ÅRSMELDING 1998
Årsmøte Lægreid Hotell, onsdag 20. januar 1999Saksliste:
1/98 Opning
2/98 Val av ordstyrar/skrivar
3/98 Årsmelding
4/98 Rekneskap
5/98 Budsjett
6/98 Innkomne saker
7/98 Medlemskontigent
8/98 Val
STYRET:
| LEIAR | Margrethe Svidal (på val) |
| NESTLEIAR | Arne Emil Wathne (ikkje på val) |
| KASSERAR | Arnt Årøy (ikkje på val) |
| STYREMEDLEM | Yngve Håkonsen (ikkje
på val) Terje Rømo (på val) Trygve Espeland (på val) Terje Kvåle (på val) |
| SPELARREP. I STYRET | Jan Rune Årøy og Terje Espeland |
| VALNEMND | Jan Rune Årøy, Svein Hagen og Vidar Fardal |
| TRENAR | Arne Førde |
| HJELPETRENARAR | Jan Rune Årøy og Jon Arve Pedersen |
| OPPMANN | Arne Førde |
| KAMPANSVARLEG | Kai Vidar Danielsen |
MØTEVERKSEMD:
Det har i 1998 vore avvikla 10 styremøter. På desse møta har trenarar og
spelarrepresentantar vore innkalla. Oppmøte på støremøta har vore svært
varierande.
Ein har i 1998 avvikla medlemsmøte på Dolly Dimple 2 ganger, handlekveld på Domus, Pizzakveld i Jakt og fiskehytta, samt ei rekke spelarmøte i løpet av sesongen.
Styret avvikla i år som i fjor eit heildagsmøte der ein fordelte arbeidsoppgåver utover i sesongen.
Sportsleg sett blei 1998 ein svært bra sesong. Vi plasserte oss på 4 plass på tabellen etter ein sterk haustsesong. I Firda Cup vart vi utslått i kvartfinalen etter ein spanande kamp mot Ytre Norane på Ylvisåker (avgjort på straffespark). Fjøra gjekk for 2. gang til topps i Fair Play konkurransen.
Treningstilhøva var mykje som i fjor. Vintertreningane gjekk på grusen på fosshaugane når været gjorde det mogeleg. Alternativ trening som jogging vart nytta elles. Omlag alle grastreningane blei avvikla på Hafslo.
Fjøra FK var ikkje på treningsleir denne sesongen.
REPRESENTASJON:
Jan Rune Årøy, Arnt Årøy og Arne Emil Wathne deltok på impulssamling, der
Stabæk Toppfotball orienterte om sitt opplegg.
ÅRSFESTEN:
Årsfesten blei også i år avvikla på Hjorten Kro 21. november.
Desse blei heidra for innsatsen gjennom året:
ÅRETS SPELAR: Bjarte Vatlestad
50 KAMPAR: Tor Henning Mardal og Bjarte Vatlestad
Vidare blei det delt ut blomster til damene i kiosken: Tove Ølnes, Reidun Bøyum, Kitty Midttun og Hilde Ølnes. Tor Erik Eide skal få etter årsmøtet. Kai Vidar Danielsen og Atle Lægreid fekk blomster for god hjelp og støtte gjennom sesongen.
Arne Førde fekk overrekt ei treskjert klokke med innskripsjon som takk for innsatsen i dei 4 åra han har vore trenar i klubben. Jon Arve Pedersen og Jan Rune Årøy fekk blomster.
ØKONOMI:
1998 har vore eit bra år økonomisk. Rekneskapen viser at vi har eit
driftoverskot for 1998 på omlag 21.000,-.
Salg av annonsar til klubbavisa som blei delt ut til alle husstandar i Sogndal er fortsatt ei av vår største inntektskilde, sjølv om resultatet blei noko dårlegare i år enn i fjor. Vi selde for ca. 90.000,- i år mot 94.000,- i fjor.
I 1998 selde vi faktisk alle Fjørakontraktane bortsett frå ei som ein hund tok seg av. Salget gjekk svært tregt i starten, men etter 2 salgskveldar der spelarane tok ein dør til dør aksjon kom vi opp i dette talet som er det meste nokon gang.
DUGNADAR:
Også i år har Fjøra delteke på ein del dugnadar. Vi deltok på dømming av
kampar under Sognefjord Cup og grilling i Fjøra i regi av Sogndal Ølutsal
v/Kjetil Kvåle.
I haust tok vi på oss å legge golv i Storhallen. Dette har vi gjort 2 gonger, og skal halde fram med 4 våren 1999. Vi har hatt ansvar for scenebygging 4 ganger.
KLUBBHUS:
Arbeidet med å skaffe Fjøra eit klubbhus har stoppa opp. Vi har i løpet
av året venta på ein avklaring i forhold til SIL sine brakker, men har endå
ikkje fått det.
AVSLUTNING:
1998 blei eit mindre aktivt år enn 1997. Aktiviteten i styret har vore dårlegare
enn i foregåande år og behovet for nye impulsar er nok tilstades. Vi har inngått
ei forholdsvis stor leigeavtale med Sognahallen som krev at innsatsen på den
inntektsbringande sida blir heva.
Som før nemnt blei 1998 eit svært bra år sportsleg sett og forutsetningane for å klatre endå høgare på tabellen neste år bør vere tilstades. Trenar fekk vi fort på plass og tilgang på spelarar ha vore større enn på lenge. Klarar vi å få på plass eit støtte-apparat som føl opp den sportslege sida kan alt ligge til rette for ein svært bra 1999 sesong.
Til slutt ei takk til alle som bidrog på ein eller annan måte i 1998!
Takk for godt samarbeid. Spesiell takk til våre trufaste sponsorar:
LERUM KONSERVES OG LERUM FABRIKKER v/Kåre Lerum, DOMUS, SPAREBANK1 VEST, Sogndal, SOGN BILLAG, GILDE SOGNDAL, JOAR SOLBERG TRAFIKKSKULE, FJØRA FRISØR, DOLLY DIMPLE.
Lukke til med sesongen 1999!
SOGNDAL 19.01.1999
FJØRA FOTBALLKLUBB
Styret
Margrethe Svidal