PREMATCH
Fjøra FK - Årdal FK
16. serierunde Firdaligaen, Sogndal stadion
Fredag 27. august 2010, kl 18:30
 
 

 Referat

    LIVE      Bilete      Prematch Media
 
  
 
 
 

TMFK - FLORØ

 
 

Laurdag 28. august kl 16:00

 
  Viktig kamp for heimelaget som alle kampar vert frametter for TMFK. Attende på vinnarsporet så det held etter råsterke 10-1 borte mot eit Vik-lag i poengnaud. TMFK har vore heldige med skadar tidlegare i år, men i haust har det endra seg. Har viktige spelarar ute til denne kampen med skade og nokre som er i forcen / skule. Har likevel ein fyldig tropp og dreg no nytte av det. FSK imponerer og er eit "guffent" lag å møte. Stor rørsle og beinflytt, teknisk gode og fandenivoldsk innstilling. To lag med mokonlunde lik spelestil, FSK spelar gjerne TMFK-light. Sjølv om FSK har imponert sålangt i sesongen så trur me dei skal få det tøft i denne kampen.  
  TIPS: H  
 

 

 
 

HØYANG - DALE

 
 

Laurdag 28. august kl 16:00

 
  Skikkeleg lokaloppgjer og det er (Ytre) Sogn mot Sunnfjord. Dette er ein kamp mellom eit lag som har skuffa og eit som har overraska positivt. Høyang ligg sist på tabellen og måtte tola heile 9-1 borte mot Stryn. Høyang slit med å score mål i år, og må få skikk på både det og i hin enden. Må gjere noko om dei maktar for slik kan ikkje Høyang framstå resten av sesongen. Dale spelte uavgjort i den viktige kampen mot SIL II måndagskvelden og det betyr at dei no har 4 poeng ned til nærmaste utfordrar. Ser ein på tabellen så er fjalerbuene favorittar i denne kampen, men Høyang vil nok gi dei gul-blåe hard kamp om poenga.  
  TIPS: U  
 

 

 
 

STIL - JØLSTER

 
 

Laudag 28. august kl 16:00

 
  Til liks med føregåande kamp så er dette eit lokaloppgjer som ingen av laga ynskjer å tape. Begge laga kjem frå tap. STIL var godt med i bortekampen mot ÅFK og hadde også fortent poeng i den kampen etter ein god 2. omgang. Mogleg at blåtrøyene er litt på gang. Edvin Øygard spelar nok her, medan det er usikkert om Mads Wie vert klar etter sin skade. Jølster tapte 3-0 for Eid etter nok ein gong å koma tidleg bakpå. Dei greidde aldri å henta seg inn att. Må unnvære Kåre Åmot og Hallgreir Sandal grunna karentene. Får moglegeins attende Ole Martin Eide og det vil styrka Jølster. Dette vert tett og jamnt og dersom STIL greier å demme opp for dødballgode Jølster kan dei ta dette heim. Særs knapt tips.  
  TIPS: H  
 

 

 
 

EID - STRYN

 
 

Laurdag 28. august kl 16:00

 
  Dette er einkelt og greitt: Begge lag må vinne. Det er eit godt utgangspunkt for to lag som er angrepsviljuge. Eid er stabile om dagen og greier som regel å yte nok til å bikke dei jamne kampane til sin fordel. Ein kan konkludere med at Eid står kampane langt betre enn det som var tilfelle i fjor. Stryn kjem frå kalassiger mot Høyang og må nok nullstille skikkeleg til denne kampen. Eid er nemleg av eit heilt anna kaliber enn Høyang. Dette er eit Nordfjords desiderte "Old Firm" og prestisjen er stor. Eigentleg er heilgardering det einaste rette tipset, men skal me setja grunkane på nokon så får det bli Stryn.  
  TIPS: U  
 

 

 
 

SIL II - VIK

 
 

Måndag 30. august kl 19:00

 
  SIL II er bra i siget, men 3-3 borte mot Dale kan bli skjebnesvangert i høve til fornya kontrakt. For det er mykje som tydar på at SIL II kjem til å satse hardt på å bli blant dei 6 beste i avdelinga og dermed å ein god kamparena for sine reservar. Denne satsinga betyr gode lagoppstillingar hjå SIL II ut sesongen. Vik er inne i ein bølgjedal med 3 tap på rappen no etter ferien. Siste kamp tapte dei heile 10-1 (sesongens første tosifra tap) på eige gras. Rett nok mot TMFK, men likevel... Det spøkar for vikjene i høve til å melde seg på i kampen om 6. plassen, men det er berre å gløyme førre kamp å gi maks resten av sesongen. Me meiner SIL II bør ha stor sjanse til å alle poenga om dei stiller med eit lag som i dei siste kampane.  
  TIPS: H  

 

   

Det er klart for den haustens utgåve av 16. mairunden, men laga har sjølvsagt bytt heimebane. Det betyr mange lokaloppgjer som nok betyr meir publikum og prestisje enn ein vanleg runde. Slik tabellsituasjonen no er så vert det ein spennande runde. Fjøra tjuvstartar runden med kamp mot Årdal alt i kveld. Me gir dikka prematchen.

Publisert: 27. august 2010 | Tekst: Jan Fuglesteg | Foto: Bjørn Egil Moldestad


Det er i dag 20 år sidan Stevie Ray Vaughan omkom i ei helikopterulukke etter ein utandørskonsert i Wisconsin, USA. Det er med andre ord ein trist dag for alle gitarbluesfolka der ute på www. Men livet går vidare som det heiter og i kveld er det klart for eit klassisk sogneoppgjer på Sogndal stadion. Fjøra er vertar for Årdal FK og sjansen for at det vert ein gledens dag for eit av laga er stor.

