ÅRSMELDING 1988
Årsmøte 11. januar 1989Saksliste:
Styret har i 1988 vore samansett slik:
| Formann | Kjetil Ertesvåg |
| Nestformann | Bent Sætre |
| Kasserar | Norodd Rutlin |
| Sekretær | Rolv Bjelde |
| Styremedlem | Odd Olsen, Vidar Fardal, Bjarne Ness, Magnar Flåten |
| Varamedlem | Sigrid Sundsøy, Åse Danielsen |
| Revisorar | Edvin Raunehaug, Jarle Selseng; Vara, Knut Navarsete |
| Rekneskapsførar | Tom Ness |
| Valnemnd | Bent Sætre, Edvin Raunehaug, Åse Danielsen |
| Sportsleg leiar | Tor Yttri |
| Trenar/Assistant | Per Ingar Sviggum/Finn Stedje |
| Oppmann | Kai Vidar Danielsen |
Styret har i arbeidsåret hatt 27 styremøter og handsama 128 saker. Frammøtet på styremøta har vore godt, og arbeidet har gått svært fint unna i ei fin atmosfære og i godt samarbeid. Ein vil tru at med den arbeidsform som Fjøra har så er det naturleg med ca. 1 styremøte pr. 14 dag.
Styret har dessutan vore representert i arbeidsutvalet for Midtsommarmarknaden 1988 med Rlv Bjelde som har delteke på ca. 10 møter. Eit arrangement som vart svært vellukka og har hausta ros frå mange hald, og som ikkje minst gav ei kjærkomen inntekt til klubbkassa.
På kretstinget var Fjøra representert med Tor Yttri.
Av «store» saker som styret har arbeidd med i året bør nemnast spesielt to saker som har krevd ekstrainnsats av heile «Fjørafamilien»:
Midtsommarmarknaden 88, og treningsfeltet på Kvåle. Begge sakene er vel i hamn, og styret vil takka alle for ein heilhjarta innsats. Nettopp desse to skaene har lagt eit nytt og viktig grunnlag for den vidare drifta av Fjøra. Den fyste vedkomande økonomine, og den andre, - ja, den kan visa seg å verta eit viktig fundament i FFK si framtid.
Med omsyn til det sportslege, viser ein til kommentarar frå oppmann og trenar seinare i årsmeldinga. Styret vil berre kort nemna at vårsesongen vert hugsa spesielt for vanskelege banetilhøve og «bot og betring», medan haustsesongen vart avslutta glimrande med 6 strake sigrar og til slutt ein 4. plass i serien og sikker cupdeltaking i 1989. BRA FJØRA!!! Vi er svært spente på framhaldet i 1989.
Økonomisk starta driftsåret med eit negativt etterslep på 30-35.000,-, det vesentlege som minus frå sesongane 1983-84, og ei målsetjing var å få sletta dette i løpet av 88-sesongen. Rekneskapen viser at dette stort sett har lukkast, og i tillegg har ein makta å leiga nytt treningsareal på Kvåle og å opparbeida dette.
Ei spesiell takk til våre støttespelarar/sponsorar der m.a. LERUM, SOGNDAL HANDELSSTAND, NORDBOHUS, NOROL v/ODDVIN ØLNES, DOMUS/KAUPANGSENTERET og SOGNDAL SPAREBANK har vore til uvurderleg hjelp og støtte. Likeeins FOTOGRAF SVIGGUM.
REKNESKAPEN viser eit resultat for 1988 på:
| Rekneskapen 88 | Budsjett 88 | |
| DRIFTSINNTEKTER | 219.636,70 | 220.000,- |
| DRIFTSKOSTNADER | 189.697,06 | 195.000,- |
| Driftsresultat | 29.939,64 | 25.000,- |
| Netto finanskostnader | 1.657,00 | 5.000,- |
| RESULTAT | 28.282,64 | 20.000,- |
| MEDLEMSTAL | Aktive | Passive |
| Betalande | 22 | 111 |
Her er det grunnlag for ein større innsats, t.d. ein vervekampanje i 1989.
Styret meiner det er lagt eit godt grunnlag for ei frisk og positiv satsing vidare i Fjøra. Men, det må ikkje gløymast å ta vare på det nære og intime miljøet, der alle, både spelarar og leiarar er med og tek eit tak når det trengs både sportsleg og administrativt. I ein så liten klubb er det heilt naudsynt at alle gjer sin del av jobben både på bana og utafor bana, og det er her Fjøra har hatt sin styrke og må ha sin styrke for å kunne utviklast vidare.
