ÅRSMELDING 2003
| Styret: | |
| Leiar: | Frank Haukereid |
| Nestleiar: | Tom W. Navarsete |
| Kasserar: | Jan Rune Årøy |
| Styremedlem: | Bent Sjøthun (ikkje på val) |
| Tove Ølnes (ikkje på val) | |
| Terje Kvåle (Ikkje på val) | |
| Odd Einar Fimreite (på val) | |
| Frode Hågvar (på val) | |
| Arne Emil Wathne (på val) | |
| Spelarrepresentantar i styret: | Morten Hagen |
| Rune Eckhoff | |
| Sportsleg: | |
| Trenar: | Nils Tore Krosshaug |
| Hjelpetrenar: | Knut Almås |
| Sportsleg Leiar: | Bent Sjøthun |
| Oppmann: | Per Barsnes |
| Kampansvarleg: | Kai Vidar Danielsen |
| Støtteapparat: | Grunde Høgi |
Valnemd: Klubben har ikkje hatt valnemd i 2003 då styret sjølv har teke dette.
Møte/Tilstelningar/Dugnadsarbeid:
Fjøra Fotballklubb har avvikla 8 Styremøter i Perioden. Her har styret,
trenar, oppmann og sportsleg leiar hatt møterett. Styret har på desse møta
handsama 34 saker. Mesteparten av sakene går på drift av klubben.
Fjøra FK har hatt spelarmøter og har avvikla spelarsamlingar på Dolly Dimple’s og tur til Hylsete.
Årets fotballfest for Fjøra FK vart gjennomført i tradisjon tru på Quality Sogndal Hotell i November der me hadde i overkant av 50 gjester. Menyen bestod av julemat.
Av større inntektsbringande arbeid i perioden har Fjøra FK hatt si eiga avis som vert gitt ut til alle hustandar i Sogndal Kommune, Sal av ”Fjørakontrakt”, sponsorinntekter og inntekter på ulike dugnadar som flaskesortering, dømming under Sognefjord cup og revy i kulturhuset.
Medlemstal:
Fjøra FK er framleis ein svært liten klubb med eit medlemstal som knapt
passerer 30 medlemmar, noko som har vore stabilt for klubben i fleire år.
Utdanning/representasjon:
Fjøra FK hadde 2 medlemmar, Tom W. Navarsete og Bent Sjøthun på leiarkurs i
slutten av November i Måløy i regi av SFFK.
Sesongen 2003:
Treningstilhøva var i perioden svært gode, Sognahallen vart brukt gjennom
store deler av sesongen, også til gjennomføring av kampar. I tillegg til
Sognahallen har klubben nytta treningsfeltet på Hafslo for å trena på gras.
I Sesongen 2003 enda Fjøra FK opp på ein 4 plass i serien, a poeng med Tornado/Måløy som hadde bedre målforskjell. Med dette enda Fjøra FK med 13 seirar, 4 uavgjort og 5 tap. Fjøra FK var også med i Firda Avis Cup der me vart utslegne av Jotun i kvartfinalen. I NM cup vart Fjøra FK utslegne av Førde, her kan men evna at Fjøra FK leverte protest på at Førde gjorde eit innbytte for mykje. Denne protesten vart avslegen hjå Norges Fotballforbund.
Årsfesten:
På Fjørafesten laurdag 15. november -03 fekk fylgjande personar overrekt ei
helsing frå FFK:
| Blomster til damene i kiosken: |
Anita Foss |
Terje Kvåle fekk blomster for å ha selt heile 142 sponsorkontraktar.
Lysestake og blomster til
trenar Nils Tore Krosshaug.
Lysestake og blomster til hjelpetrenar Knut Almås.
50 kampar og krystallvase,
Rolf Vidar Hansen
50 kampar og krystallvase, Arild Underdal
100 kampar og krystallvase, Daniel Kvåle
150 kampar og krystallvase, Morten Hagen
Årets toppscorar, statuett, Bjarte Vatlestad
Årsets spelar, statuett, Rune Eckhoff.
Grunde Høgi, Kai Vidar Danielsen og Per Barsnes fekk blomar for innsatsen gjennom heile sesongen.
Jan Rune Årøy og Geir Inge Heggestad fekk kvart sitt maleri og blomster for lang og tru innsats både på og utanfor bana.
For femte året på rad vart Fjørarevyen framført i Sogndal kulturhus med stor suksess nok ein gong. To forestillingar for fulle hus, billettane vart rivne vekk på under ein time. Etter revyen avslutta me kvelden på Sogndal Hotell.
Fjøra FK ynskjer med dette å takka alle som bidrog til at revyen vart ein suksess i år og.
Også i 2003 har Fjøra FK utmerka seg på internett. I ein kåring som fotballen.no hadde på internett kom fjora.no på ein tredjeplass. Jan Fuglesteg er redaktør for nettsida.
Tysdag 4. november gjekk startskotet for ein ny runde med Kjempenes Liga i regi av Fjøra FK. I år meldte 28 lag seg på turneringa som har sluttspel og finale i Januar. Me har ved sida av turneringa hatt ei eiga heimeside på internett til turneringa der folk kan lesa referat og tabellar frå turneringa
Økonomi:
Rekneskapen for 2003 syner eit årsoverskot på kr 9.244, sjå vedlagt
rekneskap. Samtidig med dette har klubben ein positiv eigenkapital på kr 96.763.
Sjå vedlagt rekneskap.
Fjøra FK fekk tildelt kr 500.- i kulturmidlar frå Sogndal Kommune i 2003.
Avslutning/oppgåver i året
som kjem:
Året 2003 vart eit bra år for Fjøra FK både sportsleg og økonomisk. Me havna
som nemt tidligare på ein 4 plass og rauk ut av Firda avis cup etter tap for
Jotun. Geir Inge Heggestad vart tilsett som ny hovudtrenar etter Nils Tore
Krosshaug om hausten.
Økonomi er fortsatt ein viktig del av Fjøra FK. I sesongen 2003 har ein til liks med året før valgt å bruka mindre tid på dugnadar. Dette er vorte gjort for å spara klubbens medlemmar og samtidig basera seg på at revyen gjev meir i avkastning.
Framleis er ei av utfordringane for Fjøra FK at ein har ein liten organisasjon. Dette er positivt med tanke på beslutningar og samhald. Negativt med tanke på arbeidsfordeling.
Veka før påske reiser heile klubben med støtteapparat på treningsleir til portugal, dette håpar me skal virka positivt inn på alle i klubben for at me skal få ein god sesong.
Når det gjeld målsettinga for sesongen 2004 so bør klubben fortsetje den fine utviklinga me har starta året på. Me har god kontroll på økonomi og med nytt treningsfelt på Skjeldstad sparar me spelargruppa for mykje reising til Hafslo.
Til slutt gjenstår å takke
alle som tek eit tak for Fjøra FK , både sponsorar, og andre som er med og
støttar opp. Utan ein slik støtte i lokalsamfunnet hadde det ikkje vore mogeleg
for Fjøra FK å halda fram.
Sogndal 12.03.04
Fjøra Fotballklubb
Styret
Frank Haukereid