Dette er ein kamp mellom to lag som nok har mykje å bevisa i høve til førre serierunde. Årdal vann rett nok sin kamp, men det var no akkurat på det berømte håret. Fjøra tapte 3-0 etter ein heilsvart affære. Det er no historie og fokuset er retta mot kveldens viktige kamp. Den er viktig for begge laga sidan berre siger er godt nok for begge. Dog med noko ulikt utgangspunkt: Fjøra i kampen for å overleve i divisjonen, Årdal i kampen om ligatrofeet.

Fjøra har denne sesongen vist at om dei har dagen så kan dei slå kven som helst i Firdaligaen. Kampen mot TMFK for 2 serierundar sidan var eit godt døme på det. Det er prestasjonane i frå den kampen Fjøra lyt hente fram i kveld om det skal bli poeng mot årdølene. Fjøra har gjennomført ei glitrande treningsveke med mange folk og stort trykk. Stemninga i troppen er positiv og laget gler seg til kamp mot ein motstandar dei kjenner godt. Fjøraspelarane er ute etter å visa at kampen mot FSK ikkje på nokon måte er representativ for kvaliteten i laget.

Einaste som ikkje er tilgjengeleg til kveldens kamp er Johan Salveson som må sone på grunn av 3 gule kort samt Bjarte Hovland. Elles har Ole Johnny C. Voll har gått attende til moderklubben Lærdal etter å ha vore i tenkeboksen etter sommarferien. Arild Underdal måtte gå av etter knappe kvarteret i kampen mot FSK etter ein leggskade. Han vart testa på treninga i gårkveld og trena då for fullt. Det betyr følgjande 20-mannstropp vert å finna på Sogndal stadion:


Leif Kvamme Lysne, Daniel Kvåle, Ivar Løvik, Marius Midtun Aaberge, Torbjørn Ylvisåker, Ole Marius Solberg, Jon Eirik Myhre, Roger Hjellhaug, Terje Thorsnes, Ole Morten Kvam, Andreas Fardal, Daniel Fylling, Arild Underdal, Terje Flugheim, Ola Egge Ødegård, Kai-Henry Haugen, Magnus Hunemo, Jørn Kvalvik og Sebastian Øyrehagen

Dagens motstandar, Årdal FK, er som forventa eit topplag og har lagt seg på 2. plass, tre poeng bak ligaleiar TMFK. Laget har variert litt i prestasjonane, også innan same kamp. Frå det glitrande til det meir ordinære. Men årdølene har hatt ei emne til stort sett å avgjere jamne kampar i sin favør og det er som kjent ein viktig eigenskap som er langt frå tilfeldig. Det er aldri tilfeldig at eit lag greier å vippe kampar i sin favør. Det betyr berre at dei er hakket betre enn motstandarlaget på dei viktige tinga, nemleg det å scora mål og å halde det reint i hin enden. Årdal kjem frå 3-2 siger i Øvre mot Sandane, der ein god omgang var nok til å ta med seg 3 poeng. Men mot eit litt meir effektivt lag enn STIL så hadde det nok vorte poengtap for Årdal. Den kampen var nok ein vekkar og me trur at til liks med Fjøra så er Årdal interesserte i å heva prestasjonsnivået frå førre serierunde.

Troppen til Årdal er også rimeleg intakt og meir om gjestane sin prematch og tropp kan du få med deg ved å gå via heimesida deira. Frå førre kamp er storscorar Morten Brandsdal attende, det same er truleg Jørn Skjeldestad. Ute med skade er Ole Morten Jevnaker.

Sjølv om Årdal FK er ein av dei ferskaste fotballklubbane i fylket så kjenner desse laga kvarandre svært godt frå gamalt av. Fjøra veit om styrkane (og svakheitane) til Årdal og det same gjer Årdal om Fjøra. Me skal ta med noko anna som også er ein svakheit, nemleg statistikk på små tal. Nemleg Fjøra sine seriekampar mot Årdal FK på eige gras. Fjøra har vunne heile 67% av kampane, medan ÅFK har vunne 33%. Me legg kjapt til at laga har møtt kvarandre 3 gonger. He-he, ikkje akkurat det store datagrunnlaget, men slik er det no ein gong. Det står 6-6 i målskilnad. Fjøra vann over Årdal både i 2007 og 2008, medan årdølene vann 4-1 i fjor.

Dette vert ein spennande kamp spesielt med bakteppet før kampen. Begge laga bør helst ta med seg full pott grunna tabellsituasjonen, det er eit lokaloppgjer og forhåpentleg er det mange som tek turen oppom Sogndal stadion i kveld. Det håpar me på iallefall.

Elles registrerer me at det er høve å støtta begge laga via grasrotandelen samstundes som ein kan vinna grunkar. Det må vera dette som er meininga bak uttrykket vinn-vinn situasjon. Dette som følgje av at Norsk Tipping har sett denne kampen opp på oddsprogrammet med følgjande odds: 2.40 - 4.10 - 1.70. Du kan sjølvsagt følgja resultatservice frå kampen på tekst-tv, du kan følgje Firda-liven, du kan følgje fjora.no-liven og du kan sannsynlegvis følgja liven til Årdal FK. Men det beste er å følgja kampen frå Sogndal stadion - som rett og slett me kallar sjå-det-med-eigne-auge-liven.

Dersom ikkje denne prematchen var underhaldning nok så kan me friste med SFFK sin teaser i høve denne serierunden. Berre å trykke på bildet under.