ÅRSMELDING 1994
11. januar 1995Saksliste:
1/94 Opning
2/94 Val av ordstyrar/skrivar
3/94 Årsmelding
4/94 Rekneskap
5/94 Budsjett
6/94 Innkomne saker
7/94 Medlemskontigent 1995
8/96 Val
Styret har i driftsåret 1994 vore samansett slik:
| Formann | Arnt Årøy |
| Nestformann | Vidar Fardal |
| Kasserar/styremedlem | Tom Ness |
| Sekretær | Arne Johansen |
| Styremedlem | Ivar Neset |
| Varamedlem | Dag Martin Fardal, Kjetil Kvåle, Terje Rømo |
| Sportsleg leiar | Odd Foss har møtt i styret |
| Spelarrep. i styret | Jan Rune Årøy, Einar Kvam og Osvald Lykkebø (frå 15. aug.). |
| Trenar | Frank Nymark |
| Oppmann | Arne Emil Wathne |
MØTEVERKSEMD:
Det har vore avhelde 12 styremøter og hansama 45 saker. Det har vore avhelde 4
spelar/ medlemsmøter i sesongen. I samband med trenar for sesongen –95, har
det vore avhelde 2 møter. Nye spelarar for sesongen –95 har vorte innkalla
til samtale. I desse møta, 3 stk., deltok A. Årøy og ny trenar Arne Førde.
Tidleg i sesongen viste det seg at laget i år diverre ikkje hadde den kvalitet som skulle til for å hevde seg og kjempe i teten slik som tidlegare år.
Laget endte til slutt 10. plass med kun 20 poeng. Totalt sett den svakaste sesongen på fleire år. Ein heller liten og ujamn stall, samt skader og anna "fråvær" (raude og gule kort) verka negativt inn på trening/kamp at me måtte klara oss med 1 keeper heile sesongen. Fleire av dei "nye –94" la opp/flytte før sesongen var slutt, dette medførde at haustsesongen vart veldig tung for trenar og spelarar.
Krava til holdningar hjå den enkelte spelar, ny som gamal må bli betre, skal laget bli stabilt og bedre i 1995.
NM CUP 1994:
Fjøra var ikkje blandt dei laga som fekk vere med i NM cup 1994.
REMA 1000 CUP 1994:
Fjøra FK stilte ikkje lag i Firda cup-94, i staden valde me Rema 1000 cup (NM
for lag i lågare div.). Her møtte me Norane og Kaupanger, men tapte på
loddtrekning for Nordalsfjord. Denne cupen blir truleg ikkje satsa på i 1995.
Elles har Fjøra FK vore med på Kaupangerturneringa i 1994, og eit forsterka Fjøra lag, vann Årdalsturneringa 23. og 24. juli. I KM innandørs i Stryn stilte Fjøra med 1 lag der vi tapte i kvartfinalen mot Førde.
Treningstilhøva har i fleire år vore dårlege, slik også i 1994. Vi vart før sesongen lova eit bra opplegg frå baneansvarleg i Sogndal og Hafslo. Sjølv etter brev frå vår oppmann og møte med Rolf Navarsete lukkast det ikkje å få til eit stabilt opplegg i år heller. Skal klubben kunne utviklast med tanke på topp-plass, må dette betrast.
Alt i alt var 1994 sesongen ein sportsleg laber sesong, men det vart gjort mykje godt arbeid og fin innsats over heile lina i klubben. Til saman 19 spelarar vart nytta i obligatoriske kampar i sesongen.
REPRRSENTASJON:
Arnt Årøy og Arne Førde var utsendingar til kretstinget i Førde 26. og 27.
november.
ÅRSFESTEN:
Årsfesten vart avvikla i tradisjonell stil på Lægreid den 18. november.
Styret hadde planar om ein større markering i 1994, jubileumsfest etter 20 år. Dette arbeidet makta vi ikkje då fleire sentrale personar i dette arbeidet ikkje var i Fjøra lenger.
Det vart utdelt fleire utmerkingar/gåver. Desse fekk for:
100 kampar:
Reidar Dvergedal, Kai Henning Slinde, Jan Rune Årøy, Einar Kvam.
50 kampar:
Osvald Lykkebø, Jan Fuglesteg, Tommy Hovland (dette er feil, red.), Helge Eide.
Årets spelar 1994: Kai Henning Slinde
Toppscorar 1994: Einar Kvam
Desse fekk tinnfat med innskripsjon etter fleire år i styret for Fjøra:
Erna Andersen, Kjetil Ertesvåg, Kåre Stollenes, Bjørn Rune Nondal og trenar – 94, Frank Nymark.
ØKONOMI:
Økonomisk har 1994 vore eit bra år. Dette takka vere fin oppsluttnad og støtte
frå alle hold. Sponsorpengane, sal av sponsorkontraktar og programannonsar har
samla gjeve eit bra resultat. Sal av sponsorkontraktar har vi diverre ikkje
klart å utnytte heilt, det ligg eit større marked her som me må utnytte. Det
vart altfor mange uselde kontraktar i 1994 som vart levert attende.
Sjølv om garderobeordninga på Trøkkeriet fall vekk i august, som medførte eit inntektstap på ca. 30.000 kr. samanlikna med 1993, så kjem rekneskapet ut med eit driftsoverskot på kr. 5.515,41. Dette er vi nøgd med og det går med på å dekke tidlegare underskot.
Fortsatt slit klubben med eit samla underskot frå tidlegare år på kr. 39.913,-. Med dei usikre tider som rår når det gjeld sponsoravtalar, må alle i klubben ha ein nøktern og forsiktig holdning til utgiftssida og jobbe mot inntektsbringande tiltak.
Til slutt ei takk for sesongen 1994. Takk for eit godt samarbeid til alle som hjelpte oss. Spesielt må nemnast:
LERUM KONSERVES A/S, STATOIL v/ODDVIN ØLNES, DOMUS, SPAREBANKEN VEST, Sogndal.
Takk til spelarar, trenar, leiarar og alle som tok eit tak for FJØRA FOTBALLKLUBB i –94 sesongen. Takk også til pressa.
LUKKE TIL MED SESONGEN 1995.
SOGNDAL 10. JANUAR 1995.
FJØRAFOTBALLKLUBB
STYRET
Arnt Årøy