ÅRSMELDING 1992
Årsmøte 11. januar 1993Saksliste:
Styret har i 1992 vore samansett slik:
| Formann | Kjetil Ertesvåg |
| Nestformann | Tom Ness |
| Kasserar | Arnt Årøy |
| Sekretær | Erna Andersen |
| Styremedlem | Kåre Stokkanes |
| Varamedlem | Eiler Ellingsen, Odd Olsen, Rolv Bjelde |
| Revisorar | Edvin Raunehaug, Knut Navarsete |
| Valnemnd | Odd Olsen (form.), Kai Danielsen, Rolv Bjelde, Bent Sætre |
| Sportsleg leiar | Bjørn Rune Nondal |
| Trenar | Trond Fylling |
| Oppmann/trenar | Frank Nymark |
| Spelarrep. i styret | Reidar Dvergedal, Kjell Ertesvåg |
Det har i året vore halde 14 styremøte og 5 spelar/medlemsmøte. Styremøte har stort sett lege fast til onsdagar kvar 3. veke.
FJØRA FK markerte seg nok ein gong positivt i serien. Vi har no gjennom fleire år vist at vi er gode nok til å kjempa heilt i teten. Marginane er små, og vi enda til slutt på ein 4. plass i år, etter ei svært god opning, laber juni, og varierande haustsesong. Vi hadde problem med mykje skadar og anna «fråvær» i midtperioden av sesongen, og denne «uroa» i stallen verka nok negativt inn på resultata, sjølv om spelarstallen var større enn nokon gong tidlegare.
I NM-cupen slo vi ut JOTUN i 1. kvalik borte, og FLORØ i 2. kvalik heime. I 1. ordinære runde heime mot Sogndal elite vart det tap, men likevel fin innsats i cupen –92.
Vi var og med i Firda-cupen –92, utan å få til det store. Nok om det.
Treningstilhøva var ikkje stabilt gode nok i sesongen, og dette må rettast på om vi skal ta mål av oss til topplass.
Alt i alt var 1992 ein sportsleg bra sesong, med godt arbeid og fin innsats frå både trenarar Trond/frank og spelarane. Tilsaman 20 spelarar vart nytta på laget i 92-sesongen.
Frank og Trond representerte klubben på trenarseminar i Balestrand, og dei same var og utsendingar på kretstinget i Førde 21. og 22.11.92.
Den tradisjonelle årsfesten vart avvikla med stor lukke og festivitas på Lægreid fredag 6.11.92.
Økonomisk har vi hatt eit godt år. Dette takka vere fin oppslutnad og støtte frå alle hald. Garderobeordninga, sponsorpengar, lotteriet og programannonsane har samla gjeve eit godt resultat.
Som det går fram av rekneskapen 92, har vi eit driftsresultat på ca. 37.000, etter dekning av kostnader tidlegare år på ca. kr 12.000, og dette skal vi vera godt nøgde med. Etter finanskostnader er overskotet ca. kr 30.000,-. Det er då nedbetalt på gjeldsbrevlån ca. kr 11.000,-, og gjeld totalt er redusert frå ca. kr 63.000 til ca. kr 33.000,-. Budsjettet 92 har halde fint på inntetssida, og vi har spart inn ca. kr 31.000 på utgiftssida. Sjå elles rekneskapen og budsjettet 92 som ligg ved.
Likviditeten har vore bra i 1992.
I budsjettet 1993 er lagt inn ein auke i utgifter på spesielt reisekostnader/køyreutgifter. Desse var ekstra låge i 92 grunna både terminlista og reduserte utgifter til sesongførebuing. I tillegg er post 312 «andre arrangement» auka vesentleg grunna nytt tiltak «sponsorbevis / sponsorkontrakt», som vi ventar skal gi oss netto ca. 40.000,- i 1993.
Til slutt ei takk for ein fin FJØRA-sesong i 1992. Takk for godt samarbeid til alle som hjelpte oss. Spesielt må nemnast:
LERUM GRUPPEN A/S, SPAREBANKEN VEST, STATOIL v/ODDVIN ØLNES, NIT-VEST, DOMUS, FOTOGRAF SVIGGUM, og ikkje minst LÆGREID.
Takk til spelarar/trenarar/leiarar og alle som tok eit tak for FJØRA i 92-sesongen.
VI TRENG KVARANDRE.
LUKKE TIL MED 93-SESONGEN
Sogndal, 31. desember 1992/8. januar 1993
FJØRA FOTBALLKLUBB
STYRET
Kjetil Ertesvåg
- formann -