ÅRSMELDING 2004

Styret:  
Leiar: Frank Haukereid (på val)
Nestleiar:  Tom W. Navarsete
Kasserar:  Jan Rune Årøy
Styremedlem:  Bent Sjøthun (på val)
  Tove Ølnes (på val)
  Terje Kvåle (på val) 
  Frode Hågvar (ikkje på val)
  Arne Emil Wathne (ikkje på val)
   
Spelarrepresentantar i styret: Torbjørn Ylvisåker
  Rolf Vidar Hansen
   
Sportsleg:  
Trenar:  Geir-Inge Heggestad
Hjelpetrenar:  Jan Rune Årøy
Sportsleg Leiar: Bent Sjøthun
Oppmann:   Per Barsnes
Kampansvarleg:  Kai Vidar Danielsen

Valnemd: Klubben har ikkje hatt valnemd i 2004 då styret sjølv har teke dette.

Møte/Tilstelningar/Dugnadsarbeid:
Fjøra Fotballklubb har avvikla 12 Styremøter i Perioden. Her har styret, trenar, oppmann og sportsleg leiar hatt møterett i tilleg til spelarrep. Styret har på desse møta handsama 43 saker. Mesteparten av sakene går på drift av klubben.

Fjøra FK har hatt spelarmøter og har avvikla spelarsamlingar og tur til Hylsete.

Årets fotballfest for Fjøra FK vart gjennomført i tradisjon tru på Quality Sogndal Hotell den 25. september der me hadde i overkant av 50 gjester.

Av større inntektsbringande arbeid i perioden har Fjøra FK hatt si eiga avis som vert gitt ut til alle hustandar i Sogndal Kommune, Sal av ”Fjørakontrakt”, sponsorinntekter og inntekter på ulike dugnadar som flaskesortering, opp-pussing på Bjelde gard, grilling, dømming under Sognefjord cup og revy i kulturhuset.

Medlemstal:
Fjøra FK er framleis ein svært liten klubb med eit medlemstal som knapt passerer 30 medlemmar, noko som har vore stabilt for klubben i fleire år.

Utdanning/representasjon:
Fjøra FK hadde ingen personar tilstades på kurs/representasjon i regi av klubben.

Sesongen 2004:
Før sesongen starta var heile klubben inkl støtteapparat og ein del frå styret på treningsleir til Portugal, nærare bestemt Monte Gordo på Algarvekysten. Denne treningsleiren var opplagt til både høg sosial faktor og at me skulle få gjennomført gode treningar og treningskampar. Alle som var med bidrog med kvart sitt for at dette skulle bli ein flott tur for Fjørafamilien.

Treningstilhøva var ellers i perioden svært gode, Sognahallen vart brukt gjennom store deler av sesongen, også til gjennomføring av kampar. I tillegg til Sognahallen har klubben nytta treningsfeltet på Hafslo for å trena på gras. Me teikna ein 3 års kontrakt med Erik Skjeldestad for å nytta eit område oppe på Skjeldestad til treningsfelt, seinare kalla Anstein ground. Planane for kva som skjer vidare her ligg fortsatt på vent.

I Sesongen 2004 enda Fjøra FK opp på ein 3 plass i serien, berre slått av Førde og Stryn. Dette må me sei oss svært godt fornøyd med.

Me tapte 4-2 for Bjørn IL i 1 runde i Firda Avis Cup, men i NM cup slo me ut Voss og Førde i kvallikkampane og møtte Hønefoss BK i 1 runde, den kampen tapte me 2-0. 

Årsfesten:
På Fjørafesten Laurdag 25 September -04 fekk fylgjande personar overrekt ei helsing frå FFK:

Blomster til damene i kiosken: 

Terje Kvåle
Renate Kvåle
Jorunn Sjøthun
Siv Vatlestad
Hilde Ølnes
Tove Ølnes
Linda Weum

Terje Kvåle fekk blomster for å ha selt heile 150 sponsorkontraktar. 

Blomster til trenar Geir Inge Heggestad.
Blomster til hjelpetrenar Jan Rune Årøy.

50 kampar og krystallvase, Frode Kvåle.
50 kampar og krystallvase, Jarle Flugheim.

Årets toppscorar, statuett, Arild Underdal. 18 mål i serien.
Årsets spelar, statuett, Terje Flugheim.
Årets brasse, statuett, Johnny Gunnufsen.

Styremedlemmar som har slutta, blomster, Odd Einar Fimreite. 

Bent Sjøthun, Kai Vidar Danielsen og Per Barsnes fekk blomar for innsatsen gjennom heile sesongen.

For sjette året på rad vart Fjørarevyen framført i Sogndal kulturhus med stor suksess nok ein gong. Tre forestillingar for fulle hus. 2 før Jul og 1 i romjula. Etter revyen avslutta me kvelden på Sogndal Hotell.

Fjøra FK ynskjer med dette å takka alle som bidrog til at revyen vart ein suksess i år og.

Også i 2004 har Fjøra FK utmerka seg på internett. I ein kåring som fotballen.no hadde på internett kom fjora.no på ein sterk fjerde plass blant ca 400 heimesider for fotball-lag over heile landet uavhengig av divisjon. Jan Fuglesteg som er redaktør gjer ein kjempejobb for FFK si heimeside.

Fredag 12. november gjekk startskotet for ein ny runde med Kjempenes Liga i regi av Fjøra FK. I år meldte 24 lag seg på turneringa som me valgte å arrangera over ei helg. Me har ved sida av turneringa hatt ei eiga heimeside på internett til turneringa der folk kan lesa referat og tabellar frå turneringa.

Økonomi:
Rekneskapen for 2004 syner eit årsoverskot på kr 15.829, sjå vedlagt rekneskap. Samtidig med dette har klubben ein positiv eigenkapital på kr 112.592. Sjå vedlagt rekneskap.

Fjøra FK søkte Sogndal Kommune om kulturmidlar 2004 men fekk avslag på dette.

Avslutning/oppgåver i året som kjem:
Året 2004 vart eit bra år for Fjøra FK både sportsleg og økonomisk. Me havna som nemt tidligare på ein 3 plass og rauk ut av Firda avis cup etter tap for Bjørn IL og NM Cup etter tap for Hønefoss BK. Geir Inge Heggestad hadde trenaransvaret heile sesongen saman med Jan Rune Årøy. FFK valgte å avslutta samarbeidet med Geir Inge etter endt sesong pga ulke sportslige ambisjonar frå trenar, støtteapparat og styre.  

Økonomi er fortsatt ein viktig del av Fjøra FK. I sesongen 2004 har me hatt ein del mindre dugnadar, dette er fortsatt nødvendig for at klubben skal kunna gå i økonomisk balanse. I tillegg er FjøraRevyen ein viktig inntektskjelde og gjev klubben mykje positiv omtale i bygda.

Framleis er ei av utfordringane for Fjøra FK at ein har ein liten organisasjon. Dette er positivt med tanke på beslutningar og samhald. Negativt med tanke på arbeidsfordeling.

Når det gjeld målsettinga for sesongen 2005 so bør klubben fortsetje den fine utviklinga me har hatt dei siste åra. Me har god kontroll på økonomi og treningsfeltet på Skjeldestad vert ein av dei oppgåvene som klubben vil bruka tid på i 2005.

Til slutt gjenstår å takke alle som tek eit tak for Fjøra FK , både sponsorar, og andre som er med og støttar opp. Utan ein slik støtte i lokalsamfunnet hadde det ikkje vore mogeleg for Fjøra FK å halda fram.


Sogndal 18.01.05
Fjøra Fotballklubb
Styret

Frank Haukereid