, men ÅFK sin polske keeper kom ut og
blokkerte avslutninga. Kampens største sjanse sålangt! |
|
54 |
|
Ingenting ut av corneren til ÅFK. |
|
54 |
|
Innkast ÅFK og Linkvist prøvde å dra
seg ned til dødlina. Han la inn, men ballen går via ein Fjøraspelar
og til corner. |
|
53 |
|
Få sjansar sålangt i omgangen. Jamn
affære dette. Torer ikkje heilt å koma heilhjarta med mange folk i
angrep. Gjeld begge laga. |
|
52 |
|
Fjøra i angrep ved Ødegård / Haugen.
Sistnemnte prøver seg med eit skot / lobb med det vart ufarleg. |
|
51 |
|
ÅFK i angrep, spelar bra og dei kom til
innlegg. Tobbe sette inn ei god sklitakling og Fjøra får rydda opp.
God inngripen av Fjørakapteinen der. |
|
50 |
|
Jamnt i starten av omgangen også, men
kanskje eit bittelite overtak til gjestane. |
|
49 |
|
Corneren slegen inn og ÅFK fekk stussa
den, men kun til Fjørainnkast på motsett side. |
|
48 |
 |
Roger Hjellhaug ligg nede med skade
etter duellen inne i boksen som førte til corneren. Stopp i spelet. |
|
47 |
|
Innelgg ÅFK som Leif Lysne er ute og
boksar. Det endar med corner. |
|
46 |
|
Ingen byte på nokon av laga. |
|
46 |
|
Andre omgang i gang, ÅFK med avspark. |
|
|
|
Jamn 1. omgang, med relativt få og jamt
fordelte sjansar. Heilt greitt at det står 0-0. Det meste føregår på
midtbana med duellar og høg innsats. For Fjøra sin del stoppar det
ofte opp i siste tredjedelen i angrepa. Men dette er heilt opent og
me får sjå kva 2. omgang gir oss. |
|
45 |
|
Pause. |
|
45 |
|
Frispark til ÅFK ved Christian Stedje
rett utanfor 16-meteren til Fjøra, men det vart sett over. |
|
43 |
|
Arild Underdal med lite sjanse, men
lukkast ikkje heilt. |
|
42 |
|
Her gjekk tastaturet på laptopen gaiken
og alt som er skrive over er lagt til i ettertid. |
|
41 |
|
Frispark ÅFK 10 meter inn på FFK sin banehalvdel. Vert slegen inn i
feltet der Lindkvist fekk stussa vidare, men rett i klypene på Leif
Lysne. |
|
40 |
|
Det svingar frå side til side og kampen kan ikkje karakteriserast
som noko anna enn jamn. |
|
39 |
|
Lang corner, for lang, men Rebni fangar opp og sler inn på nytt.
Tobbe avklarar og Fjøra kom på ei kontring. Fardal var for upresis i
pasninga på den overgangen. |
|
38 |
|
Innlegg ÅFK, Leif er ute, men det vert corner til ÅFK. |
|
37 |
|
Bra pestasjon av Hunemo som kom seg fri og prøvde eit legg. ÅFK er
med og klarerer. |
|
36 |
|
Det er jamnt og det er nerve, det er lokaloppgjer. |
|
36 |
|
Innlegg ÅFK og Lysne er ute for å fakka. Får seg ein dytt, men ikkje
noko frispark. Fjøra avklarar. |
|
35 |
|
Hunemo med ein bra sjanse då han skaut frå skrått hald. ÅFK-keeperen
må gjera ei kvalifisert redning. |
|
34 |
|
Tabbe i Fjøraforsvaret som ÅFK kunne utnytta, men Solberg kom til
unnsetning. |
|
33 |
|
Sjølv om det ikkje er allverda til sjansar så er det høgt tempo i
kampen. |
|
32 |
|
Underdal får soleklart frispark, men kun på midten. |
|
31 |
|
Småfarleg corner med litt klabb og babb før ÅFK fekk klarert. |
|
30 |
|
Ny Fjøracorner. |
|
30 |
|
ÅFK klarerer corneren. |
|
30 |
|
Fjøra i angrep og ballen til Underdal utanfor boksysneen til ÅFK.
