ÅRSMELDING 1997
Stad: Lægreid hotell, onsdag 21. januar 1998STYRET:
| Leiar | Margrethe Svidal (på val) |
| Nestleiar | Arne Emil Wathne (på val) |
| Kasserar | Arnt Årøy (på val) |
| Styremedlem | Yngve Håkonsen (på val) Terje Rømo (ikkje på val) Trygve Espeland (ikkje på val) Terje Kvåle (ikkje på val) |
Styret har i denne årsmøteperioden vore utvida med 2 medlemmar i staden for 2 varamedlemmer. Erfaringane med dette har vore positive. Vi har ikkje vore så sårbare om nokon har måtta melde forfall. Vi har òg hatt fleire å fordele oppgåvene på.
SPELARREPRESENTANT I STYRET: Jan Rune Årøy og Kai Henning Slinde.
VALNEMND: Jan Rune Årøy, Svein Hagen og Vidar Fardal.
TRENAR: Arne Førde
HJELPETRENAR: Jan Fuglesteg
OPPMANN: Kai Danielsen
MØTEVERKSEMD
Det har i 1997 vore avvikla 17 styremøter. På desse møta
har trenarar, oppmann og spelarrepresentantar møtt i tillegg til styret. Oppmøte
på styremøta har i denne sesongen vore godt.
Ein har i 1997 også avvikla medlemsmøter i samband med opninga av Dolly dimple, kjøpskveld på Domus, grillkveld på Hylsæter.
Styret avvikla eit heildagsmøte på Sogndal Hotell i januar 1997. På dette møtet planla ein dei arbeidsoppgåvene klubben stod ovanfor i sesongen og fordelte ansvar deretter. Erfaringane med å nytte ein heil dag til slikt arbeid vart svært gode.
Fjøra arrangerte i samband med U-21 landskampen på Fosshaugane tur for sponsorane på kamp og deretter pizza på Dolly Dimple. Oppsluttnaden frå sponsorane var bra, sjølv om vi mangla nokre.
SPORTSLEG
Sportsleg sett blei 1997 ein litt svakare sesong enn 1996. Vi
plasserte oss til slutt på 7 plass på tabellen. Hverken i Firda Cup eller i
Fair Play konkurransen greidde vi å gjenta suksessen frå 1996.
Treningstilhøva i år var som i fjor. Mesteparten av grastreningane gjekk på Hafslo medan vintertreningane gjekk på Fosshauganegrusen. Kostnadsmessig var prisen på baneleige omlag som i fjor.
Fjøra FK var ikkje på treningsleir denne sesongen.
REPRESENTASJON
Arnt Årøy deltok på kretstinget 22. og 23. november.
Kai Vidar Danielsen mottok kretsen sin blå diplom på kretstinget. Klubben spanderte overnatting for han og Åse.
Margrethe Svidal deltok på leiar 1 kurs på Sogndal Hotell 11. og 12. april.
ÅRSFESTEN
Årsfesten blei også i år avvikla på Hjorten Kro 15.
november. På årets fotballfest var det fleire påmeldt enn på fleire år.
På årsfesten blei ei rekke personar heidra for innsatsen gjennom året:
| Årets spelar | Osvald Lykkebø |
| Toppscorar | Jan Rune Årøy |
| 50 kampar | Rune Eckhoff Eirik Hillestad Helge Jostein Follevåg |
| 150 kampar | Kai Henning Slinde |
| 200 kampar | Jan Rune Årøy |
Jan Rune Årøy er den første i Fjøras historie som har spelt meir enn 200 kampar for klubben. Dette blei også markert under siste heimekamp, der Jan Rune fekk overrekt gåvekort og blomster.
Vidare blei det delt ut blomster til damene i kiosken: Tove Ølnes, Reidun Bøyum, Kitty Midttun og Hilde Ølnes.
Oddvin Ølnes og Torill Moen (Fjøra Frisør) fekk blomster som representant for sponsorane.