Ved å bygga vidare på det grunnlaget som er lagt bør det vera von om å gjera det enno betre i komande sesongar.
Til slutt vil styret få takka spelarar, leiarar, medhjelparar elles og publikum for innsatsen og all støtte og hjelp i 1988-sesongen, ein sesongen som totalt sett var god både sportsleg og økonomisk. Takk også til domarane, og pressa.
Vi ynskjer alle eit godt nyttår, og lukke til med arbeidet i FJØRA i 1989-sesongen og vidare framover.
SOGNDAL 1.1.1989/31.12.1988
FJØRA FOTBALLKLUBB
- styret -
Kjetil Ertesvåg
- formann -
KOMMENTARAR FRÅ OPPMANNEN – 1988
Sesongen 1988 vart brukbar sportsleg sett. I serien hadde vi 11 sigrar, 4 uavgjorte og 7 tap.
Vi sleppte inn 26 mål og scora 35 mål.
Elles spelte vi 12 treningskampar av noko varierande kvalitet, totalt 34 kampar.
Treningstilhøva utover vinteren var gode, og treningane gjekk mykje godt. Bana var tipp topp heile tida takka vere Torodd Kvam og hans kjempearbeid.
I seriesamanheng åpna det litt «opp og ned». Vi tapte åpningskampen, men kom sterkare tilbake på dei to neste kampane. Fram mot ferien gjekk det dårlegare enn mange hadde tenkt seg, og ved halvspelt serie låg vi faretruande nær botnen av tabellen.
I sommarferien fekk vi trena og førebudd oss svært godt. Dette slo fort ut på hausten, og i haustsesongen hadde vi berre to tapte kampar. Med seks strake sigrar til slutt enda vi på ein sterk 4. plass i serien. GODT GJORT !!!
Framføre neste sesong ser det lysare ut enn på lenge. Vi har fått eit nytt treningsfelt med gras, som forhåpentlegvis står klart til sommaren. Elles har vel banetilhøva blitt mykje betre.
LUKKE TIL MED SESONGEN 1989 TIL ALLE I FJØRA FK:
Kai Vidar Danielsen
- oppmann -
KOMMENTAR FRÅ TRENAREN – 1988
Treninga tok til i midten av januar månad med underskrivne som trenar og Finn Stedje og Leon Hovland som hjelpetrenarar. Treningstilhøva var svert gode heile vinteren og frammøtefrekvensen var svert god. Innsatsen og moralen var på topp, faktisk i overkant av det eg hadde forventa. Eg såg difor fram til våren og sumaren med nøktern optimisme. Men når våren kom og sesongen tok til viste det seg at treningstilhøva vart radikalt forverra og det vart svert vanskeleg og få gjennomføra tilfredstillande treningsøkter. Heile mai månad og det meste av juni trena vi på eit femøresfrimerke bak Idrettshallen. Treningstilhøva bedra seg utover sumaren og hausten. Spesielt vil eg nemna treningsleiren på Hafslofeltet som svert vellukka, der vi trena 2 ganger på dagen i ei veka. Men ein morgon gjekk vi på ei «bombe», men alle kom uskadde til Sogndal att. Klimaks vart prestirt av banestyret i midten av mai månad i strålande sumarver vart laget nekta seriekampen mot Eid på Sogndal Stadion. Domaren godkjente ikkje reservebana som hadde vore nytta som parkeringsplass nokre dagar før. Kampen vart avlyst. Dette seier litt om dei vanskelege banetilhøva laget strir med. Eg vonar laget ikkje vil oppleva noko liknande i framtida. Det sportslege resultatet for laget vart til slutt svert bra, men vi gjekk på nokre kjedlige tap i byrjinga av sesongen. Det er sluttresultatet som vert ståande og ein 4. plass bak resurssterke lag som Eid, Florø og Førde trur eg vesle Fjøra skal vera svert nøgd med under dei rådande tilhøva, men det er mykje som kan gjerast med laget. Med bedre treningsmogelefheitar som det no visar seg vert, har laget store mogelegheiter for å koma endå sterkare sportsleg og kanskje vera med heilt i toppen.
Eg trur laget er på rett veg, det at laget no har fått sin eigen «base» på Kvåle vil bety utruleg mykje. Ein stad og vera er lykkjelen til eit trykt og godt miljø. Og eit godt miljø er som kjent nr. 1 dersom ein skal ha sportsleg framgang. Laget rår over mange unge spelarar som har mogelegheiter til og utvikla seg svert mykje. Lukka til.
Med helsing
Per Ingar Sviggum