ÅRSMELDING 2005
[PDF-versjon]
| Styret: | Leiar: | Einar Kvam (på val) |
| Nestleiar: | Tom Wolff Navarsete | |
| Kasserar: | Jan Rune Årøy (på val) | |
| Styremedlem: | Bent Sjøthun | |
| Arne Emil Wathne (på val) | ||
| Frank Haukereid Reksnes | ||
| Sportsleg: | Trenar: | Ove Hauge |
| Assistent trenar: | Jan Rune Årøy / Knut Almås | |
| Sportsleg leiar: | Bent Sjøthun | |
| Oppmann: | Per Barsnes | |
| Kampansvarleg: | Kai Vidar Danielsen |
Anna:
Klubben har ikkje hatt valnemnd, styret har handtert denne oppgåva sjølv.
Det har i 2005 ikkje vore valt spelarrepresentantar til styret.
FOTBALLSESONGEN 2005:
Vi har fått med oss at kloke hovud på TV2 seier at ein
fotballtabell er det ærlegaste som finst. Vi startar difor med fasiten.
Sluttabellen i 3. divisjon avd. Sogn og Fjordane vart slik:
|
Fjøra hadde ein svært god start på sesongen, men etter kvart vart stabiliteten i prestasjonane litt for dårleg til å halde følgje med dei 3 beste laga i divisjonen. Litt statistikk for å underbyggje poenget:
Største heimesiger: 5-0 mot Skavøypoll
Største heimetap: 0-5 mot Stryn
Største bortesiger: 7-0 mot JÅFK 2
Største bortetap: 0-6 mot SIL 2
Ein del av årsaka til manglande stabilitet var at vi mista fleire sentrale spelarar etter vårsesongen. Av sterke prestasjonar i 2005 sesongen bør vi framheve 10. og 11. serierunde då vi først slo SIL 2 med 3-0 heime for deretter å slå Stryn 2-0 på bortebane. Elles syner statistikken generelt at Fjøra slepte inn for mange mål samanlikna med dei beste, spesielt på bortebane. Til sist enda vi på ein fjerdeplass på tabellen, om lag som forventa.
Endringar i spelarstallen sesongen 2005:
| Tilgang: | Avgang: |
| Ronny Einan, Syril | Terje Flugheim, SIL A |
| Geir Ove Fosse, Rosendal | Frank T. Holstad, Stryn |
| Vegard Ruud, Bjørn | Geir-Erik Røysi, JÅFK |
| Bjørnar Saue, SIL 3 | Frode Kvåle, skada |
| Eldar Myren, Norane | Joar Ølmheim, flytta til Bergen |
| Magnus Breilid, Saga | Øystein Veum, lagt opp |
| Terje Espeland, lagt opp | |
| Eirik Hillestad, lagt opp | |
| Hallgeir Sandal, SIL 2 |
I løpet av sesongen reiste Jim Are Hansen og Ronny Hamre tilbake til Trio, medan Einar Dons Brath gjekk til Nidelv. Vi hadde tilgang i Tore Madsen frå Bjørn og Tore Gjerdalen frå JÅFK. I tillegg var Øystein Hesjedal og fotballnomaden Bjarte Vatlestad på korte ”gjestespel”.
Fjøra 2:
Fjøra valde også å stille med andrelag i den lokale 6.divisjon. Fjøra 2 vann
serien, som forventa, men valde å takke nei til kvalifiseringsspel til 5.
divisjon fordi spelarstallen blei for tynn til å drifte laget på
tilfredsstillande måte. Det vil såleis ikkje bli påmeldt andrelag frå FFK i
seriespel sesongen 2006.
STYRET / ARRANGEMENT / AKTIVITETAR:
Styret har i 2005 fokusert på oppfølging og vidareføring av dei arrangementa som
har vore sentrale for drifta av FFK dei siste åra:
Sal av "Fjørakontrakt"
Fjøraposten
Dugnad i form av grilling / dømming under Sognefjord cup
Kjempenes Liga
Fjørarevyen
Webside:
Våre websider
www.fjora.no har i ei årrekkje vore blant dei aller beste i landet. Dette
vart stadfesta i 2005 også, med plassering på topp 10 i ”offisiell” kåring
(uansett divisjon) på internett. Den heile og fulle æra for dette tilfaller ei
eksilfjør i Tromsø, Jan Fuglesteg.
Fotballfest:
Under årets fotballfest på Sogndal Hotell vart følgjande spelarar heidra:
Årets spelar: Daniel Kvåle
Årets toppscorar: Arild Underdal
200 kampar: Morten Hagen
100 kampar Rolf Vidar Hansen
100 kampar Torbjørn Ylvisåker
I tillegg vart det gjort litt ekstra stas på nokre av dei som har lagt ned størst innsats for klubben dei siste åra: Jan Rune Årøy, Bent Sjøthun, Terje Kvåle og Kai Danielsen. Jan Fuglesteg var ikkje til stades.