Innlegg som endar med Fjøracorner. |
|
29 |
|
Innlegg ÅFK, men ballen heilt inn til Lysne. Offside også. |
|
28 |
|
Det vert trekning av sponsorkontraktar i pausen. |
|
27 |
|
ÅFK på ein visitt og kom seg nesten igjennom. Fjøra tek over og
kontrar. Endar med innlegg rett i klypene på ÅFK-keeperen. |
|
26 |
|
Christian Stedje prøvde seg med eit skot men traff dårleg. |
|
25 |
|
Kampen er fortsatt jamnspelt utan at det vert produsert sjansar av
betydning. Det har vore ein heller sjansefattig kamp. |
|
24 |
|
ÅFK på farten etter eit nytt Fjøraforsøk, men det vil seg ikkje
heilt for gjestene heller. |
|
23 |
|
Fjøra prøver seg med ein stikkar, men ÅFK er robuste og taklar. |
|
22 |
|
Innkast Fjøra 10 meter frå kortlina til ÅFK. Ingenting ut av det.
Haugen vart takla. |
|
22 |
|
Innlegg ÅFK, men Solberg står klar og stangar unna. |
|
21 |
|
Avslutning ved Strypet frå 20 meter, men skotet gjekk over. |
|
20 |
|
ÅFK i angrep, men går i offside. |
|
20 |
|
Fjøra har teke over kampen att og prøver å etablere trykk på
gjestane. |
|
19 |
|
Ingenting ut av det innkastet. ÅFK klarerer ballen ut på midten. |
|
18 |
|
Nytt innkast til Fjøra på same plass. |
|
18 |
|
Innlegg ved Ødegård, som ÅFK klarerer til innkast på høgde med eigen
16-meter. |
|
17 |
|
Innlegg ved Ødegård mot Underdal, men litt for lang. Fjøra fangar
opp og Fardal prøver eit innlegg som ÅFK snappar og set i gang eit
angrep. |
|
16 |
|
Innlegg Fjøra, men ÅFK fekk avklara. Fjøra fangar opp og prøver på
nytt. |
|
16 |
|
ÅFK har teke initiativet i kampen no. |
|
15 |
|
Frispark ÅFK på 25 meter som resulterte i eit skot over. |
|
15 |
 |
Andreas Fardal, Fjøra. |
|
14 |
|
Avslutning av ÅFK ved Christian Stedje - like utanfor. Kom etter eit
raskt innkast den sjansen. |
|
13 |
|
Hunemo prøver seg med eit skot / pasning mot Underdal, men heilt inn
til ÅFK sin polske sisteskanse. |
|
13 |
|
Kampen er jamnspelt. |
|
12 |
|
Innlegg av Haugen som vart blokkert av ÅFK. Fjøra fangar opp og
spelar bra. Avsluttning av Ødegård, men langt utanfor. |
|
11 |
|
Frispark Fjøra på midten. Slege inn i boksen, men ÅFK-forsvaret har
full kontroll. |
|
11 |
|
Innlegg ÅFK som Solberg avklarar til Fardal og Fjøra kan koma i
angrep. |
|
10 |
|
Strypet med ei avslutning og Lysne redda fint. Kampens største
sjanse til no. |
|
9 |
|
Kvalvik avanserer og spelar til Underdal som prøver å utfordre.
Ballen for langt framføre seg og over kortlina til ÅFK. |
|
8 |
|
Nytt ÅFK-frispark, men ballen går etterkvart ufarleg inn til Lysne. |
|
7 |
|
Frispark ÅFK som Tobbe avklarar. Fjøra er kome hakket betre i gang
enn gjestane. |
|
6 |
|
Innlegg Fjøra etter fint spel. Innlegget litt for upresist og keeper
fakkar. |
|
6 |
|
Haugen med ballen utanfor boksen til ÅFK, prøver å dra seg ned og
får lagt inn. ÅFK avklarar. |
|
5 |
|
ÅFK prøver seg også, men ballen inn til Lysne i FFK-buret. |
|
4 |
|
Fardal drog seg forbi ein og prøvde ein stikkar, men heilt inn til
keeper. |
|
4 |
|
Omlag 150 på tribunane, deriblant ein del årdøler. Kjekt det. |
|
3 |
|
Innlegg ÅFK, men utan god adresse. |
|
2 |
|
Innlegg ved Hjellhaug, men for upresist. |
|
2 |
|
To debutantar på Fjøra i dag Magnus Hunemo frå Hasle-Løren og Jørn
Kvalvik frå Askøy. |
|
1 |
|
Fjøra med skot av Andreas Fardal som ÅFK fekk blokkert. Flott
vending av Hunemo i førekant. |
|
1 |
|
Kampen er i gang, Fjøra tok avspark. |
|
|
|
Laga er klare, sjå under. |
|
|
 |
Dagens domar er Rune Haugland, Haugen IL. Med seg som
assistentdomarar har han Thor Kristian Sortevik, Hafslo IL og
Vebjørn Nord Haugland, Eid IL. |
|
|
|
Me kjem attende med lagoppstillingar og anna informasjon når det
nærmar seg kampstart. |