ÅRSMELDING 2001
Årsmelding
Fjøra Fotballklubb.
For
perioden 1/1-2001 til 31/12-2001
| Styret: | Leiar: | Arne Emil Wathne (på val) |
| Nestleiar: | Jan Rune Årøy (ikkje på val) | |
| Kasserar: | Jan Rune Årøy (ikkje på val) | |
| Styremedlem: | Terje Kvåle (ikkje på val) | |
| Yngve Håkonsen (ikkje på val) | ||
| Frode Hågvar (på val) | ||
| Frank Haukereid (på val) | ||
| Tom Navarsete (ikkje på val) | ||
| Spelarrepresentantar i styret: Daniel Kvåle og Endre Navarsete. | ||
| Trenar: | Leiv Inge Fimreite | |
| Hjelpetrenarar: | Kai Henning Slinde, Dag Martin Fardal | |
| Sportsleg leiar: | Kjell Ertesvåg | |
| Oppmann: | Bent Sjøthun | |
| Kampansvarleg: | Bent Sjøthun | |
| Støtteapparat: |
Inge
Sundsøy, Arnt Årøy, Dag Martin Fardal, |
|
| Støtteapparat med møterett til styremøte: Bent Sjøthun. | ||
Valnemd:
Klubben har ikkje hatt valnemd i 2001 då styret sjølv har teke dette.
Klubben har hatt hjelp av Kai Henning Slinde og Vidar Fardal.
Møte/tilstellingar/dugnadsarbeid:
Fjøra Fotballklubb har avikla 12 styremøte i perioden. Her har styret,
spelarrepresentantar, trenar, oppmann, sportsleg leiar og støtteapparat hatt møterett.
Styret har på desse møta handsama over 52 saker. Fleirtalet av desse sakene
har konsentrert seg om klubbens økonomi og dermed generell drift av klubben.
Vidare
har Fjøra FK avvikla spelarmøter og hatt spelarsamlingar på Dolly Dimple’s,
og tradisjon tru, ein tur på Hyllsete med ulike aktivitetar. Årsavslutning for
styret og støtteapparat vart gjennomført i januar 2002.
Årets
fotballfest var på Quality Hotel Sogndal der me hadde nærmare 80 gjester.
Av
større inntektsbringande arbeid i perioden har Fjøra FK hatt si eiga kampavis,
sal av Fjørakontraktar, sponsorinntekter og inntektar på ulike dugnader som
til dømes, scenebygging, arbeid med golv i Storhallen, dømming under
Sognefjord Cup og revy i kulturhuset.
Medlemstal:
Fjøra FK er framleis ein svært liten klubb med eit medlemstal som knapt
passerar 30, noko som har vore stabilt for klubben over fleire år.
Utdanning/Representasjon:
Fjøra FK hadde det ein må kalle eit stille år på denne fronten. Leiar,
nestleiar og trenar tok del på miljøhelg i regi av SFFK på Quality Hotel
Sogndal. Vidare tok Frank Haukereid del i oppmannsmøte og lagleiar møte før
sesongstart.
Sesongen
2001:
Treningstilhøve var i perioden svært gode, Sognahallen vart brukt gjennom
heile sesongen, også til gjennomføring av kampar. I år har og klubben nytta
Sognahallen til trening i løpet av sommaren. Dette for å lette på tidsbruk og
reising til og frå trening. Noko som har fungert bra og som kan koma til å
verte nytta også i framtida. Utanom dette vart grastreningar gjennomført på
Hafslo.
Sesongen
2001 var for Fjøra FK ei posetiv oppleving. Klubben låg lenge øverst på
tabellen og opprykk var ei realistisk målsetting gjennom sesongen. No enda Fjøra
FK på tredje plass i årets 3. divisjon etter tap borte mot Stryn i siste
seriekamp. Likevell fekk me ein viss oppreising for tapet med å slå Stryn
borte i finalen i Firda Avis Cup’en. Sesongen starta bra for Fjøra FK der ein
kom til finalen i vinterserien. (Kampen enda med tap mot Stryn). Før sesongen
tok til for fullt spelte Fjøra FK fleire treningskampar med noko ujamne
resultat. Men at Fjøra FK stod godt rusta til sesongen fekk ein stadfesta då
laget gjekk 5 kampar i byrjinga av sesongen utan poengtap.
Første
tapet i serien kom mot Stryn. Men FFK reiste seg og fortsette ein god sesong. Fjøra
FK enda med 14 seier, 5 uavgjort og 3 tap i 3. divisjon 2001. Vidare vart det
tap for Sandane i kvalifiseringa til NM. Og til slutt enda altso FFK som vinnar
av Firda Avis Cup.
Årsfesten:
På FjøraFesten laurdag 10/11-01 fekk følgjande personar overrekt ei
helsing frå FFK:
Blomster
til damene i kiosken (dei flottaste kioskdamene i S&Fj.); Anita
Foss, Renate Kvåle, Tove Ø. Slinde, Hilde Ølnes, Siw Vatlestad, Annveig Foss
Blomster til trenar Leif Inge Fimreite
Blomster til hjelpetrenarar Kai Henning Slinde og Dag Martin Fardal
50
kampar, krystallvase, Terje Kvam, Terje Espeland, Daniel Kvåle
100 kampar, krystllvase, Morten Hagen, Geir Inge Heggestad
150 kampar, krystallvase, Helge Jostein Follevåg
250 kampar, krystallkarafell, Einar Kvam
300 kampar, krystallvase, Jan Rune Årøy
Årets
toppscorar, statuett, Einar Kvam (31 mål)
Årets spelar, statuett, Endre Navarsete
Bent
Sjøthun og Grunde Høgi fekk kvar sin kystallvase for god innsats gjennom
sesongen.
