ÅRSMELDING 2000

Styret: Leiar:   Arne Emil Wathne (på val)
  Nestleiar: Kai Henning Slinde (på val)
  Kasserar: Jan Rune Årøy (ikkje på val)
  Styremedlem: Terje Kvåle (på val)
    Annvei Foss (på val)
    Frode Hågvar (ikkje på val)
    Frank Haukereid (ikkje på val)
     
Spelarrepresentantar i styret: Ole Erik Grinde og Kjell Ertesvåg.
     
Trenar: Nils Tore Krosshaug
Hjelpetrenarar: Kai Henning Slinde, Dag Martin Fardal
Sportsleg leiar: Yngve Håkonsen
Oppmann: Jan Arild Jakobsen
Kampansvarleg: Bent Sjøthun
Støtteapparat: Bent Sjøthun, Tore Hågård og Inge Sundsøy.
Støtteapparat med møterett til styremøte: Bent Sjøthun, Tore Hågård og Inge Sundsøy.

Valnemd:
Klubben har ikkje hatt valnemd i 2000 då styret sjølv har teke dette.

Møte/tilstellingar/dugnadsarbeid:
Fjøra Fotballklubb har avvikla 16 styremøte i perioden. Her har styret, spelarrepresentantar, trenar, oppmann, sportsleg leiar og støtteapparat vorte kalla inn. Styret har på desse møt handsama over 59 saker. Fleirtalet av desse sakene har konsentrert seg om klubbens økonomi og dermed generell drift av klubben.

Vidare har Fjøra FK avvikla spelarmøter og hatt spelarsamlingar på Dolly Dimple’s, og tradisjon tru, ein tur på Hyllsete med ulike aktivitetar. Årsavslutning som styret og støtteapparat har dei siste åra vart ikkje gjennomført i 2000.

I juli månad hadde trenar, sportsleg leiing og leiar møte vedrørande sportsleg satsning, i august hadde styret og støtteapparat dagsmøte

på Quality Sogndal Hotel, vidare har klubben hatt møte med SFIK der ein fekk med seg mange gode tips for vidare drift av klubben.

Årets fotballfest var i år på Quality Sogndal Hotel der me hadde over 80 gjester.

Av større inntektsbringande arbeid i perioden har Fjøra FK hatt si eiga kampavis, sal av Fjørakontraktar, sponsorinntekter og ikkje minst inntektar på ulike dugnader som til dømes grilling, scenebygging, arbeid med golv i Storhallen og dømming under Sognefjord Cup.

Medlemstal:
Fjøra FK er framleis ein svært liten klubb med eit medlemstal som knapt passerar 30, noko som har vore stabilt for klubben over fleire år.

Utdanning/Representasjon:
Møte / kurs i regi Sogn og Fjordane Idretsskrins der styret og støtteapparat møtte..

Sesongen 2000:
Treningstilhøve var i perioden svært gode, Sognahallen vart brukt gjennom heile sesongen, også til gjennomføring av kampar. I år har og klubben nytta Sognahallen til trening i løpet av sommaren. Dette for å lette litt på tidsbruk, reising til og frå trening. Noko som har fungert bra og som kan koma til å verte nytta også i framtida. Utanom dette vart grastreningar gjennomført på Hafslo.

Sesongen 2000 gav Fjøra FK fleire nye opplevingar. For første gong spelte ein i andre divisjon og for første gong rykka ein ned etter sesongslutt. For sesongen tok til for fullt spelte Fjøra FK fleire treningskampar med noke ujamne resultat. Første peikepinn på korleis laget var rusta til sesongen fekk ein når Fjøra FK vann med å slå Sogndal II i Sognahallen. Fjøra FK gjekk og vidare til første runde i NM der det vart tap borte mot Sogndal. I Firda Cupen vart det, desverre, tap her heime mote ”bylaget” Førde.

I serien fekk i Fjøra FK ein svært dårleg start med tap heime mot Florø, men etter dette synte Fjøra FK seg fram og produserte fleire gode resultat, mellom anna mot Fyllingen og Hødd. Slutten av sesongen var ikkje den beste Fjøra FK har hatt og klubben vart til slutt 4. sist i 2. divisjon. Grunna omleggjing av divisjonssytemet førte dette til nedrykk. Fjøra FK enda med 7 seier, 3 uavgjort og 12 tap i 2. divisjon 2000.

Årsfesten:
På årsfesten vart følgjande spelarar heidra:

Tor Henning Mardal             årets spelar
Kjell Ertesvåg                     årets toppscorar (11 mål)
Tore Evensen                      50 kampar (54)
Endre Navarsete                  50 kampar(52)
Ole Erik Grinde                   50 kampar (53)
Tomy Jetmundsen               50 kampar (51)
Tor Henning Mardal            100 kampar (114)
Osvald Lykkebø                  200 kampar (224)

Vidare fekk Tove Slinde, Reidar Bjørhovde og Arnt Årøy gåve som takk for innsatsen i styret i Fjøra FK. Nils Tore Krosshaug og Yngve Håkonsen fekk gåve for god innsats for klubben som trenar og sportsleg leiar. Bent Sjøthun fekk gåve for sin glimrande innsats i sin første sesong i Fjøra FK.

