ÅRSMELDING 1977

Stad: ?

STYRET:

Oppmann Vidar Fardal
Kasserar Sigurd Sætre
Sekretær Terje Kvåle
Trenar Ove Ask

TRENING - TRENINGSKAMPAR
Treninga tok til 16. november 1976. Det var trening 2 gonger pr. veke. Treningstilhøva var ikkje gode. Så snart treningsbana vart speleklar våren 1977, vart det meir fart i treninga, og første treningskamp vart spela 1. februar. Før seriestart spela laget 10 treningskampar.

Det vart trena bra i sommarsesongen og laget spela 5 treningskampar før siste halvdel av serien tok til.

Frammøte til treningane har vore jamnt over bra. Innandørs var gjennomsnittet ca. 17 på trening. Etter at det vart utetrening, gjekk gjennomsnittsframmøtet ned til 15. Spelarane viste jamnt over stor treningsiver.

SERIEN 1977
6. divisjon som omfatta heile fylket for fyste gong hadde opprinneleg 8 lag, men eit lag måtte trekka seg.

Kaupanger opna godt og låg heile tida i leiinga. Etter ein fin sluttspurt, klarte laget å vinna serien og dermed er vegen klar for 5. divisjon frå sesongen 1978. Laget slutta på 18 poeng på 12 kampar. Vi vann 8, spela uavgjort 2 og tapte 2 kampar. Samtlege heimekampar vann laget med målskilnaden 23-7. På bortebane gav vi frå oss 6 poeng og hadde 17-16 i målskilnad. I samband med kampen mot Selje, reiste alle som hadde høve til det saman med koner eller forlovede til Selje. Eit fint tiltak som vi vonar laget vil halda fram med.

ØKONOMIEN
Takka vera styret og spelarane, er økonomien ganske god. Spelarane deltok i dugnad på Sogndalsdagane med å reisa messehallane. Det var ein stor skuffelse at utbyte ikkje vart meir enn kroner 1.575,-. I alt vart det utbetalt kr 6.000,- til bygging av hallane, med andre ord fekk dei som hjelpte til med arbeidet utanom Kaupanger kr 4.425,-.

Dei andre inntektene har vi fått i samband med dansefestar, utloddningar og litt har laget også fått inn på kampane. Ein del rekningar er endå ikkje betalte, men pr. 27/10 er Kaupanger IL 5. divisjon Sogndal sin konto i Vestlandsbanken på kr 5.008,80 og kassa har kontant kr 354,60.

SLUTTORD
Styret og trenar rettar ei takk til samtlege for godt samarbeid og for fin innstilling og god innsats for laget sitt beste. Måtte dette laget klara å veksa med oppgåvene til komande sesong og til nye mål i framtida.

Sesongen 1977
Sogndal 27/10-77
Vidar Fardal