ÅRSMELDING 2002
Styret:
Leiar:
Frank Haukereid (på val)
Nestleiar:
Jan Rune Årøy (på val)
Kasserar:
Jan Rune Årøy (på val)
Styremedlem:
Terje Kvåle (på val)
Arne Emil Wathne (ikkje på val)
Tom Wolff Navarsete (på val)
Yngve Håkonsen (på val)
Odd Einar Fimreite (ikkje på val)
Frode Hågvar (ikkje på val)
Spelarrepresentantar
i Styret: Daniel
Kvåle og Endre Navarsete.
Dagleg
Leiar: Bent
Sjøthun
Trenar:
Leiv Inge Fimreite
Hjelpetrenar:
Per Barsnes
Sportsleg Leiar: Bent
Sjøthun
Oppmann:
Bent Sjøthun
Kampansvarleg: Bent Sjøthun
Støtteapparat:
Inge Sundsøy, Arnt Årøy, Grunde Høgi.
Valnemd:
Klubben har ikkje hatt valnemd i 2002 då styret sjølv har teke dette.
Møte/tilstelningar/dugnadsarbeid:
Fjøra Fotballklubb har avvikla 12 styremøter i perioden. Her har styret,
trenar, oppmann og sportsleg leiar hatt møterett. Styret har på desse møta
handsama 57 saker. Mesteparten av sakene går på drift av klubben.
Fjøra
FK har hatt spelarmøter og har avvikla spelarsamlingar på Dolly Dimple’s og
tur til Hylsete med ulike aktivitetar.
Årets
fotballfest vart gjennomført på Quality Hotell Sogndal i November der me hadde
nesten 70 gjester.
Av
større inntektsbringande arbeid i perioden har Fjøra FK hatt si eiga kampavis,
sal av Fjørakontraktar, sponsorinntekter og inntekter på ulike dugnadar som
Scenebygging, golvleggjing i storhallen, flaskesortering på Lerum, dømming
under Sognefjord cup og revy i kulturhuset.
Fjøra
FK stilte mange personar til opptak av filmen ”Tunheim the movie” som kjent
vart ein stor suksess.
Medlemstal:
Fjøra FK er framleis ein svært liten klubb med eit medlemstal som knapt
passerar 30 medlemmar, noko som har vore stabilt for klubben i fleire
år.
Utdanning/representasjon:
Fjøra FK hadde ingen medlemmar
på kurs eller på andre representasjonar i perioden.
Sesongen
2002:
Treningstilhøva
var i perioden svært gode, Sognahallen vart brukt gjennom heile sesongen, også
til gjennomføring av kampar. I år har og klubben nytta Sognahallen til trening
i løpet av sommaren. Dette for å lette på tidsbruk og reising til og frå
trening. Dette har fungert svært bra og kan komma til å bli nytta også i
framtida. Utanom dette vert grastreningar gjennomført på Hafslo.
Sesongen
2002 var ein heller dårleg sesong for Fjøra FK. Me vart liggjande midt på
tabellen gjennom heile sesongen og enda til slutt på ein 7 plass. Me vart
slegne ut av Firda Avis Cup’en tidleg i turneringa borte mot Kaupanger. Fjøra
FK deltok i perioden ikkje i vinterserien. Mest positivt å nevna er at Fjøra
FK gjekk vidare til 1. runde i NM der me tok i mot SK Brann på Sogndal Stadion
og sette publikumsrekord med godt over 500 tilskodarar. Her fekk me i tillegg
god dekning i radio og fjernsyn.
Fjøra
FK enda sesongen med 10 seier, 2 uavgjort og 10 tap i årets 3 divisjon.
Årsfesten:
På Fjørafesten laurdag 09/11-02 fekk følgjande personar overrekt ei helsing
frå FFK:
Blomster
til damene i kiosken: Anita Foss
Renate Kvåle
Tove Ølnes
Siv Vatlestad
Hilde Ølnes
Krystallvase
og blomster til trenar Leiv Inge Fimreite.
Krystallvase og blomster til hjelpetrenar Per Barsnes.
50
kampar og krystallvase, Tommy Hovland
50 kampar og krystallvase, TorbjørnYlvisåker
200 kampar og krystallvase, Kai Henning Slinde
Årets
toppscorar, statuett, Arild Underdal
Årets spelar, statuett, Arild Underdal
Bent
Sjøthun og Grunde Høgi fekk kvar sin krystallvase for god innsats gjennom
heile sesongen.
