
Foto:
Bjørn Egil Moldestad
Ole Morten Kvam spelte ein ok
kamp mot fylkets beste juniorar, og her han han god kontroll
på ein angripar. |
Kampen bar preg av tidspuktet på sesongen, og me såg at det er like
lenge sidan Fjøra spelte ein seriekamp til dei skal spele den neste. Me
skriv 4. januar og slik såg det ut også. Det er nok liten tvil om at dei
fleste Fjøraspelarane har ein del å gå på når det gjeld kondisjon. Dette
er me ikkje spesielt redde for, det pleier å løysa seg sjølv når
treningane no kjem i gong for fullt.
Sjølv om det vart tap i dag så viste Fjøra tidvis bra spel der det var
god bevegelse og presist pasningsspel. Fjøra var bra med så lenge
kreftene heldt og hovudet var kaldt. Men me såg også mangel på
konsentrasjon og mange undøvendige ballbrot i mot. Nokre av måla i dagen
kamp må kunne karakteriserast som heller billige.
Bra start av Fjøra
Fjøra kom best i gang i denne kampen og var det klart førande laget
spelemessig, men SFFK var farlege når dei braut Fjøra. Mellom anna så
varta Patrik Fritzon opp med ei fin redning heilt i starten etter eit
gjennomløp med ditto avslutning. Fritzon gjorde forøvrig sine saker godt
i denne kampen og han hadde også ei heilt utruleg reaksjonsredning litt
seinare i kampen.
Men det var Fjøra som var best i starten og etter kun 7 minuttar var det
klart for leiing til dei raude. Stian Solberg fekk eit langt oppspel som
han la flott attende til Ronny Einar på 30 meter frå SFFK-buret. Einan
kom i fart bakifrå, tok med seg ballen inn i boksen til SFFK og sette
ballen kontant bort i hjørna bak ein sjanselaus Lysne i SFFK-målet.
Berre minuttar seinare varta Fjøra opp med ein kjempekontring som nok
burde ha ført til eit nytt mål. SFFK hadde fått corner, men den vart
klarert langt av Ronny Einan. Klareringa fungerte som ei kjempepasning
til Stian Solberg som var på hugget oppe på topp. Han parkerte
SFFK-forsvaret og kom åleine med keeper Karl Edvin Lysne. Solberg prøvde
å skyta, men skotet vart flott redda av Lysne. Det spørst om Solberg
burda ha runda keeper, stor fart som han hadde.
Fjøra fortsett med å vera det førande laget og sjølv om SFFK prøvde seg
med god beinflytt og hurtig spel så var Fjøra med på notane og tetta bra
igjen. Fjøra greidde å stresse SFFK til å gjera feil også slik at dei
kunne setje i gang eigne angrep i frå gunstig posisjon. Slik som i den
19. minutten då Torbjørn Ylvisåker braut og sette opp Arild Underdal.
Underdal klinka til frå 25 meter og ballen small i tverrliggjaren og
over.
SFFK tok over
Etter 24 minuttar av 1. omgang så var SFFK svært nær utlikning. Dei kom
seg ned på kanten og fekk lagt ballen inn i feltet. Ballen gjekk via Ole
Morten Kvam og endra retning radikalt. Me såg ballen i mål, men på
mirakuløst vis greidde Patrik Fritzon å hindra baklengs. Som ein tiger
var han der og slo ballen til corner som det ikkje vart noko ut av.
Heilt på tampen av omgangen mista Fjøra konsentrasjon og det utnytta
SFFK og Bernt Norevik. Fjøra vart for ubeslutsomme utanfor eigen boks,
Norevik fekk ballen på 20-25 meter, forserte mot mål og ganske upressa
sette han ballen flott til side for Patrik Fritzon som lite kunne gjera
med den avslutniga. Flott gjort av Norevik, men sjølvsagt altfor
lettvindt.
Svak 2. omgang
Den andre omgangen var ikkje spesielt god sett med Fjøraauge. Dei sleit
ofsleg med posisjoneringa si, noko som mellom anna må tilskrivast at
fleire spelarar spelte i uvante posisjonar.
SFFK gjekk opp i leiinga etter 38 minuttar då dei utnytta ei svak
Fjørapasning i eige forsvar. Gisle Myhre vart spelt fri igjennom
forsvaret til Fjøra og prøvde å overlista målvakt Fritzon. Fritzon redda
forsøk nummer ein, men returen sette landslagsspelar Myhre i mål. Dermed
hadde SFFK snudd kampen. Omgangen var SFFK sin fullt og heilt og både
Bernt Norevik og nemnte Gisle Myhre fekk tidvis stor plass å boltre seg
på. Altfor stor plass.
Fjøra hadde einkelte sjansar i omgangen, men fekk ikkje til spesielt
mykje. Det var SFFK som hadde dei største sjansane i tillegg til det
målet dei fekk.
