ÅRSMELDING 1990

ÅRSMØTE 31.01.1991

SAKSLISTE:

  1. ÅPNING
  2. ÅRSMELDING 1990
  3. REKNESKAP 1990
  4. BUDSJETT 1991
  5. INNKOMNE SAKER. EVT. BENKEFORSLAG
  6. KONTIGENT 1991
  7. VALG
  8. DIVERSE

Styret har i 1990 vore samansett slik:

Formann Odd Olsen
Nestformann Svgvat Hollekve
Kasserar Jarle Selseng
Sekretær Erna Andersen
Oppmann Kai Danielsen
Trenar Torgeir Strypet
Revisor Knut Navarsete – Edvin Raunehaug
Valnemnd Bent Sætre, Kjetil Ertesvåg, Kåre Stokkenes
Styremedlem Vidar Fardal
Sportsleg leiar Frode Navarsete
Vara til styret Kjetil Ertesvåg, Bent Sætre, Sigrid Sundsøy

Styret har i perioden hatt 20 styremøter og 6 medlem-spelarmøte. Møtedagar har stort sett vore annankvar torsdag med tettare møteverksemd i travle periodar.

Kai Danielsen og Kåre Stokkenes representerte klubben på kretstinget.

MIDTSOMMARMARKNADEN gjekk ut som arrangement i den gamle form. Utdeling av telefonkatalogar for TELEVERKET dekka inn noko av det vi tapte ved dette arrangementet.

- Vidare viser det seg ikkje å vere lett å arrangere festar/dansar med overskot. Vi prøvde med «GRUPPE-SAX» på Lægreid utan å lukkast økonomisk.

MEN nyordninga med GARDEROBEVAKT ved arrangement på Lægreid har gjeve mange gode kroner i kassen denne haust/vinter.

P.g.a. treningstilhøva denne sesongen hadde vi ikkje mykje bruk for TRENINGSFELTET vårt på Kvåle. Ut frå våre økonomiske rammer må vi sterkt vurdere om vi kan halde på den avtalen vi har på dette feltet. – Betra treningstilhøve – lettare tilgang på grastrening i Sogndal og evt. kjøp av treningstid på Hafslo kan vere fullgodt alternativ.

Nok ein gong må ein rose oppmann og trenar for eit kjempearbeid. Førebuing og gjennomføring av sesongen var TOPP. Fjøra hadde på alle måtar eit godt sportsleg tilbod til spelarane sine. Knivinga i teten HEILE sesongen viser at vi hadde ein god og jamn spelarstall. Vi tok til slutt 2. PLASSEN tett bak FLORØ etter spanande avslutning.

Økonomi vert alltid eit nøkkelord i små organisasjonar som FJØRA. Men med samla innsats frå alle i klubben har vi tru på at dette skal gå.

Vi takkar for godt samarbeid i sesongen som gjekk og rettar ei spesiell takk til alle dei som gav oss støtte og hjelp. Spelsielt må nemnast: LERUM – KDV – SPAREBANKEN VEST – NOROL v/Oddvin Ølnes – DOMUS – BERGE & CO – LÆGREID HOTEL.

Til slutt takkar vi spelarar, leiarar og alle som tok eit tak i 90-sesongen. STÅ PÅ VIDARE – LUKKE TIL MED 91-SESONGEN.

Sogndal 1.1.1991/31.12.1990

Fjøra FOTBALLKLUBB

for styret

ODD OLSEN (form.)