For
fjerde året på rad vart Fjørarevyen framført i Sogndal Kulturhus med stor
suksess nok ein gong. To forestillingar på ein kveld og billettane til revyen
vart rivne vekk på under to timar. Tilbakemeldingar frå folk er veldig
positive. Etter revyen samlast alle til fest på Quality Sogndal Hotell som opna
dørene i samarbeid med FFK.
Fjøra
FK ynskjer med dette å takke alle som bidrog til suksessen med revyen.
Også
i 2002 har FjøraFK utmerka seg på internett. Her er framleis Jan Fuglesteg
redaktør. Dei som har besøkt sidene våre på internet veit at det arbeidet
som vert gjort der held høg klasse. Internettsidene våre vart kåra til tiende
beste internettside i landet i 2002.
I
September 2002 starta FjøraFK ei fotballturnering i Sognahallen for å benytta
ledig leigetid i hallen. Turneringen vart kalla Kjempenes Liga og me fekk 24 lag
frå heile Indre Sogn til å delta. Innleiande rundar vart spelt i 2002 og me
har fått veldig mange gode
tilbakemeldingar
på turneringa. Det vart i tillegg oppretta ei eiga link på heimesida der all
informasjon om turneringa vart lagt ut.
Økonomi:
Rekneskapen for 2002 syner eit årsunderskot på kr. 86.637, sjå vedlagt
rekneskap. Samtidig med dette har klubben ein positiv eigenkapital med kr.
87.519. Sjå vedlagt rekneskap.
FFK
fekk tildelt kr 2000,- i kulturmidlar frå Sogndal kommune i 2002.
Avslutning/oppgåver
i året som kjem:
Året 2002 vart ikkje eit godt år for FjøraFK verken økonomisk eller
sportsleg. Me vart som nemnt tidligare liggjande langt nede på tabellen gjennom
nesten heile sesongen, men dette er noko klubben kan bli styrka av framføre
neste sesong.
Økonomi
er ein viktig del av FjøraFK. I sesongen 2002 har ein valgt å bruka mindre tid
på dugnadar. Dette er vorte gjort for å spare klubbens medlemmar og klubben
har basert seg på at revyen vil gje meir i avkastning.
Framleis
er ei av utfordringane i FjøraFK at ein har ein liten organisasjon. Dette er
positivt med tanke på beslutningar og samhald. Negativt med tanke på
arbeidsfordeling. Dette var noko av grunnen til FjøraFK hadde Bent Sjøthun
ansatt i eit engasjement i klubben ein dag i veka fram til og med Juli månad.
Dette vart gjort for at ein person kunne ta seg av daglege oppgåver i klubben,
i samarbeid med styret. I tillegg tok han seg av sponsorar, FFK avisa og FFK
kontraktar. Han var i tillegg til dette sportsleg leiar heile året.
FjøraFK
har framfor sesongen ansatt Nils-Tore Krosshaug som trenar, dette har medført
at FjøraFK har styrka stallen betrakteleg framfør årets sesong, og målet er
å liggja blant dei 4-5 beste i årets 3 div. FjøraFK har i sesongen fortsatt
å samarbeide med Norane. Dette gjer at FjøraFK har eit alternativ til alle
spelarane.
Når
det gjeld målsettinga for sesongen 2003 so bør klubben forsette den fine
utviklinga som dei allerede har fått i år. Den største utfordinga vert å
halda kontroll på økonomien, men å stabilisere laget på toppen i 3 div og
saman utvikle leiinga, trenar og støtteapparat, og ikkje minst spelarane er eit
mål alle i klubben skal ha. Slik skal FjøraFK framstå som eit godt , eller
det beste alternativet til unge fotballspelarar i sogndal.
Til
slutt gjenstår å takke alle som tek eit tak for Føra Fotballklubb, både
sponsorar og andre som er med og støttar opp. Utan ein slik støtte i
lokalsamfunnet hadde det ikkje vore mogeleg for FjøraFK å fortsetje.
Sogndal
26.02.2003
Fjøra Fotballklubb
Styret
Frank Haukereid