Vidare
fekk Bent eit innramma lagbilete, og ein sjekk, frå spelargruppa. Og heilt til
slutt ei lita helsing frå FFK i annledning 30 års dagen.
For
tredje gong på rad vart året avslutta med revy i Sogndal Kulturhus. Og enda
ein gong enda da i suksess. Nytt av året var at ein denne gongen ville køyre
to forstilingar på ein og same dag. Billettane vart utselt med ein gong dei
vart lagt ut for salg, og tilbakemeldingar frå personar i nærmiljøet og
Sogndal ellers har vore udelt posetive. Då ser ein sjølvsagt vekk frå Sogn
Avis.
Etter
revyen hadde ein i samarbeid med Quality Sogndal Hotel opna hotellet og ein
fortsette festen der.
Fjøra
FK ønskjer med dette å takke alle som bidrog til revysukssen.
Også
i 2001 har Fjøra FK utmerka seg på internett. Her er framleis Jan Fuglesteg
redaktør. Og alle som har besøkt sidene våre veit at det arbeidet han gjer
held høg klasse. Og internett sidene fekk i ei kåring i 2001 9. plass for
fotballklubber her i landet.
Økonomi:
2001 var godt økonomisk år for Fjøra FK. Rekneskapen syner eit
driftsoverskot på kr 53450,-, sjå vedlagt rekneskap. Samtidig med dette har
klubben ein posetiv eigenkapital i bank. Sjå vedlagt rekneskap.
Av
inntekter er det verdt å merke seg at revyen spelar ein stor rolle i det svært
so posetive resultatet i år. Og det tyder vel på at klubben må jobbe meir
aktivt for ta inn dei postane ein sett opp i budsjettet ved årsstart.
Likevel
er det på kostnadssida klubben har hatt størst endringar i tilhøve til kva
som var budsjettert.
No
vil ein ta gjennomgang av dette på årsmøte, men at ein ved årsslutt ligg
over 50 000,- under budsjettet er over all forventning.
Fjøra
FK søkte ikkje om kulturmidlar frå Sogndal Kommune i 2001.
Avslutting/Oppgåver
i året som kjem:
Når ein gjer opp status for 2001 må ein sei seg nøgd med året som har gått.
Klubben har nok ein gong synt at ein er etablert blandt dei beste i Sogn og
Fjordane. Sportsleg var opprykk målet. At ein no må ta ein ny sesong i tredje
divisjon bør ikkje vera til hinder for FFK. Me har hatt utskifting av trenarar
og spelarar før siste sesongen, Og me som alle andre må, og bør, bruke tid på
å få set saman ei ny og meir slagkraftig utgåve av FFK.
Økonomi
er og ein viktig del av Fjøra FK. I sesongen 2001 velde ein å prioritera på
andre måtar enn ein har gjort tidlegare. Og då spesielt med tanke på
dugnadsarbeid. Klubben har i årets sesong ikkje brukt so mykje tid som
tidlegare på dugnadar.
Dette
for å spare klubbens medlemmer, som dei siste åra har jobba hardt for å
skaffe klubben midlar til drift. Vidare baserte ein seg også på at revyen
ville gje avkastning til klubben.
Framleis
er ei av utfordringane i FFK at ein har ein liten organisasjon.
Posetivt
med tanke på besluttningar og samhald. Negativt med tanke på arbeidsfordeling.
Dette har og medført at FFK har gått vidare frå det som var sagt i fjor og
har no for sesongen 2002 ansatt Bent Sjøthun, ein dag i veka fram til juni, for
å ta seg av daglege oppgåve i klubben, i samarbeid med styret. Hovudtanken er
at han då skal bruke tida på sponsorar, FFK avisa og FFK Kontraktar. Vidare
vil han også fortsette med sine oppgåver som Sportsleg Leiar. Ein vil bruke året
for å sjå om dette er noko klubben kan utvikle og gå vidare med.
Fjøra
FK står nok ein gong framfor nye utfordringar i sesongen 2002. Leiv Inge
Fimreite har fått med seg Per Barsnes i trenargruppa. Klubben har mista fleire
sentrale spelarar og ein har vel fortsett litt av det generasjonsskifte ein
starta på i fjor. Vidare har FFK for sesongen 2002 inngått eit samarbeid med
Norane slik at me har eit alternativ til alle spelarane i FFK. Men også med
tanke på å hjelpe Norane i ein vanskeleg situasjon med tanke på spelarar.
Når det
gjeld målsetting for sesongen so bør klubben fortsette å utvikle målsettinga
frå 2001. Halde kontroll slik at ein får ein posetiv økonomi og ikkje minst
forsette for å stabilisere laget i toppen av tredje divisjon og saman utvikle
leiinga, trenar og støtteappratet, og ikkje minst spelarane. Slik skal Fjøra
FK framstår som eit godt, eller det beste, alternativet til unge
fotballspelarar i Sogndal.
Til
slutt står det at å takke alle som tek i eit tak for med Fjøra Fotballklubb,
både sponsorar og andre som er med å støttar opp.
Utan
ein slik støtte i lokalsamfunnet hadde det ikkje våre mogleg for Fjøra FK å
fortsette.
Sogndal
20.02.2002
Fjøra
Fotballklubb
Styret
Arne
Emil Wathne