ÅRSMELDING 1985

Årsmøte 29. november 1985

Saksliste:

  1. Opning
  2. Årsmelding 1985
  3. Rekneskap 1985
  4. Innkomne saker, evt. benkeforslag
  5. Kontogent 1986
  6. Budsjett 1986
  7. Valg
  8. Diverse

Styret har i 1985 vore samansett slik:

Formann Bent W. Sæthre
Nestformann Kjetil Ertesvåg
Kasserar Elmer Sjøvoll
Sekretær Inge Jan Henjesand
Varamenn Inge Jarle Yttri
Oppmann Kai Vidar Danielsen

Styret har i perioden hatt 35 styremøter, talet er uvanlig høgt i forhold til tidlegare år, men alle møtene har vært nyttige og dette er ei linje styret vil prøve å legge seg på også ii framtida, med eit styremøte pr. uke. Frammøte har vært nær 100%.

Alle arrangement og komitearbeid er blitt administeret gjennom styret, og kvar medlem har hatt sine spesialoppgåver. Unntak fra dette er kiosk og loddsalg under heimekampane, som er blitt administrert og leia av Åse Johanne Setre, med hjelp av andre damer i klubben. Styret takkar hermed for glimrande utført arbeid.

Medlemstall for perioden:
Aktive 27
Passive 150

Styret håpar at vi i komande periode skal få auka antalet medlemar, og har under planlegging ei større vervingskampanje som skal gjennomførast til våren.

I år som tidlegare år, har styrets arbeid, som vanleg først og fremst vært konsentrert omkring økonomien. Vi er ein liten klubb med små ressursar, og pengar faller som kjent ikkje ned frå himmelen, sjølv om det virkar som om enkelte av og til synes å tru det.

Vi starta perioden med eit etterslep fra tidlegare år på rundt kr. 25.000,-. Vi hadde eit reelt håp da vi starta om at vi skulle greie å sanere i allefall ein del av gjelda. Utgangspunktet var at vi skulle greie det utan å måtte bruke sparekniven for mykje på den sportslege sida. Vi meiner at det vi i år har kunne tilbydd på den sportslege siden er nær opp til det maksimale av det Fjøra pr. i dag kan makte. Så på det området er vi stort sett fornøyd. Men vi har altså ikkje greidd å sanere noko av gjelden. Årets regnskap går omtrent i 0,-.

Lysglimtet liggjer i at dei erfaringar vi har fått i år, har lagt eit grunnlag for å få inn noko meir neste år.

Av dei sakene vi har arbeida med i år har sponsoravtalar, programannonsar, hovedlotteri og kakelotteri vore det mest tidkrevjande arbeidet, og vi kan sei vi har lukkast bra på desse områda.

Vi var heldige og fekk ein 2 årig sponsoravtale med Lerums, og vi håpar at det etter denne avtalens utløp slak vera mulig med eit fortsatt samarbeid med Lerums.

Av saker med mykje arbeid og lite ull, kan nevnast summarens utedans, som var ein stor fiasko økonomisk. Men vi fekk iallefall ros frå politiet, og det er vel nokon som ser ein viss reklameverdi i det også.

Av ikkje økonomiske saker er det treningsleiren på Elverum som skil seg ut, vi meiner at den var vellukka både sportsleg og sosialt. Vi er og litt stolte av at Noregs kanskje minste 4. divisjonsklubb, med bare ca. 25 aktive medlemmar, kan stille med 45 personar på treningsleir. Det tar vi som eit tegn på at vi er ein god samansveisa klubb med godt miljø og gode framtidsutsikter.

Årets sportslege resultat er vi også godt fornødg med. Det var ein stor prestasjon, etter å ha vært forfulgt av skader heile sesongen og likevel greie 5. plassen. Vi har nå etter 2 sesonger i 4. divisjon markert oss som eit godt 4. divisjonslag, og det var også målet da vi rykte opp i 1983.

Til slutt vil vi få takka alle som var med, og tok i eit tak i 85-sesongen, både spelarar, ledarar og andre. Og som eit ord med på vegen inn i 86 sesongen vil vi avslutta med at på sikt er det bare ein veg som fører fram. Det er den lengste, den mest kronglete, og den tyngste vegen.

FFK Styret

Bent W. Sæthre

 

TRENAR-RAPPORT FJØRA FK 1985

Fjøra FK enda på 5. plass sesongen –85. Utfrå det som laget presterte i byrjinga av vårsesongen er resultatet OK. Spelematerialet og spelet (i periodar) til FFK frå sommaren og utover hausten kunne ført laget nokre plassar opp på tabellen.

Stallen
S. O. Nondal, R. Haugland, A. Varden, F. Navarsete og J. Haukås frå 84-sesongen vart erstatta med: K. Stokkenes, T. Joensen, T. Yttri, A. Lillevik, K. Hofslund, J. A. Pedersen og seinare J. Stedje og Navarsete/Haukås attende.

Forsesongen
Trening 1 gang i veka før jul og i januar i idrettshallen, kondisjonstrening 1 gang i veka før vi starta opp med 4 ganger i veka frå 1. februar. Sesongen 84 lukkast FFK med måten å arbeide på defensivt, noko som gjorde laget stabilt. Det var naturleg å freiste utvikle pasningsspelet og den offensive delen av spelet. Fleire kampar i forsesongen tyda på at vi ville bli betre på dette området.

Våren
Skadeproblem rett før og i starten av sesongen førde til mange skiftningar/endringar på laget, spesielt i backfiraren (Torgeir, Billa, Tom N., Alle og seinare Jan Terje) FFK hadde til tider problem med å stille med full tropp til kampane. 2 av 12 poeng på dei 6 første kampane, ute av cupen og på siste plass på tabellen skulle tyde på full krise, men stemningen i laget var aldri panikkarta. Laget jobba seg oppover tabellen og med stor vilje byrja laget etter kvart å fungera betre.

Sommar
Treningsleiren på Elverum var vellukka og ga signal om at betre tider skulle komme- med gode forsterkningar i Frode, Jomar og Jon.

Haust
Starten var god og FFK hadde tru på kontrakt med teten, men Jølster-tapet stoppa oss, bokstaveleg talt. Etter ein periode med ulike frustrasjonar, gjorde FFK fleire gode kampar, også spelemessig, tok mange poeng, og enda på 5. plass.

Fjøra FK har hevda seg blant dei beste laga i 4. divisjon og kan nå enda lenger. Etter 2½ år i Fjøra FK takkar eg for meg og ønskjer lukke til i sesongen 86!

R. Salve