ÅRSMELDING 1995

ÅRSMØTE 10. JANUAR 1996

SAKSLISTE
1/95 Opning
2/95 Val av ordstyrar/skrivar
3/95 Årsmelding
4/95 Rekneskap
5/95 Budsjett (Måltal)
6/95 Innkomne saker
7/95 Medlemskontigent 1996
8/95 Val

Styret har i driftsåret 1995 vore samansett slik:

Formann Arnt Årøy (valgt for 1 år)
Nestformann Vidar Fardal (valgt for 1 år)
Kasserar Margrethe Svidal (valgt for 2 år)
Sekretær Arnt Årøy
Styremedlem Terje Rømo (valgt for 1 år)
  Albert Olaf Fedje (valgt for 2 år)
Varamedlem Ivar Neset, Magne Høgi
Sportsleg leiar/oppmann Arne Emil Wathne
Trenar Arne Førde
Spelarrep. i styre Jan Rune Årøy, Osvald Lykkebø

MØTEVERKSEMD
Det har i 195 vore avhelde 13 styremøter og handsama 50 saker. Det har vore avhelde 4 spelar/medlemsmøter i sesongen der eit av desse vart kombinert med grillkveld hjå Vidar Fardal.

Styret har det siste året jobba med å få til ein betre organisering innad i styret og i hjelpeapparatet rundt klubben. Klubben fekk hausten framlagt eit utkast til ein slik omorganisering frå ei gruppe som var samansett av trenar A. Førde, J. R. Årøy og A. E. Wathne. Styret har i året 1995 hatt denne i tankane og prøvd å jobba etter denne modellen. Vi hadde eit eige styremøte i haust, der vi drøfta dette og måtte erkjenne at me berre var i startfasen av dette arbeidet.

For å kome vidare i denne prosessen har me hatt kontakt med SFFK, v/Jon Eirik Hjelmhaug, han heldt ein glimrande førelesing, som gav oss nyttige tips om arbeidet vidare.

For første gong har Fjøra FK reist utanlands til forberedelse av sesongen. I påsken hadde me ein 4 dagars treningsleir i Sæby, Danmark. Forholda var fine med gode treningstilhøve. Sjølv om kostnadane er store, trur eg dette er positivt for samhold i laget og er verdt å satsa på.

Treningstilhøva for Fjøra har i fleire år vore dårleg. Dette har betra seg i år. Sjølv om treningsforholda er gode på Hafslo, er det slitsamt med så mange turar gjennom ein sesong. Dette er ting som styret i Fjøra ikkje rår over og me kan ikkje forventa store forbetringar for 1996.

Alt i alt var 1995 sesongen ei sportsleg laber sesong, men det vart gjort mykje godt arbeid og fin innsats over heile lina i klubben. Sjå eigen årsmelding frå trenar.

REPRESENTASJON
Artn Årøy var utsending til kretstinget i Førde 25. og 26. november.

ÅRSFESTEN 1995
Årsfesten vart avvikla i tradisjonell stil på Lægreid den 10. november. Det vart utdelt fleire utmerkingar / gåver. Dess fekk for:

50 kampar: Frank Fardal
Årets spelar Frank Fardal (3,69 poeng)
Toppskorar: Stian Neset (18 mål)

Desse fekk tinnfat med innskripsjon etter fleire år i styret for Fjøra: Tom Ness, Dag Martin Fardal, Arne Johansen.

ØKONOMI
Økonomisk har også 1995 vore eit bra år. Rekneskapet for 1995 er oppgjort med eit driftoverskot på kr. 10.323,77.

Dette takka vere kjempeoppsluttnad frå spelarane og styremedlemmane som har jobba utruleg godt i 1995.

Sponsorpengane, sal av sponsorkontraktar og programannonsar har samla gjeve eit bra resultat. Sal av sponsorkontraktar har vi heller ikkje i år klart etter budsjettet, det ligg eit større marked her som me må utnytte, det vart altfor mange uselde kontraktar også i 1995 som vart levert attende.

DUGNAD
Året 1995 har vore eit svært aktivt år med dugnad. Ikkje alle har vore like entusiastisk til dette, men alle har likevel stilt lojalt opp på det som dei har vorte tldelt. Det største prosjektet var måling av kai-bygget. Dette åleine gav klubben netto ca. 25.000,- kroner. Ellers gav grillinga i parken i juni eit fint resultat, ca. 6.000,- kroner. Me har også markert oss positivt med dei "stands", tippekonkurransane me har avvikla. Størst suksess var tippekonkurransen på gladlaksen Martin. Me må også i 1996 rekne med stor dugnadsaktivitet.

Framleis slit klubben med eit samla underskot frå tidlegare år på kroner 29.590,16. Sjølv om drifta dei siste åra har redusert underskotet, er det framleis trong til å minne om at alle i klubben også i framtida må vere nøktern og ha ei forsiktig holdning til utgiftsida og jobba mot inntektsbringande tiltak.

Kva med framtida? Fjøra FK må først og fremst satsa på den fordelen som me har ved å vera liten. Nemlig eit nært og intimt miljø, der alle, både spelarar og ledarar er med og tek i eit tak når det trengst, eit "teamwork" der me er avhengig av at alle gjer jobben sin, anten det er på det sportslege eller administrative plan. Det er her eg meinar me bør ha vår styrke og ved å vidareutvikla det grunnlaget me har pr. i dag meinar me at muligheitene for sesongen 1996 er gode.