Litt betre i siste omgang
Sjølv om Fjøra også tapte siste omgangen så var det litt meir lyspunkt i
denne enn i den andre. Laget hang litt betre saman, men dei merka nok at
formen ikkje er heilt inntakt mot dei veltrena joniorspelarane.
Fem minutt ut i omgangen utlikna Fjøra på eit flott angrep der ballen
gjekk hurtig og på få touch. Roger Birkeland fann Sigurd Fardal Nes med
ei pasning. Nes kippa ballen vidare til Kyrre Mats Myren ute på kanten.
Myren slo ein flott ball igjennom til Arild Underdal som sette ballen
bort i hjørna. Der sat angrepsspelet godt.
Men det virka som at Fjøra hadde brukt opp kruttet for det var SFFK som
tok over og skapte sjansar. Etter 68 noterte me eit kanonskot i tverren
frå vel 20 meter. Etter 71 minuttar var det på ny klart for leiing til
SFFK. Ein ball vart slegen inn i bakrom til Fjøra. Ein SFFK-spelar stakk
imellom Sigurd Fardal Nes og Ole Morten Kvam og la ballen inn i feltet
til lirdølen Ole Johnny Cirotzki Voll som hadde ein einkel jobb med å
setja ballen i mål.
Sju-åtte minuttar seinare var det klart for nytt SFFK-mål, denne gongen
ved ein god Bernt Norevik. Men nok ein gong lyt me nok få lov til å
spørsja spørsmål om ikkje Fjøra burde ha avverga denne scoringa. Målet
kom etter eit langt oppspel med stuss i bakrom og gjennomløping. Ingen
Fjøraforsvarar var med på det gjennomløpet. Bjarte Hovland kom ut for å
prøva å avvergja, men ballen vart trilla til sides og bakfrå kom Norevik
og trilla ballen i tomt mål.
Mot slutten tok Fjøra seg litt saman og hadde ein stor sjanse til å
pynta på resultatet, men Johan Salveson lukkast ikkje med avslutninga og
skaut utanfor. Kampen ebba ut med fortent SFFK-siger.
Sluttord
Me får ta dette for det som det var, ein treningskamp og starten på ei
ny oppkøyring. Det er godt å vera i gang att! Fjøraspelarane fekk seg ei
skikkeleg treningsøk i dag mot juniorspelarar som virka svært godt
trena. Dei fleste av spelarane har hatt fullt program i haust då dei har
delteke i vinterserien for juniorar. Det har forsovidt også ein par-tre
av Fjøra sine spelarar.
Me tykte at Roger Hjellhaug, Patrik Fritzon og Ole Morten var positive i
dag, men har likevel lyst å trekke fram Ronny Einan som Fjøra sin
bestemann i dagens kamp.
Domar Jonny Skjerven hadde ein einkel dag på jobben og gjorde sine saker
etter boka til tross for at han ikkje hadde med seg assistentar på
sidelinene.
[Live:
Fjøra FK - SFFK jr.]
[Bilete frå
kampen]
Referat frå TMFK si heimeside
Referat frå Førde si heimeside
KAMPFAKTA
Fjøra FK - SFFK junior 2-4 (1-2), (1-1)
Sognhallen, 4. januar 2009, kl 14:00
Mål:
1-0, Ronny Einan, 7 min
1-1, Bernt Norevik, 29 min
1-2, Gisle Myhre, 37 min
2-2, Arild Underdal, 65 min
2-3, Ole Johnny Cirotzki Voll, 71 min
2-4, Bernt Norevik, 78 min
Gult kort:
Ingen
Domar:
Jonny Skjerven, Kaupanger IL
Tilskodarar:
Omlag 50 stk
Fjøra (4-4-2):
Patrik Fritzon
(Bjarte Hovland i 30 min) - Eilert Brox Holme (Johan E. Salveson i
66 min), Ole Morten Kvam, Roger Birkeland,
Roger Hjellhaug - Kyrre Mats Myren, Torbjørn Ylvisåker (Eilert Brox
Holme i 30 min), Jens-Ivar
Nilsen (Stian Solberg i 40 min), Ronny Einan - Arild Underdal og Stian
Solberg (Sigurd Fardal Nes i 56 min)
SFFK jr.
(4-5-1):
Karl Edvin Lysne - Thomas Ness, Gustav Valsvik, Thomas Starheim, Ivar
Løvik - Gøran Wigum, Gisle Myhre, Bent Norevik, Eirik Hovland, Sveinung
Frantzen - Eivind Grodås
Reservar: Stian Karlsen, Ole Johnny Cirotzki Voll, Lasse Orheim
Pedersen og sikkert fleire som eg ikkje har fått med meg.
|