Sesongen ’99 vart som kjent ein svært god sesong både på og utanom bana. Mellom anna arrangerte klubben revy i kulturhuset i samband med 25 års jubileumet. Også i år ville ein prøve dette og nok ein gong fekk ein etter hardt arbeid gjennomført ein revy i Sogndal Kulturhus som vart svært godt motteken av publikum. Dette er eit arrangement som fleire i klubben har lyst å jobbe vidare med. Dato for revyen i 2001 er sett (29. desember). Med godt arbeid her kan dette verte eit årleg arrangement for Fjøra FK. Etter revyen hadde ein i samarbeid med Quality Sogndal Hotel opna hotellet og ein fortsette festen der.

Fjøra FK ønskjer med dette å takke alle som bidrog til revysukssen.

Også i 2000 har Fjøra FK utmerka seg på internett. Her er framleis Jan Fuglesteg redaktør. Og alle aom har besøkt sidene våre veit at det arbeidet han gjer held høg klasse. Internett siden er dei nest mest besøket sidene av fotballklubbar i fylket med nesten 20000 besøkande frå starten av.

Økonomi:
2000 var ikkje eit bra økonomisk år for Fjøra FK. Rekneskapen syner eit driftsunderskot på kr 28 857,-, sjå vedlagt rekneskap. Samtidig med dette har klubben ein posetiv kapital i bank.

Det er fleire grunnar til dårlege resultatet. Men fleire av går på at  klubben ikkje har vore bevist på kva budsjettet tilseier at ein kan gjere. Og me må og sei at styret og støtteapparatet av klubben var for dårleg forberedt på kva andre divisjon hadde å sei når det gjeld drift av klubben. Men ein kjem ikkje vekk frå at fleire ubudsjetterte utgifter er hovudgrunn til dette resultatet.

Reisekostnader vart som venta større enn kva Fjøra FK har hatt før. Vårt evigvarande problem med banaleige her i Sogndal fortset og me ser per dags dato ingen løysing på dette. Politisk sett i kommunen er det ingen vilje i det heile til å hjelpe klubben. Ny stor utgiftspost av året var trenings og kamputstyr.

Av inntekter so vart mellom anna sponsorinntektene mindre enn budsjettert, inntekter på avisa gjekk over budsjett.

Fjøra FK fekk også eit tilskot på kr 3000,- frå Sogndal Kommune i kulturmidlar.

Avslutting/Oppgåver i året som kjem:
2000 vart eit anna år enn ein håpa på. Ein rykkja desverre ned att til tredje divisjon, men synte at ein kan halde seg på eit høgre nivå.

Tek ein og med att klubben leveret eit rekneskap i minus so kan ein ikkje sei seg nøgd med sesongen.

I tida framover må klubben verte flinkare til planleggje og gjennomføre sesongane. Om dette medfører omleggjing av drifta av klubben er for tidleg å sei.

Det er heilt klart at leiinga, men også spelarar og trenarar, må verte flinkare til å framleggje planar og ønskjer for sesongane, som ein saman må jobbe for å nå. Dette er ein arbeidsmåte som klubben har jobba etter dei siste åra men som ikkje har fungert godt nok. Dette har og sett i og med at arbeidsfordelinga i klubben har vore heilt feil. Og dette har nok klubben tapt på.

Fjøra FK står nok ein gong framfor nye utfordringar i sesongen 2001. Ein har fått ny hovudtrenar, Leiv Inge Fimreite, fleira av klubbens sentrale spelarar har slutta og ein har fått fleire nye og spenande unge spelarar. Ein kan godt sei at klubben no har fått eit generasjonsskifte og no er det opp til klubben sjølv å untytte dette posetivt. Og alle som er med i Fjøra FK veit at sesongen i år vil kreve hardt arbeid i alle ledd. Viss ikkje alle i klubben er sitt ansvar bevist vil ein mellom anna sjå resultat som i år.

Vidar har Fjøra FK synt, seinast gjennom årets sesong, at ein må begrense kva ein skal jobben med og jobbe mot. Klubbhus, eiga bane,  og rekrutteringslag er noko som klubben treng.Og skal ein få til dette må fleire i klubben ta ansvar, både på eiga hand, og saman med klubben. Diskusjon som har vore tidlegare om ein skal ansette ein person, eller personar, for å ta drifta bør kanskje takast opp att.

Målsetting vil gje ein peikepinn på dette. Personleg meinar eg at ein må få attende eit posetivt økonomisk resultat, ein må etablere laget i øvre sjikt av tredje divisjon og saman utvikle leiinga, trenar og støtteappratet, samt spelarane. Slik at Fjøra FK framstår som eit godt, eller det beste, alternativet til unge fotballspelarar i Sogndal. So får ein vidare sjå om dette gjer Fjøra FK godt utrusta til å rykkje opp.

Til slutt står det at å takke alle som tek i eit tak for med Fjøra Fotballklubb, både sponsorar og andre som er med å støttar opp.

Utan ein slik støtte i lokalsamfunnet hadde det ikkje våre mogleg for Fjøra FK å fortsette.

Sogndal 30.01.2001

Fjøra Fotballklubb Styret

Arne Emil Wathne