ÅRSMELDING 1999
Styret: Leiar: Arne Emil Wathne (på val)Spelarrepresentantar
i styret: Geir Inge Heggestad og Ole Erik Grinde og Kjell Ertesvåg.
Trenar:
Nils Tore Krosshaug
Sportsleg leiar:
Yngve Håkonsen
Oppmann:
Jan Arild Jakobsen
Kampansvarleg:
Kai Vidar Danielsen
Støtteapparat
med møterett til styremøte: Kai Vidar Danielsen,
Tore
Hågård og Inge Sundsøy.
Valnemd:
Klubben har ikkje hatt valnemd i 1999 då styret sjølv har teke dette.
Møte/tilstellingar/dugnadsarbeid:
Fjøra
Fotballklubb har avvikla 14 styremøte i perioden. Her har styret,
spelarrepresentantar, trenar, oppmann, sportsleg leiar og støtteapparat
vorte kalla inn. Styret har på desse møt handsama over 63 saker. Ei
overvekt av desse sakene har konsentrert seg om klubbens økonomi og
dermed generell drift av klubben.
Vidare
har Fjøra FK hatt fira spelarsamlingar på Dolly Dimple’s, der den
siste var sponsa av Dolly Dimple’s, ein spelarsamling på Hafslo og
tradisjon tru, ein tur på Hyllsete med ulike aktivitetar. Styret har også
hatt sin tradisjonsrike årsavsluttning hjå Åse og Kai Vidar.
Etter at opprykket vart sikra med 3-0 over Dale heima i Sogndal markerte klubben dette med samling på Quality Sogndal Hotell
Av større
inntektsbringande arbeid i perioden har Fjøra FK hatt si eiga kampavis,
sal av Fjørakontraktar, sponsorinntekter og ikkje minst inntektar på
ulike dugnader som til dømes grilling, scenebygging, arbeid med golv i
Storhallen og dømming under Sognefjord Cup.
Medlemstal:
Fjøra
FK er framleis ein svært liten klubb med eit medlemstal som knapt
passerar 30, noko som har vore stabilt for klubben over fleire år.
Utdanning/Representasjon:
Arne
Emil Wathne og Nils Tore Krosshaug deltok på leiar/trenar samling i regi
av SFFK og Arne Emil Wathne deltok på leiarmøte i regi av SFFK.
Sesongen
1999:
Treningstilhøve
var i perioden dei beste klubben har hatt, Sognahallen vart brukt gjennom
heile sesongen, også til gjennomføring av kampar, og alle grastreningar
vart gjennomført på Hafslo. Dei av heimakampane som ikkje vert spelt i
Sognahallen gjekk på Sogndal Stadion.
Sportleg
sett vart sesongen 1999 den beste i heile Fjøra Fotballklubbs historie.
Klubben var den suverene vinnar av tredje divisjon, med to tap, tre
uavgjort og sytten seirar laga Fjøra FK historie med å rykkje opp i
andre divisjon. Men sukssen stoppar ikkje der for Fjøra FK. Etter endå
ein gong å fått trekninga i Firda Avis Cup finalen mot seg, Fjøra
Årsfesten/25
års jubileum:
Årsfesten vart i 1999 avvikla i samband med klubbens 25 års jubileum. Følgjande spelarar vart heidra:
Ole
Erik Grinde
årets spelar
Einar Kvam
årets toppscorar
Morten Hagen
50 kampar (66)
Geir Inge Heggsstad
100 kampar(101)
Helge Jostein Follevåg 100 kampar (118)
Einar Kvam
200 kampar
Jan Rune Årøy
250 kampar (250)
Vidare
fekk Margrethe Svidal og Terje Rømo gåve som takk for innsatsen i styret
i Fjøra FK og Nils Tore Krosshaug fekk gåve for glimrande innsats i
sesongen 1999.
