| |
Det nærmar seg toppkamp
30.08.2010 21:28:45
Nils Tore oppsummerer kampen mot Fjøra.
Fjøra – Årdal FK 0-0 Sogndal stadion
Årdal FK: Bartosz Deregowski, Edvin Hestetun, Ole Einar
Rebni (Abbas frå 65 min), Ingi Hilmarsson, Brede Stedje Ylvisåker, Tim
Teigen, Dan Erik Johannesen, Jonas Hestetun (Ole Gunnar Hunderi frå 75
min), Christian Stedje, Alexander Lindkvist (Johann Traustason frå
80.min), Preben Strypet.
Jamnt i første omgang, der mykje av
tida gjekk med til midtbanekrig. Det var ein relativt sjansefattig
omgang frå begge sider, og pauseresultatet gav eit greit bilde av kampen
til då.
I andre omgang var ÅFK noko friskare og tok over meir av
spelet, men Fjøra forsvarte seg godt, og me greidde ikkje å utnytta det
me skapte av sjansar.
Me fulgte kampen
her.
Nils Tore Krosshaug har sendt oss følgjande
oppsummering:
- Det blei poengdeling mot Fjøra,og det var vel
eit greitt resultat i ein sjansefattig kamp. Me hadde ein svært
utfordrande inngang til kampen ettersom hverken Jørn Skjeldestad, Ørjan
Stedje Ylvisåker og Ole Einar Rebni var indisponible. I løpet av
fredagen bestemte Ole Einar seg likevel for å prøve etter å ha vore sjuk
nokre dagar. Med Jørn og Ørjan ute måtte me dra ned Edvin som stoppar.
Etter 55 minutt var Ole Einar heilt tom og Dan Erik tok
midtstopparplassen. Både Edvin og Dan gjorde jobben veldig bra,men me
mista Edvin sin duellstyrke og Dan sin kreativitet i midtbaneleddet. Me
gjer ein bra bortekamp defensivt, men det lugga offensivt, spesielt med
val og pasningspresisjon på siste tredjedel, men spelarane skal ha ros
for innstilling og vilje.
Med uavgjort mot Fjøra og seier til
Tornado i helga, blir det ein viktig kamp på Jotun Stadion førstkommande
laurdag. Den vil vera avgjerande for om ÅFK kan vera med i kampen om
kvalik til hausten, sjølv om Tornado har igjen både Sogndal 2 og Stryn
borte seinare i haust.
Vel møtt til toppkamp, alle saman!
Kjelde:
ardal-fk.no (direktelink) |
ardal-fk.no
(hovudside) |
|
Ingen mål i Fjøra-kampen
27.08.2010 20:49:37
Årdal FK spelte 0-0 mot Fjøra i Sogndal fredag kveld. - For så vidt ei
rettferdig poengdeling. Me heng framleis med i tet, men då må me vinna
mot Tornado Måløy heime neste helg. Då er det vinn eller forsvinn, seier
Brede Stedje Ylvisåker.
Brede Stedje Ylvisåker seier han knapt
kan hugsa å ha spelt kamp i ÅFK-trøya utan scoringar.
- Men trass
i resultatet, vil eg seie at me synte stor framgang samanlikna med våre
to siste kampar, fortel han på telefon etter kampen.
Greitt med poengdeling Ylvisåker seier at det eigentleg
ikkje var mange klare målsjansar gjennom kampen.
-
Det lukta 0-0 lang veg, sett vekk i frå at begge lag fekk kvar sin store
målsjanse mot slutten. Slik sett tykkjer me det er greit med
poengdeling.
- Men vart det mykje midtbanespel i og med ingen
nettkjenningar?
- Tja, eg vil vel ikkje akkurat påstå det.
Det er rett og slett berre slikt som skjer i einskilde fotballkampar. Me
køyrde mange langpasningar, så ok, det blir vel ikkje heilt feil å hevda
at det til tider vart litt Hawai-fotball.
Ser fram til
neste og viktige kamp Han vil gjerne understreka at laget
synte ein heilt anna innsats enn i kampane mot Eid og Sandane.