UTSIKTENE FRAMOVER:
Sportsleg:
Styret er veldig glade for å ha på plass nytt trenarteam i Jan Rune Årøy og Knut
Almås. Dessutan fortset Bent Sjøthun som sportsleg leiar. Med dette trekløveret
på plass sikrar vi kontinuitet og kan halde fram arbeidet med å utvikle vår
eigen spelestil.
Dette er ei utfordrande oppgåve, spesielt sidan vi også framfor neste opplever at nokre av våre beste spelarar enten flytter eller prøver lukka i høgare divisjonar. Før 2005 sesongen reiste Terje Flugheim til SIL A og Geir Erik Røysi til JÅFK (no ÅFK). Før 2006 sesongen opplever vi mykje av det same med Arild Underdal på utlån til Årdal fotballklubb og Daniel Kvåle til SIL A.
Slik avgang er noko vi må leve med, og til ein viss grad ønskjer. I løpet av 2005 sesongen fekk både Terje Flugheim, Terje Kvam og Rune Eckhoff kampar for SIL sitt A-lag. Alle er tidlegare Fjøra spelarar, og kan stå som eit prov på at Fjøra driv godt til trass for avgrensa ressursar. For oss er det viktig å vise at spel på Fjøra kan vere ein eit riktig skritt i utviklinga til å bli spelar på høgt nivå. Noko vi i neste omgang naturlegvis håpar skal gjere det endå meir attraktivt å spele for klubben vår.
Nettopp spørsmålet om korleis vi skal sikre stabil rekruttering til klubben er den største utfordringa FFK står ovanfor. Dette er noko vi jobbar aktivt med, og sjølv om det av og til kan følast som vi tek ei skritt fram og to tilbake, har vi god tru på at vi skal kunne presentere handfaste resultat av arbeidet i løpet av året som kjem.
Treningsfelt:
Styret har forlenga leigeavtalen med grunneigar Annstein Skjeldestad, og la
hausten 2005 ned ein del ressursar for å oppgradere treningsfeltet Annstein
Ground slik at det kan nyttast aktivt komande sesong.
Økonomi:
Til trass for ekstra utgifter for klubben i samband med FFK 2 i lokal 6.
divisjon vart 2005 eit bra år økonomisk sett. Vi driv nøkternt og har god
kontroll på økonomien. Sjå elles vedlagde rekneskap.
Avslutning:
Fjøra smykkar seg gjerne med uttrykket verdas minste fotballklubb. Vi har ikkje
eit stort medlemstal, men vi har eit godt renommé i Sogndal, og møter stor
velvilje både blant privatpersonar og næringsliv. Tusen takk til alle som er med
og støttar oss. Utan slik støtte i lokalsamfunnet hadde det ikkje vore mogleg
for Fjøra å drive vidare.
Sogndal
15.02.2006
Fjøra Fotballklubb
___________________________________________
Einar Kvam
Leiar
SPELARSTATISTIKK 2005
|
Namn |
Kampar |
Mål |
Assist |
Gult |
Raudt |
|
Vegard Ruud |
23 |
7 |
4 |
1 |
|
|
Rolf Vidar Hansen |
22 |
4 |
7 |
3 |
|
|
Daniel Kvåle |
22 |
|
1 |
2 |
|
|
Morten Hagen |
21 |
2 |
7 |
1 |
|
|
Jarle Flugheim |
21 |
|
2 |
|
1 |
|
Geir Ove Fosse |
21 |
|
1 |
|
|
|
Arild Underdal |
20 |
23 |
4 |
3 |
|
|
Ole Petter Hatlevoll |
20 |
1 |
2 |
5 |
|
|
Magnus Breilid |
20 |
|
|
1 |
|
|
Eldar Myren |
16 |
|
|
|
|
|
Torbjørn Ylvisåker |
15 |
|
|
3 |
|
|
Bjørnar Saue |
14 |
|
|
2 |
|
|
Einar Dons Brath |
11 |
3 |
1 |
2 |
1 |
|
Ronny Sahr Hamre |
11 |
1 |
4 |
2 |
1 |
|
Jim Are Hansen |
10 |
2 |
|
1 |
|
|
Johnny Gunnufsen |
8 |
3 |
2 |
2 |
|
|
Ronny Einan |
8 |
2 |
3 |
|
|
|
Bjarte Vatlestad |
7 |
3 |
3 |
1 |
|
|
Tore Gjerdalen |
7 |
2 |
1 |
|
|
|
Tore Madsen |
7 |
|
|
|
|
|
Øystein Hesjedal |
5 |
2 |
1 |
2 |
|
|
Morten Nes |
3 |
|
|
|
|
|
Helge J. Follevåg |
1 |
|
|
|
|
|
Jan Rune Årøy |
1 |
|
|
|
|
|
Totalt |
|
55 |
43 |
31 |
3 |
ADELSKALENDAR
Oversikt over kampar og mål for samtlege spelarar som har spelt minst 25 obligatoriske kampar (seriekampar, NM-cupen og FC-cupen).
|