I
sesongen 1999 kunne som kjent Fjøra FK feira 25 år og makan til
jubelsesong skal ein ein leite lenge etter. I samband med jubileumet
arrangerte Fjøra FK ein revy i Sogndal Kulturhus med påfølgjande
jubileumsfest på Quality Sogndal Hotel. Hovedsakleg skulle revyen og
festen vere for dei som har vore med i Fjøra FK gjennom alle desse åra
med etterkvart som datoen for revyen nærma seg vart det klart at fleire måtte
få bli invitert. Vil og ta med at me nok kunne ha gjort dette på eit
tidlegare tidspunkt.
Dei
ansvarlege for revyen var frå klubben: Bjørn Rune Nondal, Annvei Foss,
Jan Rune Årøy, Åse Danielsen, Kitty R. Midttun og Arne Emil Wathne. Før
og under revyen var det også fleire som tok del: Frode Navarsete, Svein Røysum,
Lilly Schøyen, Vigdis Hollekved, Arild Brandshaug, Inge Ronny Årøy, Bjørn
Tore Årøy, Rgoer A. Ivin og Tor Uglum. Og alle som tok del i revyen, både
med arrangementet og på scena med store prestasjonar.
Fjøra
Fotballklubb er dykk alle ein stor takk skuldig.
Under
jubileumsfesten var det fleire som heldt talar til klubben og som kom med
gåver. Av Ove Ask fekk klubben eit bilete som syner Sogndalsfjøra, Av
Sil, representert med Arne C. Førde, fekk klubben 5000,- kroner til bruk
til klubbhus, av Kaupanger, representert med Torgeir Strypet, fekk klubben
bilete og vimpel.
Av
SFFK, representert med Geir Navarsete fekk klubben ekstra utmerking utover
pokal for siger i tredje divisjon, Telenors Fair Play. Firda Cup vart
overrekt etter finalen i Førde.
SFFK,
ved Geir Navarsete, hadde også med seg heidersdiplom til Arnt Årøy som
takk for ei god innsats for klubben gjennom mange år. Arnt er den andre i
klubben som får kretsen sin blå diplom, Kai Vidar var den første. Fjøra
Fotballklubb vil samtidig takke Arnt og Kai Vidar for lang og tru tjenste
med ulike verv i klubben. I år har begge signalisert at dei vil trappe
ned.
Sogndal
Kommune kom med helsing frå kommunen og gav Arnt Årøy, Kai Vidar
Danielsen og Arne Emil Wathne kommunale utmerkingar for innsatsen i Fjøra
Fotballklubb.
Etter
alt dette var det Fjøra FK sin tur til å heidre viktige støttespelarar
gjennom tidene. Av sponsorarne vart følgjande tildelt bilete:
Lerum
v/ Grete Lerum, Intersport v/ Karstein Bergheim, Urmakar Bjørklund
Vatlestad v/ Rolf Vatlestad, Statoil v/Oddvin Ølnes.
Av
personar med verv i 9 år eller meir i Fjøra Fotballklubb vart følgjande
tildelt bilete:
Ove
Ask, Kai Vidar og Åse Danielsen, Arnt Årøy, Kjetil Ertesvåg, Vidar
Fardal, Bent Sætre og Jan Rune Årøy.
I
talen frå leiar under festen vart det understreka, fleire gonger, at å
hugse alle gjennom 25 år kan vere vanskeleg difor vart lista for gåver
frå Fjøra FK lagt høgt med det er viktig å ta med at klubben sender ei
stor takksemd til støttespelarar og sponsorar som har vore med i kortare
periodar.
Det
er ikkje berre sportsleg og revy suksess Fjøra FK har opplevd i 1999. Me
opplever også suksess i teknologiens verden. Klubben, som er landets
minste, har blandt landets største faktasamling på internett.
Her
er Jan Fuglesteg ansvarleg redaktør og han har samtidig med dette samla
heile Fjøra historia under eitt og jobbar no med bokprosjekt om Fjøra FK
som me håpar kan sjå dagens lys i løpet av 2000. Stå på Jan, fortsett
med da gode arbeide du gjer for Fjøra FK.
