ÅRSMELDING 1989
Årsmøte 11. januar 1990Saksliste:
Styret har i 1989 vore samansett slik:
| Formann | Odd Olsen |
| Nestformann | Sigvat Hollekve |
| Kasserar | Jarle Selseng |
| Sekretær | Erna Andersen |
| Styremedlem | Vidar Fardal, Rolf Bjelde |
| Varamedlem | Bent W. Sætre, Kjetil Ertesvåg |
| Revisorar | Edvin Raunehaug, Knut Navarsete |
| Valnemnd | Bent Sætre, Kjetil Ertesvåg, Kåre Stokkenes |
| Sportsleg leiar | Per Ingar Sviggum |
| Trenar | Torgeir Strypet |
| Oppmann | Finn Stedje |
Styret har i perioden hatt 23 styremøte og 6 medlemsmøte. – Fast møte annankvar torsdag, men tettare møteverksemd i travle periodar.
Finn Stedje representerte klubben på kretsinget.
Av viktige saker kan nemnast samarbeidet rundt arrangementet MIDTSOMMARMARKNADEN – der Rolf nok ein gong var den store generalen. Dette arrangementet er vi interesserte i for vidare jobbing i framtida.
TRENINGSFELTET på Kvåle viste seg å vere eit brukbart alernativ i vanskelege treningsperiodar. Feltet vil nok bli svært viktig for FFK i åra framover. Dette året vart det forsøkt ein samarbeidsmodell om eit U-lag der SIL jr. melde seg over i Fjøra og danna Fjøra U. Her fekk juniorspelarane saman med Fjøra kamtilbod i eigen U-serie. Dette samarbeidet gav god kamptrening. Når det gjeld det sportslege opplegget rundt Fjøra, vil styret rose oppmenn og trenar. Det ligg eit kjempearbeid i å spikre saman trening og kamptilbod ut gjennom sesongen. Treningsopplegg fram mot seriestart med blant anna «treningshelg/veke» på Møre gir meirsmak. Eit liknande opplegg siktar vi oss inn på i komande sesong også. Vi fekk til slutt ein 3. plass i serien. Eit sportsleg resultat vi må vere nøgde med.
Alle frivillige organisasjonar merkar den økonomiske tilstramminga, men med samla innsats frå alle i klubben skal vi greie dette også.
Vi vil takke for godt samarbeid i sesongen som gjekk til alle dei som gav oss støtte og hjelp. Her må spesielt namnast:
LERUM – DOMUS – SPAREBANKEN VEST – KDV – NOROL v/ODDVIN ØLNES.
Til slutt ei takk til spelarar, leiarar og alle andre som tok eit tak i 89-sesongen.
LUKKE TIL MED 90-SESONGEN.
Sogndal 1.1.1990/31.12.1989
FJØRA FOTBALLKLUBB
Styret
Odd Olsen
formann
SESONGEN 1989
- i stikkords form -
God treningsplanlegging, ein entusiastisk og systematisk arbeidande trenar, bra treningstilhøve på Fosshaugane grus, morgontrening kl. 0730, ei vellukka treningssamling på Høddevoll, svært gode sportslege prestasjonar som svinga frå det verkeleg gode til det uforståeleg dårlege.
Likevel: Sjølv om vi tapte opprykkskampen på målstreken, har sesongen 1989 etter mitt syn vore eit vellukka fotballår for Fjøra FK. Mange personar har gjort ein god jobb for Fjøra i sesongen som vi har bak oss. Eg vil ikkje trekkja fram namn, men eg vil takka
Til slutt: Takk til Torgeir for framifrå samarbeid.
Sogndal, 10.01.90
Finn S.