Jan Fuglesteg fekk overrekt ein kniv frå spelarane som takk for innsatsen og lukkehelsingar på ferda til Tromsø.
ØKONOMI
1997 har vore eit svært bra år økonomisk. Rekneskapen viser
at vi har eit driftsoverskot for 1997 på omlag 90.000,-.
Resultatet kjem av ein enorm innsats av både spelarar og hjelpeapparat. Også i år er mesteparten av inntektene henta gjennom dugnadsarbeid.
Salg av annonser til klubbavisa som blei delt ut til alle husstandane i Sogndal blei vår største inntektskjelde. Vi selde annonser for omlag 94.000,-. Noko som er ein auke på 15.000,- frå i fjor.
Vi fekk i 1997 med oss 3 nye sponsorar som kjøpte reklameplass på dei plassane som sto igjen etter 1996-sesongen. Det var Dolly Dimple, Joar Solberg trafikkskule og Fjøra Frisør. Dette utgjorde ein nettogevinst for Fjøra på omlag 15.000,-.
Salget av Fjøra-kontraktar fungerte i år svært bra. Vi fekk seldt vel 400 av dei 420 vi hadde trykt opp.
DUGNADER
Det har i 1997 vore færre dugnader enn i 1996. Av store
dugnader som bør trekkast fram er Sognefjord Cup. I år deltok Fjøra på
rigging av scena i Heradshusparken, grilling i Heradshusparken både fredag og
laurdag samt grilling utanfor Domus på laurdagen, nattevakt i salgsteltet til
Domus og dømming av kampar.
Oppsluttnaden om dugnadane har vore bra, sjølv om nokre nok har måtta ta ein del meir ansvar enn kva som har vore ønskeleg.
KLUBBHUS
Arbeidet med å skaffe Fjøra eit eige klubbhus som blei starta
i 1996 har delvis vore satt til side i 1997. Vi har venta på ei avklaring i
forhold til kva som skjer med klubbhuset til SIL når dei flyttar inn i
storhallen. Prisen på bygget vil vere avgjerande for om Fjøra ynskjer å
overta desse lokala.
Dei midlane vi har fått tildelt frå Sparebank 1 Vest og Maxbofondet har vi fått overført til 1998.
AVSLUTNING
Også 1997 blei eit svært aktivt år for Fjøra. Rekneskapet synet eit
stort overskot som kan kome godt med i åra som kjem. I tida framover vil Fjøra
måtta ta stilling til om vi ynskjer å nytte oss av treningstilbodet i
Storhallen. Kostnadane med dette har vi endå ikkje oversikt over. Vidare kan
det bli spanande å sjå kva andre treningstilhøve ein vil møte når
Storhallen står klar hausten 1998.
Haustens trenarjakt har synt oss at det stadig blir vanskelegare å finne personar som ynskjer å ta på seg slike arbeidskrevjande og tidkrevjande oppgåver. I konkurranse med stadig fleire lag i lokalmiljøet må ein nok starte denne prosessen tidleg om vi skal nå opp.
Fjøra Fotballklubb står overfor store utfordringar i tida som kjem både på rekrutteringssida og på økonomisida. Målsettinga for 1998 sesongen må difor vere å strekke seg endå eit hakk i forhold til innsatsen i 1997 både administrativt og sportsleg sett.
Til slutt ei takk til alle som bidrog til at resultatet blei så bra som det blei i 1997.
Takk for godt samarbeid. Spesiell takk til:
LERUM KONSERVES OG LERUM FABRIKKER v/Kåre Lerum, DOMUS, SPAREBANK1 VEST,
Sogndal, SOGN BILLAG, GILDE, Sogndal, JOAR SOLBERG TRAFIKKSKULE, FJØRA FRISØR,
DOLLY DIMPLE OG STATOIL NORGE v/Oddvin Ølnes.
LUKKE TIL MED SESONGEN 1998
Margrethe Svidal
Leiar