ÅRSMELDING 1976

Stad: ?

STYRET:

Oppmann Leif Jarle Bergheim
Kasserar Sigurd Sætre
Trenar Ove Ask

Leif Jarle Berheim reiste frå Sogndal før sesongen starta. Det lukkast ikkje laget å få ny oppmann. Trenar denne sesongen har vore Ove Ask.

TRENINGA
Treninga tok til 2. februar med 18 frammøtte. Det vart trena 2 gonger i veka til slutten av mars då vi i tillegg fekk ein treningskamp pr. veke. I alt spela laget 7 treningskampar før sesongstart. Frammøte til treningane var særs ujamn. Det var i alt påmeldt 24 spelarar mens frammøte gjennomsnittleg var 12, med andre ord 50%. Best var Endre Timberlid og Tore Hovland som ikkje hadde forfall og 39 treningsdagar til utgongen av mai månad. Sigurd Sætre 36, Terje Monsen 35, og Norvald Kvam og Bent Sætre 33.

KAMPSESONGEN 1976
Ved halvspela serie leia Kaupanger, men haustsesongen var bedrøveleg svak. Likevel fekk laget 2. plass etter Balestrand. Laget får dermed spele i 6. divisjon for heile fylket. Der desse laga er med: Brandsøy, Holmedal, Loen, Selje, Sentrum, Bryggja og Kaupanger. (Det er litt uvist om Luster får den 7. plassen på bekostning av Sentrum og/eller Bryggja. Dersom Hafslo ikkje stiller lag i 5. divisjon vert det loddtrekning mellom Kaupanger, Brandsøy og Loen om å få den ledige plassen i 5. divisjon. Til kampane i sesongen 1976 har det vorte bruka 29 spelarar. Tore og Bent toppar lista med 11 kampar, Sigurd har 9, Terje M., Dag og Terje S. 8, mens desse har 7 kampar: Kjell Rune, Arvid, Johan og Svein S. Terje S. og Johan toppar scoringstabellen med 4 mål kvar. Sigurd har 3. Desse har laga eit mål: Stein, Norvald, Dag, Åge, Magne og Rune. Med årets spelarstall var det ein skuffelse at ikkje laget makta å vinne si avdeling.

ØKONOMIEN
Laget har klart seg bra økonomisk, og vi har ein liten startkapital til komande sesong.

AVSLUTTNING
Samtlege spelarar frå siste sesong minus Svein Hagen, Stein Loftesnes og Albert Olav Fedje har meldt frå om at dei startar til neste år. I tillegg har laget fått ein del forespørsmål frå nye spelarar. Den noverande trenaren er av den meining at samtlege juniorar frå Sogndal må prioriterast ved opptak i spelarstallen. Dermed takk for sesongen 1976.

For Kaupanger IL 6. divisjon Sogndal

Ove Ask