-
Alle spelarane viste 100 prosent guts og innsatsvilje. Ingen av oss heng
med hovudet i kveld. No er me gira på neste helg og avgjerande kamp mot
Tornado Måløy heime. Vinn me ikkje den, er me nok mest sannsynleg ute av
dansen i høve opprykk-spel.
Jørn Skjeledestad var ikkje med mot
Fjøra på grunn av skade. Ørjan Stedje Ylvisåker måtte stå over då han er
sjuk.
Sist Årdal møtte Fjøra, vann årdølene 3-1.
Kampfakta:
Menn 3. divisjon Firdaligaen
Fjøra - Årdal FK: 0-0 (0-0) Fredag 27. august 2010, Sognahallen
Tilskodarar: 100
Årdal FK: Dan Erik Johannessen, Preben
Strypet, Jonas Hestetun (Ole Gunnar Hunderi frå 77. min), Tim Teigen,
Aleksander Lindkvist (Johann Traustasson frå 84. min), Christian Stedje,
Edvin Hestetun, Brede Stedje Ylvisåker, Ole Einar Rebni (Abbas Abdul
Wahabu frå 62. min), Ingi Hilmarsson og Bartosz Degerowski.
Gule
kort: Andreas Fardal og Terje Hove Thornes (begge Fjøra) Dommar: Rune
Haugland
Tabell og anna info. Firdaligaen
Les direkteoverføringa frå kampen på Årdal FK sine heimesider
(Tekst og foto: Siren B. Svortevik siren@porten.no)
Kjelde:
porten.no (direktelink) | porten.no
(hovudside) |
|

UAVGJORT: Fjøra og Årdal FK spelte 0-0 fredag. Her er Magnus Hunemo
og Ingi Hilmarsson i duell.
Uavgjort mellom Fjøra og Årdal FK
Ingen av laga klarte å
scora på Sogndal Stadion fredag kveld, dermed enda lokaloppgjeret i 3.
divisjon 0–0.
Endre Romøren | Publisert 27.08.2010 kl
21:19 Oppdatert 27.08.2010 kl 21:21
– Det vart veldig lite spel,
og kampen var prega av mykje tut og køyr heile vegen. Me mangla litt på
å få det heilt til, seier Årdal FK-veteranen Ole Gunnar Hunderi (38),
som spelte det siste kvarteret som innbytar.
Han fekk årdølene
sin største sjanse i kampen fire minutt før slutt, då han heada eit
innlegg frå Christian Stedje utanfor frå seks meter.
– Det var
eit bra innlegg, og det er irriterande at eg ikkje scora. Eg traff litt
for godt rett og slett, slik at ballen gjekk rett fram og utanfor i
staden for mot mål, seier Hunderi.
Nesten for Fjøra
Det gjekk lang tid mellom kvar gong heimelaget kom til sjansar og,
men dei var til gjengjeld store då dei kom. Etter 37 minutt dunka
debutanten Magnus Hunemo til frå 16 meter, der berre eit tigersprang av
ÅFK-keeper Bartosz Degerowski hindra 1–0.
Like før
Hunderi-sjansen fyrte midtbanegeneralen Andreas Fardal av eit godt skot,
men igjen var Degerowski på rett plass og fekk fista ballen ut til
corner.
Utanom dette skjedde det lite føre dei to måla, då mykje
av spelet føregjekk på midtbana og begge laga sleit med å bryta i
gjennom kvarandre sine forsvar.
Ikkje nok
Med tanke på tabellsituasjonen var ikkje uavgjort godt nok for nokon av
laga. Fjøra trengte full pott får å henta inn Dale sin 6. plass for å
unngå nedrykk, medan Årdal FK saktar akterut i høve Tornado Måløy på
førsteplass.
– Det er heilt rett at uavgjort ikkje var nok i
dette oppgjeret. Begge laga trengte ein siger, noko kampen bar ein del
preg av, då begge var redde for å tapa. Dermed vart det heile litt
reservert, seier Fjøra-trenar Jan Rune Årøy.
– Me spelte ein bra
første omgang, deretter kom me litt bakpå i byrjinga av andre, før me
heva oss mot slutten igjen. Eg er nøgd med det spelet me viser fram til
16-meteren, men derifrå og inn var me for lite bestemte, seier Årøy.
Kjelde:
sognavis.no (direktelink) |
sognavis.no (hovudside) |
|