Økonomi:
1999
var eit godt økonomisk år for Fjøra FK. Rekneskapen syner eit
driftoverskot på kr 33 657,-, sjå vedlagt rekneskap. Samtidig med dette
har klubben ein posetiv kapital i bank.
Billett-
og sponsorinntekter gjekk godt over budsjett, det same gjorde også
inntekter henta frå dugnader. Noko som kan tyde på at Fjøra FK sjølv
er blandt sine største sponsorar. 1999 såg også ein auke i salet av Fjørakontraktar
frå 420 til 450, alle vart selt. Klubben har også hatt større utgifter
enn først budsjettert. Noko som ein har klart å kompensere med godt
arbeid i styret og klubben generelt med skaffe inntekter. Men for ettertid
må ein få bemerke at dette ikkje er ein gunstig måtte å drive klubben
på.
Av
utgifter må ein mellom anna å merke seg kostnaden med baneleige. Denne
er nærmast dobbelt so stor i 1999 som 1998. Men den vart som budsjettert.
Kostnaden med baneleige er altfor stor for Fjøra FK, noko som den har
vore i fleire år, og som fører til at dette er og blir ei utfordring for
styret i klubben. Ein vil også sjå at klubben hadde ein kostnad på over
16000,- i samband med jubileumsfesten.
Fjøra
FK fekk også eit tilskot på kr 3000,- frå Sogndal Kommune i
kulturmidlar.
Fjøra
FK fekk vidare eit tilskot til revy og jubileumsfest på kr 2500,- frå
Indre Sogn Sparebank.
Avslutting/Oppgåver
i året som kjem:
1999
blei eit jubelår frå start til slutt. Treningstilhøva i Sognahallen gav
nok spelarane ein ekstra giv på starten av sesongen. Aldri før har vel
oppsluttnaden på trening våre so bra so tidleg i sesongen. Dette gav også
synlege resultat utover i sesongen. Fjøra FK spelta so bra fotball at me
nærmast vart beskulde for juks i bruken av Sognahallen. Uansett so synte
resultata at det var det same om klubben spelte ute
eller
inne. Den sportslege målsetninga som var å ”gjere det betre enn ifjor”
slo til for fullt og den økonomiske målsetninga må klubben og sei
seg
godt nøgd med. Og når jubileumsåret vart avslutta med ein kjemperevy so
er da vel ikkje so mykje meir å sei om sesongen 1999.
Derimot
står klubben nok ein gong framfor nye utfordringar i sesongen 2000. Det
vert den første i andre divisjon og realistisk sett so må ein rekne med
at det kan gå litt tyngre no. Men klubben har vist før at den veks med
oppgåvene og det skal delast ut ein del poeng før ein skal gjere opp
status til hausten. Sesongførebuingane har starta godt og klarar ein å
fortsette på det ein er byrja på so har klubben eit utgangspunkt
sportsleg sett.
Men
som kjent er det økonomiske også ein viktig del av Fjøra FK og nok ein
gong ser det ut som at klubben må basere drifta på eigeninnsats.
Budsjettet er stort for ein so liten klubb som Fjøra FK og her må alle,
både styret, støtteapparat, trenar og spelargruppa vere sitt ansvar
bevist.
Klubben
må arbeide hardare for å trekkje inn sponsormidlar, samt jobbe med den
evige utfordringa her i Sogndal, baneleiga. Vidare er vel klubben komen so
langt no at det snart vil vere aktuelt å ansette ein person eller
personar for å ta drifta.
Vidare
må Fjøra Fotballklubb også for alvor byrje å tenkje på å danne seg
eit rekrutteringslag. Slik spelarmarknaden er vorten her i bygda etter at
andre klubbar utvidar med fleira lag innan sin eigen klubb er det klart at
Fjøra FK må engasjere seg sterkare i nærmiljøet.
Til
slutt står det at å takke alle som med Fjøra Fotballklubb, både
sponsorar og andre som er med å støttar opp. Utan ein slik støtte i
lokalsamfunnet hadde det ikkje våre mogleg for Fjøra FK å fortsette.
Fjøra
Fotballklubb
Styret
Arne
Emil Wathne