FFK-SOGA

Det har vorte jobba ein del med å få skrive ned Fjøra-soga, og ein er komen langt på veg i dette arbeidet. Det starta i røynda opp alt i 1996, men kom ikkje skikkeleg i gong den gongen. Så, hausten 1998, starta arbeidet opp att og innsamling av stoff om klubben starta.

Fjøra hadde noko i sitt eige arkiv, men lokalavisene Sogn Dagblad, Sogn&Fjordane og S/SA (dei to siste vart slegne saman til Sogn Avis i 1993) vart tråla via mikrofilm for å finna alle referata som har stått om FFK. Altså nærare 75 år med mikrofilm er gått i gjennom og Fjøra sit i dag på eit ganske unikt ariv til å vera ein 3. divisjonsklubb.

På bakgrunn av dette materialet, intervju, samtalar etc. er soga for perioden 1973-1981 stort sett ferdigskrivne og desse kapitla kan du lesa her. Det vert stadig jobba med resten av soga, men det vil ta litt tid. Har du bilete, stoff, artige historiar kan du sende ein epost til redaksjonen.

Følgjande kapittel er klare. Kapitela er reviderte i høve det som ligg ute på den gamle nattstaden til Fjøra (PDF-filer og du må ha installert Adobe Acrobat Reader 4.0):

Kapittel 1 - Frå tanke til handling
Kapittel 2 - Skipingsprosessen
Kapittel 3 - Sesongen 1974 - Dei fyrste stega
Kapittel 4 - Sesongen 1975
Kapittel 5 - Sesongen 1976
Kapittel 6 - Sesongen 1977 - Endeleg opprykk
Kapittel 7 - Sesongen 1978 - Ungdomen viser veg
Kapittel 8 - Sesongen 1979
Kapittel 9 - Lausrivinga frå KIL
Kapittel 10 - Sesongen 1980
Kapittel 11 - Sesongen 1981