Til slutt ei takk til alle for sesongen 1995, både spelarar og ledarar som var med og tok i eit tak i 95 sesongen.

Takk for godt samarbeid til alle som hjelpte oss. Spesielt må nemnast:
LERUM KONSERVES A/S v/KÅRE LERUM, STATOIL NORGE A/S v/ODDVIN ØLNES, DOMUS, SPAREBANKEN VEST SOGNDAL, HOLEN INSTALLASJON A/S, FOTOGRAF PER INGAR SVIGGUM.
Takk også til pressa som gav oss fin pressedekning i 1995.

LUKKE TIL MED SESONGEN 1996.

Sogndal 9. januar 1996
FJØRA FOTBALLKLUBB - STYRET
Arnt Årøy

 

FJØRA FOTBALLKLUBB 1995 - TRENARRAPPORT

I 1995-sesongen har Fjøra FK hatt ein spelarstall på rundt 20 spelarar. Nokon har falt frå undervegs av ymse grunnar, og elles fekk vi nokre nyinnmeldingar utover sesongen.

Vi starta treningane allerede på slutten av 1994 med noko trening inne og litt ute. I januar starta vi opp for alvor, og januar månad vart brukt til å ta ut ein stall. Vi var i den heldige situasjon at vi kunne velge blant ca. 25 spelarar. Dette medførte naturlegvis at nokre dessverre fekk beskjed om at det ikkje var plass til dei. Treningsarbeidet har gått bra, vi har trent 3 gonger i veka med jamnt over bra oppslutning. Vi var også på treningsleir i Danmark i påska, og det var ein positiv opplevelse med gode baneforhold og mykje moro sosialt. Dette trur vi var svært viktig fordi vi i år hadde mange nye spelarar i Fjøra FK.

I januar deltok vi i Sognemesterskap i innendørs fotball. Vi stilte her med to lag, med noko varierande resultat. Dette var ein grei avveksling frå kvardagen med mykje sosial omgang, både med lagkameratar og med spelarar frå andre lag.

Før seiestart gjennomførte vi 12 treningskampar. Resultata frå desse kampane vart 6 sigrar og 6 tap med ein målforskjell på 31-27. Vi var på bakgrunn av dette nøkternt optimistar før seriestart. Det skulle likevel vise seg at vi vart noko ustabile i serien og kjempa lenge i nedrykksstriden. Etter vårsesongen hadde vi 10 poeng. Målsettinga vår om å kome med i NM-cupen i 1996 (dvs. blant dei 6 beste i 1995) måtte vi berre gløyme. Vi fekk etterkvart nok med å greie oss i divisjonen. Utover haustsesongen innsåg vi at vi måtte slåst om kvart poeng. Haustsesongen vart derfor rimeleg bra med ein poengfangst på 16 poeng. Vi fekk såleis 26 poeng totalt og havna til slutt på 9. plass.

Vi hadde eit håp om å ende på øvre halvdel av tabellen, men må berre innsjå at vi var for ujamne til å greie det. Innstillinga i haustsesongen og resultata av dette viser at vi muligens kan klare denne målsettinga for 1996, men då må vi ha same vilje til å vinne kampar heile sesongen. Vi laga 44 mål i serien, og det er relativt bra. Problemet er at vi slepp inn for mange mål, i alt 54. Toppscorar i år vart Stian Neset med i alt 18 mål, 15 av dei på haustsesongen. I alt var det 8 spelarar som laga mål, og det er kanskje litt for få.

Det har i alt vore nytta 21 spelarar i årets serie. Av desse har 2 spelarar spelt alle kampane, og 9 andre spelarar har spelt 16 kampar eller meir.

Vi deltok i Firda Avis Cup i 1995. Her kom vi til 2. runde der vi tapte for Vik.

I 1995 har vi gjennomført i alt 101 obligatoriske treningar med eit treningsframmøte på ca. 15,5 pr. trening i snitt. Her er innrekna alle som har vore på trening, dvs. også dei som i periodar har trena med oss utan å vere medlemer i laget. Treningsframmøtet blant dei spelarane som har vore i stallen vår har vore på 13,8 pr. trening i snitt. Det svakaste treningsframmøtet blant spelarane i stallen var 6, det meste var 18.

Den av spelarane som utan tvil har vore på flest treningar er Jan Rune Årøy. Han har vore på utrulege 100 av 101 treningar! Fantastisk imponerande!!

Treningane har foregått på grusbana på Fosshaugane med jamnt over bra forhold. Gjennom sesongen har vi trena mykje på Hafslo (41 treningar) og berre 6 treningar på Sogndal Stadion. Forholda har vore gode, men det har vorte mykje køyring til Hafslo for å trene. Dette skuldast sjølvsagt den store belastninga bana på Sogndal Stadion står ovanfor, men vi håpar sjølvsagt å få trene noko meir her i Sogndal i framtida.

Etter at sesongen 1995 var over (ca. 1. oktober) tok vi ein månads pause. 1. november starta vi opp igjen med ei trening i veka på grusbana. Dette utvida vi til 2 treningar i veka i slutten av november. Vi har ikkje trent meir enn ein gong inne, både fordi det er vanskelg å få hallen og fordi vi ikkje ønsker å prioritere innandørsfotball no. Vi deltok likevel på KM i Stryn i starten av desember. Her kom vi ikkje vidare til sluttspelet frå puljespelet.

Arne Førde.