ÅRSMELDING 1974
Laget vart skipa i januar –74. Bakgrunnen for oppstartinga var at mange spalarar finn det for slitsomt å spela i Sogndal – dessutan er nivået så pass hardt at mange er nøydde til å slutta etter at dei er ferdige med juniorfotballen. Kaupanger har såleis vorte eit godt tilbod til dei som ikkje har vore gode nok eller ikkje vil ofra så mykje tid på fotballen som ein gjer td. i 3. divisjon.Styret dette året har vore:
| Inge Kjell Holme | Formann |
| Sigurd Sætre | Kasserar |
| Stein Loftesnes | Trenar |
| Mollert Lægreid | Materialforvaltar |
I sumar reiste Mollert i det militære og Stein overtok då hans verv som materialforvaltar.
TRENING:
I vinter trena me både i idrettshallen og på grusbana. Treninga varierte
mellom 2 og 3 gonger. I begynnelsen var frammøtet særs godt med opptil 25
personar. Dette talet var sjølvsagt i byrjinga ikkje reellt og gjekk seinare
ned. (Om antal spelarar me har nytta sjå lenger bak). I sumar var frammøtet
til treningane ukkje alltid like bra - noko me må prøva å retta på neste
sesong. Me har og spela treningskampar mot m.a. juniorlaget, A-laget, Hafslo/Bjørn
m.v. I vinter deltok me i Sognemeisterskapen i innandørsfotball og tok ein
overraskande 4. plass.
SERIEN:
Eit av ankepunkta mot serien var at me fekk for få kampar – og dette må me
prøva å retta på komande sesong. Me kan kanskje m.a. alliera oss med Syril
for å krevja fleire lag med i serien vår.
TABELL:
Lærdal 4 2 1 1 11-5 5
Kaupanger 4 2 1 1 8-9 5
Syril 4 1 0 3 5-10 4
KAMPLISTE:
Serie
Jotun B - Kaupanger 5-2
Kaupanger - Lærdal 2-2
Syril - Kaupanger 1-2
Kaupanger - Jotun B 2-3
Lærdal - Kaupanger 5-0
Kaupanger - Syril 4-1
Privatkampar (ikkje alle er medkomne)
Kaupanger - SIL jr. 0-2
Kaupanger - Eldar 0-4
Kaupanger - Hafslo/Bjørn 2-2
Kaupanger - SIL A-lag 2-15
Målet i år var å vinna serien – noko me ikkje greidde. Me kom à poeng med Lærdal, men 0-5 øydelagde målforholdet vårt.
Om me gyv på er det sjølvsagt ikkje umogeleg å vinna neste år, men det krev innsats!!!
SPELARSTATISTIKK 1974
Oversikten gjeld berre 8 kampar – alle seriekampane (6) i tillegg til Eldar og SIL jr.
| Namn | Kampar | Mål |
| Terje Kvåle | 4 | |
| Svein Hagen | 6 | |
| Norvald Kvam | 4 | 1 |
| Olav Ervik | 5 | |
| Terje Monsen | 5 | |
| Mollert Lægreid | 3 | 2 |
| Jon Aaberge | 2 | |
| Sigurd Sætre | 8 | 1 |
| Bjarne Foss | 2 | |
| Inge Kjell Holme | 7 | |
| Åge-John Hillestad | 2 | |
| Johan Nornes | 8 | |
| Jon-Arne Longva | 6 | |
| Magnar Lauvsnes | 5 | 4 |
| Albert O. Fedje | 1 | |
| Lars Vatlestad | 1 | |
| Karsten Bjelde | 8 | 1 |
| Bent Sætre | 3 | |
| Bjørn Veum | 1 | 1 |
| Terje Selseng | 5 | 2 |
| Roar Hoff | 1 | |
| Torodd Kvam | 1 |
Til slutt vil me seia at Kaupanger er eit så pass positivt tiltak at me må setja alt inn på å halda fram.
TAKK FOR SESONGEN!