ÅRSMELDING 1983

Styret har vore samansett slik dette året:
 
Formann Torgeir Strypet
Nestformann Vidar Fardal
Sekretær Åse Danielsen
Kasserar Jarle Selseng
Styremedlemmar Jens Hollekve
Varamenn Bent Sætre og Knut Navarsete

Styret har i år hatt 11 møter.

Av saker som er teke opp og gjennomført kan nemnast økning av kilometergodtgjersla fra kr. 0,50 til kr. 1,-. Det vart halde eit storlotteri i mars/april med ei dokkestove til hovedgevinst (Takk til Walther/Nils/Jens for innsatsen med denne). Mange lynlotteri/kakelotteri på kampane og på butikkane lørdagar. (Takk til damene). Dessutan hadde vi ei bod under Sogndalsdagane, og det har vore arrangert eindel dansefestar. (Bl. a. hadde vi suksess med utedansen i juni). Dessutan vedtok styret (saman med spelarane) at dette året skulle delta i Norgesmeisterskapet for lågare divisjonar (Sør-Norge cupen). Sjølv om det kost pengar med Oslo-turane vart det sportsleg suksess. I sommar fekk vi ogso til ein treningsleir på Gjøvik. Forutan det sportslege hadde denne ogso stor betydning sosialt. Her var spelarar/styremedlemmar/damene samla over fleire dagar. Her er vi inne på eit anna vesentleg punkt dette året. Vi har fått fram eit fantastisk miljø og samhold som vi må jobba vidare med for å beholde. Vi har også fått i satand sponsor/reklameavtalar med ulike firma denne sesongen: Facit, Vestlandsbanken, Gjensidige og Bruvikhus. Når det gjelder arbeidsmetodane i styret har vi dette året jobba med å få lagt forskjellige arbeidsoppgåver innunder dei ulike verva. Dermed har oppgåvene blitt fordelte, og kvar einkelt medlem har kunna arbeidd meir sjølvstendig. Dette har fungert svært bra, og er noko ein bør forsøka å utvikla vidare neste år.

Åse Danielsen

- sekretær


KOMMENTARAR TIL 83-SESONGEN FRÅ OPPMANNEN
Gratulerer alle saman!! Sesongen 83 har vore svært vellykka. Det vi har kjempa for i fleire år har endeleg blitt ein realitet. Vi rykka opp i 4. divisjon. Grunnen til denne gledelege hendinga skyldast etter mi meining både sportsleg og ikkje minst miljømessig framgang. Dette har skjedd etter målretta arbeid på desse områda dei to siste sesongane.

Økonomisk ser det og ut til at vi kjem bra ut. Styret i Fjøra FK har gjort ein kjempejobb spesielt på dette området. Andre positive ting som har skjedd er at vi har fått med oss jentene (fotballenkene), som har gjort at vi har kunna skape ein spesiell ramme omkring kampane våre. Denne innsatsen har ogso hjelpt på økonomien – kakebaking, loddsalg, kaffikoking m.m. Fortsatt er det sikkert ein del som kan gjerast på andre måtar, kanskje det er spelarar som har forslag.

Sportsleg vann vi altså 5. divisjon, me vann Florøturneringa i mars der forutan Fjøra og Florø deltok fire 4. divisjonslag. Dessutan kom vi til kvartfinalen i Sør-Norge cupen. Denne cupen har vel ogso vore ein spore til satsing både blant spelarar og ledarar. Vi bør vel vurdere deltaking neste år ogso.

Vel møtt neste sesong alle saman!!

Oppmann.