ÅRSMELDING 1991
Årsmøte 11. januar 1992Saksliste:
Styret har i 1991 vore samansett slik:
| Formann | Kjetil Ertesvåg |
| Nestformann | Tom Ness |
| Kasserar | Arnt Årøy |
| Sekretær | Erna Andersen |
| Styremedlem | Kåre Stokkanes |
| Varamedlem | Eiler Ellingsen, Odd Olsen, Rolv Bjelde |
| Revisorar | Edvin Raunehaug, Knut Navarsete |
| Valnemnd | Odd Olsen (form.), Kai Danielsen, Rolv Bjelde, Bent Sætre |
| Sportsleg leiar | Bjørn Rune Nondal |
| Trenar | Trond Fylling |
| Oppmann/trenar | Frank Nymark |
| Spelarrep. i styret | Reidar Dvergedal, Kjell Ertesvåg |
Styret har hatt 23 styresmøte og 5 spelar/medlemsmøte. Møtedagane har stort sett lege fast til torsdagar. Spelarane har på mange møte vore representert ved Reidar Dvergedal.
Klubben markerte seg nok ein gong positivt i serien. Vi har nå gjennom fleire år vist at vi er gode nok til å kjempe heilt i teten. Marginane er små og vi enda på ein 5. plass i år.
Vi hadde problem med for få stasjonære spelarar. Gjennomsnitt-antalet på treningane vart av den grunn ofte for lågt. Treningsmessig lei vi ein del under dette.
Komande sesong ser det ut til at vi har troppane meir samla. Dessutan har vi eit spanande trenarteam i boks.
Økonomisk har vi hatt eit godt år. – Dette takka vera god innsats av medlemmane. Garderobevaktene på Lægreid og DWAS-konserten ga oss god driftskapital. – DWAS-arrangementet hadde vi ikkje fått gjennomført utan den enormt flotte støtte vi har i nærmiljøet. Folk stod i kø for å hjelpe oss.
Ei takk for godt samarbeid i sesongen som gjekk til alle som hjelpte oss. Spesielt må nemnast: LERUM – SPAREBANKEN VEST –NOROL v/ODDVIN ØLNES – LÆGREID.Til slutt takkar vi spelarar/trenar/oppmann/leiarar og alle som tok i eit tak i 91-sesongen. VI TRENG KVARANDRE…
LUKKA TIL MED 92-SESONGEN.
Sogndal 1.1.1992/31.12.1991
FJØRA FOTBALLKLUBB
for styret
Odd Olsen (form.)